top of page

LITTERÆR PÅMINNING #3 - JON BERGHEIM (JO FOSS)

Jon Bergheim (1923-2007) var bonde på Bergheim i Breim, men han var også forfattar, med to bokutgjevingar: Villblomar (1997) og Sagt og gjort. Etterrakster (2001). Han brukte forfattarnamnet Jo Foss når han skreiv, eit namn lånt frå bestefedrene, førenamnet frå den eine, etternamnet frå hin.

Jon Bergheim hadde skrive mykje før han debuterte i bokform. Frå midt på 1970-talet finn vi dikt av Jo Foss i Firda Tidend, Firda, Gula Tidend og Bondebladet. Men innlegga hans i avisene var ikkje berre dikt. Bergheim hadde eit sterkt samfunns-engasjement og skreiv lesarbrev og kommentarar med spark til styresmakter og samfunnstrendar. Under EU-striden på 1990-talet kom det mange skarpe innlegg, både lesarbrev under eige namn og dikt signerte Jo Foss.

Jon Bergheim var ein lesande bonde, med vide interesser. Av forfattarar som han var særleg glad i nemnde han ofte Hans Børli, Olav H. Hauge og Jakob Sande.

Dikta i Villblomar spenner vidt i form, frå ordtak-liknande korttekstar til meir forteljande dikt. Den same breidda ser vi i tema: Her er kjærleiksdikt og naturdikt, samfunnskritikk og filosofisk undring, dikt om alderdom og om psykisk helse. Bergheim hentar emne til dikta sine like gjerne frå garden heime som frå den gamle historia. Og blikket hans spenner frå blomen i vegkanten til det uendelege universet.

I eit intervju med Bjørn Grov i Firda Tidend (12.7.1997) kommenterte Jon Bergheim boktittelen: Eg likar villblomar. Dei er ekte, gjev seg ikkje ut for for å vere meir enn dei er. Dei strir for livet mellom nyttevekstar og frekt ugras.

Sagt og gjort. Etterrakster er tredelt. Etter ein bolk med stubbar, forteljingar og fortal om liv og levekår i Breimsbygda gjennom historia, følgjer ei samling ordtak, uttrykk og seiemåtar frå heimbygda. Til saman 205 ordtak og 71 ord og uttrykk. I siste delen har han samla nokre fleire dikt, med tema og stoff som vi kjenner att frå debutsamlinga.

Jon Bergheim /Jo Foss sine to bøker er fine og verdfulle tilskot til den lokale litteraturen og til den lokale kulturhistoria. Og dei minner oss på ein fin forfattar som gjekk sterkt inn tida si, som engasjerte seg for ei betre framtid – samstundes som han heldt fast på banda bakover i tid og utover i verda. I Jon Bergheims dikt finn vi både gleda over det minste levande i naturen og ei spørjande holdning til dei store livsspørsmåla.

NOKRE DIKT AV JO FOSS

SKREDFARE

Når politikarar og steinar vert for runde i kantane

kjem skreda lett i gang.

INGEN ANGER

Eg har slite mykje i livet mitt, sa ein gammal mann.

Men det er vel ikkje noko å angre på?

FILOSOFI OG LEVEMÅTE

Filosofane i antikkken tenkte djupe tankar ved solefall.

Men slavane stunda etter mat og ein slurk vin før natta kom.

LESNAD

Håvamål har mykje visdom.

Jobs bok er skriven av ein filosof.

Mjukt som myrull kan rim og rytme kviskre om useielege ting.

DEN LÅGE ELDEN

No er det meste frå i går.

Dei store planane, slitet, vonene.

Dei store gledene, dei store sorgene. Den store attrå.

No brenn lyset roleg i staken.

Men blomane er helst fagrare enn før.

Dei små, små gledene er som villblomar langs vegen.

bottom of page