top of page

Pederhusveka 24

Screenshot 2024-05-16 at 14.28.10-fotor-20240516151038.png

Pederhusveka er den største aktiviteten i volum på Pederhuset. Den vert arrangert kring fødselsdagen til Peder Råd som var 14. juni. Målet med Pederhusveka er å gje publikum ei påminning den rike tradisjonen som var vore i området, og å bevisstgjere oss på eigne historier og identitet gjennom ulike kulturelle uttrykk.

På den første Pederhus-veka i 2019 var det også opning av huset, og vi hadde besøk av blant andre Linda Eide, kammerorkesteret Ensemble Allegria, Jørgen Sandvik, forfattar Ove Eide, barnebokforfattar Roald Kaldestad m.fl.

 

I tillegg var det eige samarbeid med barneskulane og stort fokus på det sosiale, m.a med flakedans. Over 100 spelemenn & -kvinner var på scena i løpet av opningshelgja. 

 

Pederhusveka 2020 vart avlyst grunna Covid-19. Det same skjedde med Pederhusveka 2021. 

Pederhusveka 2022 blei gjennomført 17. til 19.juni, med ein nyskriven konsert av saksofonisten Camilla Hole. Jazzmusikaren frå Breim jobba med verket «Eventyrferd» i over eit år før premieren på Råd. Andre gjestar og musikarar var Ragnar Hovland, Finn Tokvam, Elisabeth Gimmestad, Bjarne Bø, Torbjørn Netland, Ove Eide - og sjølvsagt Sigrid Moldestad sjølv. 

På programmet i 2023 fann vi mange fantastiske namn, som Endre Olsen & Hestehandlarane, Spindel, Nils Økland, Halvor Folgerø, Claus Sellevoll og mange andre. 

Pederhusveka 2024 står ikkje attende for nokre av dei andre åra, og presenterer eit stort og rikt utval av artistar og kulturmenneskje, så her er det berre å bli med til Breim!

bottom of page