top of page

Pederhuset

Pederhuset har namnet sitt etter spelemannen Peder Råd (1915-1997), som budde i huset heile livet. Han levde der saman med foreldra Kolbein og Helena Råd, og systrene Agnes og Tora. Peder Råd var ein av dei finaste spelemennene i området, og spelte i mange bryllup. Han var ein del av ei sterk tradisjonslinje av spelemenn i Breim - ei bygd som vert rekna som eit eige tradisjonsområde, med uvanlig mange spelemenn frå gamalt av. 

 

Peder Råd var ein av dei første læremeistrane til musikar Sigrid Moldestad. Huset vart ståande til nedfalls etter han døydde i 1997.  Etter å ha tenkt på det lenge, tok Sigrid kontakt med nevøen Gabriel i 2016 for få lov å ta vare på huset, og gjere det om til eit påminningshus. Eit lite kulturhus i bygda, rett og slett. Med velvilje frå familien Råd, mykje dugnad og entusiasme frå bygda vart huset opna 14. juni 2019.

 

Same dato som Peder sjølv vart fødd. 

 

Prosessen med huset har ført saman mange fine folk, og den rørande bi-effekten av arbeidet med Pederhuset har skapt ein ny sosial arena og møteplass for mange. Nye venskap og mange kaffikoppar med dertil historiefortellingar.. Livet er å ha eit prosjekt, sa nokon ein gong. I så fall har vi funne noko livsforlengande i Breim, med Pederhuset. 

Transp LOGO Spelemann.png
bottom of page