top of page

Pederhusveka 25

programPederhusveka25.jpeg

Pederhusveka er den største aktiviteten i volum på Pederhuset. Den vert arrangert kring fødselsdagen til Peder Råd som var 14. juni. Målet med Pederhusveka er å gje publikum ei påminning den rike tradisjonen som var vore i området, og å bevisstgjere oss på eigne historier og identitet gjennom ulike kulturelle uttrykk.

På den første Pederhus-veka i 2019 var det også opning av huset, og vi hadde besøk av blant andre Linda Eide, kammerorkesteret Ensemble Allegria, Jørgen Sandvik, forfattar Ove Eide, barnebokforfattar Roald Kaldestad m.fl.

 

I tillegg var det eige samarbeid med barneskulane og stort fokus på det sosiale, m.a med flakedans. Over 100 spelemenn & -kvinner var på scena i løpet av opningshelgja. 

 

Pederhusveka 2020 vart avlyst grunna Covid-19. Det same skjedde med Pederhusveka 2021. 

​

Pederhusveka 2022 blei gjennomført 17. til 19.juni, med ein nyskriven konsert av saksofonisten Camilla Hole. Jazzmusikaren frå Breim jobba med verket «Eventyrferd» i over eit år før premieren på Råd. Andre gjestar og musikarar var Ragnar Hovland, Finn Tokvam, Elisabeth Gimmestad, Bjarne Bø, Torbjørn Netland, Ove Eide - og sjølvsagt Sigrid Moldestad sjølv. 

​

På programmet i 2023 fann vi mange fantastiske namn, som Endre Olsen & Hestehandlarane, Spindel, Nils Økland, Halvor Folgerø, Claus Sellevoll og mange andre. 

​

Pederhusveka 2024 sto ikkje attende for nokre av dei andre åra, og presenterte eit stort og rikt utval av artistar og kulturmenneskje!

​

​Pederhusveka 2025 gjekk inn i historia som ei av dei beste nokon sinne. 

​

© Pederhuset

Rådavegen 90, 6827 Breim * Pederhusets Vener:  Org nr. 820 529 642 * Kontonr: 3633 57 53024 * VIPPS: 523488 

  • Facebook
  • Instagram - svarte sirkelen
Webansvarlig: @brakestad
bottom of page