top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #37 - LIDVALD STUBHAUG

Ove Eide

Lidvald Stubhaug var fødd 15. januar 1919 i Naustdal i Sunnfjord og døydde 19. november 2012 i Fitjar. Han tok eksamen ved Voss landsgymnas, gresklinja, i 1938. Deretter gjekk han lærarskulen i Levanger, med eksamen i 1940. Hausten 1940 og våren 1941 hadde han fleire kortare lærarvikariat, men frå hausten 1941 fekk han fast stilling i Vevring i Naustdal. Her var han lærar til 1949.


Sommaren 1941 vart Stubhaug fengsla av nazistyresmaktene og vart dømd til tukthus i to månader, skulda for å ha drive med anti-tysk propaganda i skulen. Han sat først i Bergen kretsfengsel og deretter ein månad i Ulven fangeleir utanfor Bergen.


I 1949 vart Stubhaug tilsett som lærar ved Rimbareid skule i Fitjar, og han var òg klokkar. Frå 1953 til 1986 var han skuleinspektør, etter kvart med tittelen skulesjef, i kommunen.


Stubhaug debuterte som forfattar med barneboka Mysteriet i Trolldalen i 1936, berre 17 år gamal. Dette er ei spenningsbok om tre gutar i konfirmasjonsalderen og deira opplevingar i fjellet gjennom ein sommar og ein haust. I åra 1936 til 1939 hadde Stubhaug fleire tekstar i Nynorsk Vekeblad, og i åra etter krigen hadde han mange dikt på prent i ulike aviser, blad og julehefte. Men først i 1993 kom den neste boka, Kone og mann i same spann. Dette er ei barnebok, der kjende eventyr er skrivne om i verseform. Eg fann, eg fann (2002) er ei bok i same sjangeren.


Stubhaug gav ut til saman åtte bøker. Fire av dei er samlingar av dikt og prologar som han hadde hatt på trykk i ulike publikasjonar eller hadde framført i høve jubileum og festar, dei eldste frå slutten av 1930-åra. I desse tekstane er naturen, bygda og bygdefolket, historia og kvardagslivet sentrale tema, stundom i enkle allegoriske framstillingar.


Breidalstunet (1998) er ei kulturhistorisk skildring av ein vestlandsgard før utskiftinga, formidla i forteljingsform, om ei skuleklasse som arbeider med eit stort lokalhistorisk prosjekt, der dei lærer om gardsdrift og levemåte i eldre tider.


Stubhaug er far til forfattaren Arild Stubhaug, fødd i 1948.


DIKT (frå Den gylne stunda, 2004)



DET ATTER FOR EIN DAG


Det atter for ein dag av dei som er meg mælte

som ville by meg gledestaupet, fylt til rand,

men eg skauv vekk, kring meg og mitt eg berre kjælte,

alt godt eg kunne gjort i dag, rann ut i sand.


Eg ville ikkje hjelpe, gjere vel mot andre

og deira sak var småtteri i styr og stell.

Det desse sa og gjorde var så lett å klandre,

men vesle tuva mi svall opp og vart eit fjell.


Lær du meg, Gud, at eg kan telje mine dagar

og visdom få i hjarta til å bruke rett

og sjå dei andre, ikkje blind forbi dei jagar,

men grip det gledestaup som framfor meg er sett.



BERGEN KRETSFENGSEL 1941


Der ute flyg fuglen og himlen er blå,

men eg er ein fange bak gitter og slå.


Eg høyrer kor fuglane tumlar seg fritt

og slik dei meg minner om det som var mitt.


Eg feberheit brenn etter arbeid med hand,

å verje og tene mitt hæltrakka land.


Å ville og kunne, men utestengd frå

at krefter brenn inne, lyt uløyst forgå.


Det er som å sveltast ved bordet i hel,

bli levande gravlagd og kjøvd i si sjel!


Som løva frå fridom i huset er sett,

i fyrstninga rasar og klorar i eitt,


men så når ho kjenner eit gitter av stål,

eit glasberg å klive, ho maktlaus gjev tol.


Slik ligg eg, men tankane no

vil krinse der ute og har ikkje ro.



DEI KVASSE ORD


Dei kvasse ord

svei meir enn knyttnevslag,

og sette spor

i mine andletsdrag.


Som ringar etter stein frå fjellsjøstup

ei skjelving breier seg i mine sjeledjup.



MEDAN EG VAR BORTE


For fjorten dagar sidan

gjekk eg på isen

over fjellvatnet.

I dag

då eg kom att,

var all isen borte.

Ved stranda

stod bjørker

med grønt lauv.



KJELDER

Britt Kringlen: «Lidvald Stubhaug», i Naustdal Sogelag: Sogeskrift 2015


Forfattarside om Lidvald Stubhaug på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»: http://forfattarar.sfj.no/lidvald-stubhaug/

 

Digitaliserte bøker av Lidvald Stubhaug på Nasjonalbiblioteket: https://www.nb.no/search?q=lidvald%20stubhaug&mediatype=b%C3%B8ker



MERKNAD

Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.


Comments


© Pederhuset

Rådavegen 90, 6827 Breim * Pederhusets Vener:  Org nr. 820 529 642 * Kontonr: 3633 57 53024 * VIPPS: 523488 

  • Facebook
  • Instagram - svarte sirkelen
Webansvarlig: @brakestad
bottom of page