top of page
Ove Eide

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #34 - WILHELM BØDAL

Wilhelm Bødal var lærar og forfattar og skreiv fleire bøker bygde på segner og historiske hendingar frå Indre Nordfjord. Han var fødd 15. april 1922 i Lodalen i Nordfjord og døydde 22. juli 1987 i Loen. Bødal voks opp i Lodalen og opplevde den store rasulukka i 1936, der 74 menneske miste livet, mellom andre far hans. Sjølv fekk han utmerking frå Carnegies heltefond for innsatsen sin under og etter ulukka.


Bødal tok examen artium ved Firda gymnas i 1942. Etter krigen gjekk han lærarskulen på Stord og Statens lærarskule i forming i Oslo. Bødal var lærar i Stryn kommune frå 1951, først i Rake krins (Loen), frå 1962 ved Stryn ungdomsskule.


Han tok over eit gardsbruk i Loen etter onkelen Ole Loen, forfattaren av boka Sportsfiske, 1932, og han dreiv Loen pensjonat frå midt i 1950-åra.


Bødal debuterte som forfattar med barneboka Skatten i Gullkistelen (1956). Seinare kom det ei barnebok til, ei novellesamling, ein romanserie i fire band og to diktsamlingar. Både i barnebøkene og i romanane byggjer forfattaren på segnstoff og historie frå heimbygda. Hovudverket er romanserien I skyggen av Ramnefjell (1968), Storeknut-Anders vandreren (1970), Gardesoldaten (1971) og Dødsrytteren (1972). I desse bøkene hentar Bødal stoff frå faktiske hendingar (mellom anna Lodalsulukka i 1936) og trekkjer inn historiske personar og segnstoff frå Indre Nordfjord. Dei ulike historiske hendingane blir støypte saman i ei handling lagd til siste del av 1700-talet. Kjernen i romanserien er forteljinga om Storknut-Anders, bygd på segner om ein kraftkar frå Lodalen som var gardesoldat i København.


I dei to diktsamlingane, Heimlege kvad (1975) og Vind og horisont (1977), henta Bødal stoff og motiv frå heimbygd og familieliv, med vekt på verdiar som respekt for tradisjonar, kjærleik til natur og landskap og gledene i kvardagslivet.


Bødal skreiv den første barneboka og dei to diktsamlingane på nynorsk, dei andre på bokmål.


TRE DIKT AV WILHELM BØDAL

(frå Heimlege kvad, 1975)



VISDOM


Oldingen sa


Eg har kjent sola varme

midtsommars

Eg har trødd

på mjukt grønt gras

høyrt fuglesongen

og fylgt skyers flukt

over kvelven

Eg har kjent arbeidsglede

og vore elska


Kva meir

har eg då i vente

av livet?



KVARDAGSKVAD


I kvardagen

skal det røynast

kva du duger til

Feststemt rus

kan avle skrytande storfolk

men kva er ofte det

Tankespinn og tull


I kvardagen

skal det røynast

om du held mål

Og verket etter deg

skal syne kven du var



MOLDTRÆLEN


Eg minnest deg vel

du stod i oppbrotet

der hakke og spett

slo gneistar

i steinfull jord


Du grov djupt

og jordtromen låg bak deg

i høge flak


Sjeldan såg eg du rette ryggen

anna enn når du vart kalla inn

til måls

med sveitterand langs luveskyggen

og over korsrygg og herdar


Du tenkte framover

med ubendig livsvilje

og arbeidsmot

Du tenkte på matauk

på gard og heim

som skulle gje levemåte

for komande slekter.

Smått gjekk det vel

men det muna

i umenneskeleg slit

og jorda vart gull for deg


I dag legg dei jorda til tusen slitarar

under betong og asfalt

utan tanke påkva ho er verd

og kva ho var meint til

frå Skaparens hand



KJELDER

E‑post frå Arild Bødal 24.2.2108


Ove Eide: «Wilhelm Bødal – ein introduksjon til forfattarskapen», Årbok 2019, Stryn: Stryn Historielag

 

Carl Lauritz Lund-Iversen: Ord gjennom år. Dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700–1986. Naustdal 1990


Forfattarside på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»: http://forfattarar.sfj.no/wilhelm-bodal/



Kommentare


bottom of page