

PEDERHUSET
Velkommen til heimesida til Pederhuset. Her finn du mellom anna litterære påminningar, podcastar frå Sigrid Moldestad, informasjon om den årlege Pederhusveka og mykje meir frå Pederhuset og Pederhusets Vener.
Ta gjerne kontakt om du lurer på noko - og hugs at Pederhuset skal vere eit hus til glede og nytte for både musikk og moro, men at det også kan nyttast som møtelokale og anna.
Velkommen inn til Pederhuset - på nett!

PEDERHUSVEKA 25
Pederhusveka 2025 har natur og blomar som gjennomgangstema. Naturen som kraft og inspirasjon, blomar og gras som nyttevekstar og medisin, mystikken kring sommarnatt og jonsok og den etterlengta sommardansen. Påminningar om at alt heng saman med alt.
Å "vere med" er viktig for å blomstre sjølv. Å kjenne felleskap i å lytte, reflektere, jobbe saman, skape, danse, lære, synge og spele. Slik blir vi ein del av noko større.
Pederhusveka er skapt med tanke på dette.
Billettar til nokre av arrangementa ligg allereie ute. Følg oss på Facebook for løpande oppdateringar. Velkomen til Breim i juni!
MEDLEMSKONTINGENT
Medlemskontingent for Pederhusets Vennar i 2024 er 300 kroner
VIPPS til 523488 eller innbetaling til kontonr. 3633.57.53024
Hugs å merke betaling med namn.
