top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #25 - FRIDTJOV URDAL

Fridtjov Urdal er fødd 22. mars 1952 i Bergen. Han voks opp i Årebrot ved Florø og er busett på Vassenden i Jølster. Urdal har inga formell utdanning etter folke- og framhaldsskulen, men var ei tid lærling ved Mo Jordbruksskule i Sunnfjord. Frå 1991 til han blei pensjonist i 2022 var han tilsett ved Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde (tidlegare Sogn og Fjordane kunstnarsenter) i ulike stillingar. I 1980-åra reiste Urdal med Riksgalleriet / Museet for samtidskunst, også der i ei formidlarrolle.

 

Urdal er ein mangfaldig og mykje brukt formidlar også utanfor institusjonen han arbeidde ved som kåsør, foredragshaldar og skribent,  med emne frå eit breitt spekter av norsk kunst- og kulturhistorie. Om skriftstykka sine seier han sjølv at han likar å sjå «korleis det ser ut på den andre sida». Derfor er han ofte uventa i kasta sine, med frisk biletbruk og frodig ordval – gjerne litt motstraums. Fridtjov Urdal er ein kunnskapsrik og levande forteljar, fast røtt i den folkelege forteljekunsten, noko som også viser seg i forfattarskapen.

 

Urdal har gitt ut to bøker med folkelege historier og vitsar frå Sogn og Fjordane, Båten som gjekk på tvers (1981) og Fluga på veggen (1983), og ei samling med ord og uttrykk frå Sunnfjord, På hogg å' belegg (1997, saman med Jan Petter Korsedal). Fritt etter Fridtjov (2015) og Ord i tide og utide (2016) er aforismesamlingar, ordtakliknande kommentarar til både aktuelle og meir varige samfunnsfenomen.

 

Saman med Rolf Losnegård skreiv han skodespelet Det var ein gong ein krig, som Sogn og Fjordane teater sette opp i 1982. Urdal har òg prøvd seg som skodespelar, i Jubelhornet av Rolf Losnegård, med tittel etter ei novelle av Jakob Sande, og i fjernsynsserien Fantestrekar i barne-tv (NRK Sogn og Fjordane 2001).

 

Urdal har vore fast spaltist i Firdaposten, Florø, sidan siste halvdel av 1980-åra, og han har vore ein sentral person i «Førde-revyen» sidan midt i 1990-åra, mest som manusforfattar.

 

ORD ETTER FRIDTJOV

(frå bøkene som kom ut i 2015 og 2016)

 

Ein kan ha mykje glede av å gremje seg.

 

Å dumme seg ut er ein uløyseleg del av ytringsfridomen.

 

Sjølvros er sikrast, andre kan ein ikkje lite på.

 

Trongsyn ser ein best hjå andre.

 

At ein kallar seg idealist, er ikkje noko formildande omstende.

 

At ein ville vel, er ei dårleg orsaking.

 

Det er i det feilfrie ein kjem det umenneskelege nærast.

 

Kva ein brukar nyord til? Løyne gammal meining.

 

Fast tru og fri tanke går sjeldan i hop.

 

Det er så mykje å vere arg for, ein når ikkje over alt.

 

Utan klokskap er kunnskap farleg.

 

Somme vert ikkje lærde kva dei lærer.

 

Ein uven er no ein som bryr seg.

 

Bra folk kan ein trygt ha til uvener.

 

Det har vore loge mykje for å hjelpe sanninga.

 

Medvind kan vere skadevêr, det og.



KJELDER

Mange samtalar med Fridtjov Urdal, gjennom mange år.

 

Forfattarside om Fridtjov Urdal på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane» http://forfattarar.sfj.no/fridtjov-urdal/

 

 

MERKNAD:

Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.

 

 

Comments


bottom of page