top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #24 - SIGURD NESDAL

Sigurd Nesdal var fødd på garden Frøholm i Stryn 27. mars 1915 og døydde i Oslo 12. november 2002. Nesdal var ingeniør, folkedansar og forfattar av både humoristiske vers og ei grundig bok om dei store ras-ulukkene i Lodalen i Nordfjord.


I ungdomen var Nesdal på vegarbeid før han byrja på utdanninga si. Han hadde eksamen frå Oslo elementærtekniske skole og frå Oslo tekniske skole. Ferdig utdanna var han først tilsett ved Noregs geografiske oppmåling, no Kartverket, før han begynte i Noregs vassdrags- og elektrisitetsvesen. Her var han tilsett fram til han vart pensjonist. Nesdal var redaktør av Fossekallen, eit meldingsblad for NVE, i 20 år.


I 1960-åra hadde Nesdal fleire innslag i NRK radio, både som kåsør og med program om folkemusikk. Humoristen Nesdal vart kjend landet over etter program som «Har du lyst, har du lov» og «Rorbua». Nesdal var mykje brukt som opplesar etter at han gav ut fleire samlingar dikt, der han skreiv vandresoger og folkelege historier om til tekstar med rim. Dikta i Vers (1987), Vers II (1991) og Vers i samling (1996) er prega av frodig humor, med vekt på kjønnsliv, situasjonskomikk og uventa vendingar. Versa til Nesdal har feste i folkeleg forteljekunst, i klar opposisjon til diktarar som «vrir og vrengjer på sjela si», slike som skriv dikt som vanlege folk ikkje skjønar, «sjølv med tolk» (sitat frå «Føreord» i Vers II).


Lodalen – fager og fårleg er ei bok om dei to store rasulukkene i Lodalen i Nordfjord i 1905 og 1936, der til saman 136 menneske omkom. Men Bødal fortel også om andre større og mindre rashendingar i dalen. Nesdal fortel ikkje berre om ulukkene og dei menneskelege tragediane knytte til rasa. Han formidlar òg kunnskap om kvardagsliv, historie, kulturliv, segner og turisme i Lodalen. Boka er rikt illustrert, med både gamle og nyare fotografi. Lodalen – fager og fårleg kom først ut i 1983, som bok nr. 125 i Norsk Folkeminnelag sine skrifter. I 2003 kom ei ny utgåve, med nokre endringar og nokre fleire fotografi, gjort ferdig av sonen Arild Nesdal.


Sigurd Nesdal var aktiv målmann, og sterkt engasjert både i folkedans og i fråhaldsarbeid. I 1974 vart han utnemnd til æresmedlem i Sogn og Fjordaneringen i Oslo for arbeidet med å finne fram, dokumentere og formidle dansen «Gamalt» frå Nordfjord. «Takka vere han vart dansen redda frå å verte gløymd, og dokumentasjonen vart eit viktig bidrag i det å føre både musikken og dansen vidare» (Sigrid Moldestad i Breim, 2023, s.30).


TRE DIKT



UTVAL


Ein bymann kom inn på bua,

og såg seg granskande kring,

han vurdera ho bak disken;

ho skjøna nok ingen ting.


Han sa at du kan vel finne,

her blant all dette rot;

eit par med innleggsåler

til ein alminneleg juletrefot.


«Nei, slikt har eg aldri sett du,

eg veit ikkje kva det er,

men vi har iallfall eit ypparleg utval

av smurning til dritstøvlar her.»



EFFEKTIV FORKYNNAR


Framfor Sankt Peter sto ein sjåfør og ein prest,

dei striddest om kven av dei som var best.

«Hr. pastor, eg ser på det de har gjort;

sjåføren går først gjennom himmelens port.

Han fekk fleire til omvending han enn du,

endå du preika godt den rette tru.

Preikene dine var gode og lange,

men når du preika, då sov mange.

Han køyrde mest som ein tulling å kalle, 

- men når han køyrde bussen, då bad dei alle!»



ALTERNATIV


Å banne skal ein helst ikkje gjere,

det fell så lett for born å lære.


Høyr kva han sa ein liten tasse

som nett var komen i første klasse.


«Du lærar skal vi be bordbøn i lag,

eller skal vi berre gje fan i dag?»



KJELDER

Telefonsamtale med Arild Nesdal 3.2.2019

 

Forfattarside om Sigurd Nesdal på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»: http://forfattarar.sfj.no/sigurd-nesdal/ 

 

Digitaliserte bøker av Sigurd Nesdal på Nasjonalbiblioteket, nb.no https://www.nb.no/search?q=sigurd%20nesdal&mediatype=b%C3%B8ker




MERKNAD:

Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.



Comments


bottom of page