Kristen Johan Vigdal var lærar, forsikringsmann og forfattar frå indre Sogn. Han gav ut fire diktsamlingar, frå 1906 til 1950.
Han var fødd 27. september 1882 i Fortun i Sogn og døydde 28. oktober 1974 på Nøtterøy.
Etter konfirmasjonen arbeidde Vigdal ei tid på heimegarden, før han gjekk folkehøgskule i Sogndal. Deretter vart det lærarutdanning i Volda, med eksamen i 1902. Den første lærarjobben var i heimbygda, skuleåret 1902–03. Frå 1903 til 1906 var han lærar i Salten, og i åra 1906–10 i Borgund på Sunnmøre. Her var han òg redaktør for Søndmøre Folkeblad i eitt år. I åra 1911–14 var han lærar ved Greaker skole, Tune i Østfold.
Frå 1914 til 1945 var Vigdal tilsett i forsikringsselskap, først i Gjensidige, seinare i Glitne, der han var den lengste tida. I nokre år, frå 1917 til 1922, dreiv han også eit gardsbruk i Eidsberg. Han vart pensjonist i 1945, men arbeidde også etter det som vikar i folkeskulen i Tønsberg.
Vigdal debuterte som lyrikar med Hjartetonar i 1906. Seinare kom det tre samlingar til, Von (1922), Sol og skygge (1924) og Ved åreelden (1950). Debutsamlinga har sterke appellar om ærleg arbeid og innsats for den nye nasjonen, som nyss hadde fått fridom frå unionen med Sverige. Det same engasjementet for land og folk finn vi også i seinare samlingar. Vigdal har tru på ungdomen, og på voksterkreftene i folket. Våren er eit mykje nytta motiv hos denne forfattaren, som også hentar stoff til dikta sine frå norsk historie. Han hyllar føregangsmenn som Henrik Angell (1861-1922: forfattar, idrettsmann, målmann), Idar Handagard (1874-1959: forfattar, målmann, fråhaldsmann) og Peter Slotsvik (1862-1924: forfattar, redaktør, første leiar i Noregs ungdomslag), og stader som Luster, Tyin, Borgund. Lærar-åra i Salten har sett spor i fleire dikt med motiv frå Nordland.
Diktet «Luster», også kalla «Song til Luster», frå Von har vore brukt som allsong i heimekommunen. Melodien er som i skillingsvisa «Moder jeg er trett». Komponisten Trygve Torjussen har sett melodi til diktet «Kark» frå debutsamlinga og har arrangert melodien for mannskor og orkester. Verket vart framført i NRK Radio i desember 1939, med Filharmonisk Selskaps Orkester og fleire mannskor.
LUSTER
(frå Von, 1922)
Eg veit ein stad tett innmed Jotunheimen,
der Lusterfjorden blånar djup og smal,
der tindarne stig upp av skoddeeimen,
og jøkulelvar fløymer grå i dal.
Eg veit ein stad med djupe, tronge dalar,
med hengeberg og fossefall og gil,
med store rare himmelhøge salar -
med bergtrolldans og huldrelåt og spel.
Eg veit ein stad, der fjorden femner grendi,
og grendi legg til fjorden kjælne kinn.
I væne heimar stullar ferme kvendi,
og der du guten djerv og godlynd finn.
Eg veit ein stad so grøn og fjelli kransar
dei væne volarne med gras av gull.
Den vesle åkerlapp, du snautt nok ansar,
gjev sunnanlandske frukter mogning full.
Eg veit ein stad med bjørkelider bjarte,
der talatrosten syng og gauken gjel.
Og kvite liljor gror i bergi svarte.
Og ungdomslyden liver fri og sæl.
Eg veit ein stad med blomerike hagar.
Som snøfall kvitnar bygdi kvar ein vår.
Med gode stille grøderike dagar,
når soli strålar varm frå himlen klår.
Eg veit ein stad, der folket hardt lyt kava,
men der dei ikkje gjev seg fyrr dei vinn.
Der guten fyrst lyt lære djupt å grava,
um mogne frukter han vil samla inn.
Det er den stad, der mor og far hev stulla
og havt sin lange, tunge, trugne strid.
Den stad dei sat og veslebarnet sulla
og hadde der sin lukkedraum so blid.
Og denne stad han alltid ljost vil smila
og vinka til meg kjær og varm og mild:
«Kom heim til meg når sjuk du tek til tvila,
og når du gjeng der trøytt og trenger kvild!»
KJELDER
P.M.: «Utflytterfolket. Lærer Kristen Vigdal, Ørsnes. Nøtterøy», Sogns Avis 20.12.1948
Forfattarside om Kristen Vigdal på nettstaden Forfattarar frå Sogn og Fjordane: https://forfattarar.sfj.no/kristen-vigdal/
Dei fire diktsamlingane er tilgjengelege på Nasjonalbiblioteket, nb.no https://www.nb.no/search?q=kristen%20vigdal
MERKNAD:
Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.
Comments