Bildekunstnaren Øyvind Botn (1928-2019) frå Stårheim i Nordfjord er eit velkjent namn for kunstinteresserte menneske på våre kantar. Han debuterte som grafikar på Vestlandsutstillinga i 1953 og deltok seinare på ei rekke utstillingar, både kollektive og separat. Bilda hans er innkjøpte av fleire offentlege institusjonar og galleri.
Men Øyvind Botn var også forfattar. Han begynte å skrive i konfirmasjons-alderen, og hadde tekstar på trykk i lokalaviser som Fjordabladet (Nordfjordeid) og Firda Tidend (Sandane). Forteljingane hadde gjerne illustrasjonar som han laga sjølv. På 1960-talet budde Botn ei stund i Oslo, og skreiv noveller og forteljingar til Nynorsk Vekeblad og Magasinet for Alle. Redaktøren i det sistnemnde, Nils Johan Rud, betydde mykje for han: «Eg lærde meir av ein samtale på fem minutt med Nils Johan Rud enn eg kunne klare å lære meg på eiga hand på to år.» På 1980-talet finn vi fleire Botn-tekstar i Sogn og Fjordane Magasin.
Handlinga i novellene og forteljingane er ofte lagd til bygdemiljø, der hovudpersonane gjerne står litt på utsida av samfunnet, åleine, originale. Som hos mange andre folkelivsskildrarar skriv Botn også om kjærleik på tvers av sosiale skilje. I fleire tekstar byggjer han på segnstoff, med innslag av mystikk og såkalla overtru.
I 1995 gav Øyvind Botn ut ei samling av dikta sine, Mellom dag og natt. Fleire dikt formidlar ei kjensle av einsemd, av å stå utanfor fellesskapen, men like mykje handlar samlinga om behovet for omsorg, varme og samhald. Det kan også lesast inn eit kunstnar-motiv i nokre av dikta: opplevinga av ikkje å bli forstått i eit samfunn som ofte ser på kunstnarleg verksemd som unyttig tidtrøyte. «Kultur løner seg aldri, men kunsten er livsnødvendig for menneska», sa han ein gong.
Boktittelen gjev assosiasjonar til kampen mellom lyse og mørke krefter – som vi kan finne både i oss sjølve og i samfunnet rundt oss. Men tittelen kan også peike mot å gjere val, anten det gjeld kreftene i oss eller rundt oss: «Enno ein sekund/har vi valet mellom dag og natt», heiter det i diktet som avsluttar samlinga.
NOKRE DIKT AV ØYVIND BOTN (frå Mellom dag og natt)
I dei mørke timane
lever vi
med nakne andlet
Når mørkret vik
listar vi fram
masker
og bur oss
på dagen
***
Dei glatte steinane
forma av vatnet si omsut
i tusund år
Du stryk over dei
med hendene
og skjønar kor stor makt
tålsemd har
***
I det fyrste
ljoset av dag
ligg det restar
av natt
i augo dine
Eg kjenner ikkje
dei vegar
du har fare
fram til denne morgon
Men eg veit
det ligg ein dag
fram føre oss
Den kan vi gå saman
***
Eg bed deg ikkje
om lovnader –
men ville du
halde handa mi litt
no når det kveldar
så skulle ikkje
natta bli så mørk
om eg vert åleine
***
Det ror ein båt på mørke fjord
inn under fjell
Kvilelaust han ror omkring
i seine kveld
og vatnet skvalar kring ei sorg
for kvart åretak han tek
er liv på borg
Kven er du roar – ingen ser
Vi berre høyrer ut i mørkret at du er,
at di seine ferd er lagnadstung
Er du framand, er du gamal, er du ung?
Om eg spør, så svarar ingen meg –
er det fordi så få vil kjenne deg
så få som tør veta kven du er.
Kanskje er du ein som står oss nær?
Så om vi høyrer nokon ro i natt
då skal vi ikkje late dører att
men opne skal vi stå ved vår strand
og kalla den som ror inn til land
***
Etterskrift
Vi vaknar frå
ein maredraum….
Ein gloheit vind
eit giftig regn
Tusund år….
Enno ein sekund
har vi valet
mellom dag og natt
KJELDER
«Øyvind Botn», forfattarpresentasjon i : Mellom dag og natt (1995), s. 56
Ove Eide: «Forfattaren Øyvind Botn», i Øyvind Botn: Mellom dag og natt (1995)
Ove Eide: «`Kultur løner seg aldri`. Bildekunstnaren Øyvind Botn debuterer med diktsamling», i Jul i Nordfjord 1995
Forfattarside på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»:
Comments