LITTERÆR PÅMINNING #9 - ELLING VANBERG

Elling Vanberg (1937-1993) er ei av dei mest særmerkte litterære stemmene vi har hatt i fylket vårt. Han skreiv mykje, heilt frå unge år, men først etter han var død, kom eit utval av tekstane hans i bokform. Tre band vart det: Dei lækjande urteorda (1994), Songen om dei store slettene (1995) og Grunnsteinar (1998). Den første hadde med eit utval fotografi av Oddleiv Apneseth. I den andre er Finn Egil Eide biletleg meddiktar, med eit utval måleri som ikkje er illustrasjonar, men «biletlege klangar» (Vanbergs uttrykk), som verkar saman med tekstane til ein heilskap. I lokalavisene hadde Vanberg mange debattinnlegg, korttekstar og dikt på trykk, helst under kunstnarnamnet «Ellivan».


Elling Vanberg var bonde på Vanberg i Olden, men hadde også erfaring frå andre yrke. Han arbeidde ei tid på Hadeland Glassverk, han var på vêrvarslingsskipet «Polarfront», og han praktiserte som skytebas, engelsklærar og var reiseførar for utanlandske turistar. I ungdomen gjekk han i målarlære hos den hollandske kunstnaren Dooijeward på Singerheimen i Olden, men ei sterk sjølvkritisk holdning gjorde at han slutta med målinga.


Vekslinga mellom kropps-arbeid og åndeleg verksemd var eit grunnvilkår for bonde-forfattaren frå Olden: «Å grave med tanken gjer det mogleg å grave i jorda utan å gløyme at ein bur på ei stjerne. Fysisk arbeid på si side gjer det mogleg å belaste ei einskild side av seg utan å ta fullstendig overbalanse», skreiv han ein gong. Ein annan diktar-bonde, Olav H. Hauge, skreiv noko liknande i dagboka si i 1962: «Nett det, ikkje sleppe taket på røyndi og kvardagen og pliktene, elles siglar du burt i draum og ørske, slik at dag og natt gjeng i eitt, vev seg saman til ein floke som du ikkje finn ut av (…) Eg har slava og arbeidt med grovarbeid all min dag. Det segjer deg sjølv at ikkje vert mykje studering og lærdom då. Men ein held seg i det minste nedpå» (Dagbok 1924-1994, band II, s. 377 og 379, Samlaget 2000)


Arbeidet, på og med jorda, er då også eitt av grunnmotiva hos Elling Vanberg. Og skrivinga var i alle år ein utveg innover, som han skreiv ein gong. Ein annan sjølvkarakteristikk var at han var dømt til livsvarig ettertanke. Ein slik lagnad gjev ikkje berre ro.


Vanberg ønskte å vere ein bruksdiktar, og dikta hans var fast røtte i lokale kulturtradisjonar, både i innhald og målform. Han var ein kresen, språkmedviten kunstnar som utnytta til fullnad dei store ressursane i folkemålet. Ofte la han skrifta nær opp til ei munnleg form, stundom skreiv han på rein olde-dialekt.


Men dikta hans peikar langt vidare enn det lokale: Gong på gong rører tekstane hans ved dei grunnvilkåra vi lever under som menneske. ”Dei store energiane i verda / ligg ikkje i høgdeskilnad mellom vassyter, / men i uløyste spenningar mellom menneskesinn”, heiter det i eitt av dikta hans. Ein annan stad skriv han: ”Den store dramatikken finn ikkje stad på havet eller i himmelrommet, men i mellomrommet mellom menneska”. Sitata viser beint inn mot eit tema han vende tilbake til, gong på gong: den viktige og vanskelege kommunikasjonen mellom menneska.


Men Vanberg var ikkje berre alvorsmann, han var også ein folkeleg humorist. Humoren kjem særleg tydeleg fram i det vi kan kalle folkelivsskildringar på vers, med råkande situasjonsbilde og målande personkarakteristikkar. Han skreiv også viser, og sette pris på at desse vart sungne i godt lag. Lokalt var han ein ivrig medlem av viseklubben i Stryn, som han skreiv fleire tekstar til.


I botnen for dette spennande forfattarskapet ligg eit sterkt medvit om ansvaret vårt som menneske og medmenneske på ei lita, sårbar jord:


Kvar dag seier eg til meg sjølv: Du er lekk i ei lang rekkje. I augneblinken er det du som går oppe på jorda i strid for deg og dine, i omsut for minnet åt dei som har gått bort og for utsiktene åt dei som enno ikkje er fødde. Å få ein ny dag er å få heile rekkja av eventyrlege mulegheiter om att. Hugs at dette ikkje er dine mulegheiter, hugs det er manneætta sine mulegheiter. Du er ikkje her som privatperson, du er her fordi det er di vakt. Same korleis det enn måtte sjå ut: Du gjev ikkje opp di ro, og du vik ikkje ein tomme.


Gjennom dikta og korttekstane sine bygde Elling Vanberg to store bruer. Den eine bind saman det lokale og det allmenne. Den andre går frå hans inste tankar og kjensler til våre sinn. Begge desse bruene er det verdt å prøve seg ut på.


Eit utval av Vanbergs dikt vart spelt inn på cd-en Ellivan i 2009, med musikk av Arve Henriksen. I samband med at Vanberg ville vorte 80 år i 2017, gav familien ut Heimkjenning, eit utval av dikta og visene hans. Meir om Elling Vanberg er å finne i etterorda til dei tre bøkene som kom ut på 1990-talet og i Jul i Nordfjord 2007


VANBERG-ORD

I Grunnsteinar er det samla eit utval korte formuleringar, fyndord og nokre større tekst-bitar frå forfattarskapen. Eit lite utval følgjer her:


Eg driv med det eg trur på, og trur på det umoglege.


Kvifor ser vi alltid oss sjølve nedanfrå?


Når eg får avisene i hendene, syrgjer eg over treet sin lagnad.


Er ein person gjort av ei verkeleg bra legering, så er han inst inne verjelaus.


Å ha ei stjerne å falle tilbake på kjennest godt i ei tid då gatelyktene har sløkt dei fleste.


Vi er ikkje her for å snøyde. Vi har fått eit lende til låns der vi skal prøve å opne farbare vegar. Vi er ikkje her for å institusjonalisere misunninga og stubbe alle strå i same høgd – men for å gje kvarandre styrke til å vere onnorleis.


EIT UTVAL VANBERG-DIKT (alle frå samlinga Dei lækjande urteorda)


Å, desse

standardiserte bestseljarane!

Eg saknar

Rosenstripsmennesket,

Signe Tillis

og alle dei andre

useljelege sortane

frå Edens hage


***


kvasst sinnje beirelle

varig nag

god einsemd beirelle

dårleg lag


beisk sanning beirelle

ronde ord

god uven beirelle

dårleg bror


litt keisemd beirelle

tidsfordriv

bra daude beirelle

dårleg liv


***

Vestlandet

skal leggjast ned

seiest det

og det likar eg lite

for det rare

ved å bu i slike

knudrete lende er

at her får du

ti toms lukke

or eit fem toms liv


***


Vona

er æveleg ung

har ikkje byrjing og endskap


eg vil koma på flødande sjø

gå att på veksande venskap


***


Du og eg (II)

å stogge når vi har røyvt

det som kjennest godt

gjer vondt


å gå eit steg vidare

røyve det som kjennest vondt

gjer godt


***


Gode år

tok seg aldri gongjen føre,

dei vart sette til livs på staden,

ikkje grubla meir på


Det var minnet om korleis vi greidde

dei vanskelege åra

som vart til vin


***


Å spøtte ut


jare gott

i grunnjen


du skakje tale

med prat

i munnjen


***


Du


I turrlagde brunnar flødde

atter den døyvde gråt.

Hjarta førde oss saman.

Orda skilde oss åt.


Vi vart i fylgje på ferda.

Såg deg tidt på min veg.

No vil eg slå deg på herda,

sitje teie med deg.

***


eg gjev alt eg fekk

går slik eg kom

men sit likevel att med

alle årstider

alle vêrlag

alle lys,

med namna eg fekk nemne

hendene eg fekk halde i



© Pederhuset

Rådavegen 90, 6827 Breim * Pederhusets Vener:  Org nr. 820 529 642 * Kontonr: 3633 57 53024 * VIPPS: 523488 

  • Facebook
  • Instagram - svarte sirkelen
Webansvarlig: @brakestad