LITTERÆR PÅMINNING #8 - JON TOLAAS

Jon Tolaas (1939-2012) er ein av dei viktigaste – og mest fascinerande – forfattarane frå Sogn og Fjordane. Han vart fødd og voks opp i Måløy, men flytte til Nordfjordeid etter avslutta studium ved Universitetet i Oslo. Her var han lektor i den vidaregåande skulen til han blei pensjonist.


Om oppveksten sin har han fortalt:

Eg voks opp i Måløy i ein fiskarfamilie som hadde stor glede av ord i både skrift og tale. Mor mi bar langsamt heim folkebiblioteket. Far min elska visse bøker av heile sitt hjerte og all sin hug. Gode forteljarar, folkenarrar og originalar var livsens salt i ein elles hard kvardag. (Jul i Nordfjord 1987)


Dette festet i munnleg forteljekunst ser vi hos Tolaas både i tale og skrift. Han var ein forteljar av Guds nåde, som ein gjerne seier, som fanga tilhøyrarane sine med eit oppkome av språkleg kreativitet, munter galskap og utfordrande innspel.


Som forfattar debuterte han med diktsamlinga Gjest i ditt tjeld i 1967. Til saman vart det 10 diktsamlingar, nokre også med prosainnslag. I tillegg kom to novellesamlingar og ei samling med ølbollerim frå Nordfjord. Dessutan var han sakprosaforfattar, med fleire bøker om draumar og draumetyding. Dei to siste bøkene hans kom berre på engelsk, The Conscious Organism (2003) og Evolution and Suicide (2005).


«Eg er ein mann som talar med mange tunger», sa Jon Tolaas ein gong om seg sjølv. Og bøkene hans fortel om eit rikt mangfald: Han blandar det høgtidelege og det kvardagslege, høgt og lågt, vakkert og ureint i særmerkte tekstar – anten det er lyrikk eller prosa. Samla fortel tekstane om at tilværet ikkje alltid er så lett – men hos Jon Tolaas er det, når alt kjem til alt, kjærleiken og varmen som sigrar, uttrykt som livslyst, erotikk, samhald og humor.

(Tolaas sin forfattarskap er grundigare presentert i «Etterord» av Ove Eide, i samlinga Dønningar, 2009)


EIT UTVAL DIKT AV JON TOLAAS


EVENTYR


Det var ein gong ein mann på Breim

som hadde fire døtre

og alle fire bodde dei

på odelsgarden Fløtre.


Den eine drog til Oslo by

og tre av dei til Drammen

men jaggu kom dei heim til Breim

på slutten alle sammen.


Den eine hadde smått med hår

den andre lukta portvin

den tredje hadde barn på laust

den fjerde var blitt snusfin


Og alle skrytte fælt av byn

og klaga over bygda

til dess dei gjekk i frø og sat

som limt på folketrygda


Den første dø av næringssorg

den andre datt på brua

dei siste for av silolukt

då jubla ungefrua

(Rapport frå reservatet, 1969)


BREV FRÅ NORDFJORD


Kjære deg

kom heim til Nordfjord

så snart du kan

i neste veke sprekk plommene


Du har vel plass til eit tynt lag

Rivers´s Early? Dogga, mørkeblå perler

som åpnar seg herleg mot ganen

gong etter gong

Reine Claude så fulle av saft at

elvane renn langs haka

Du står der med attlatne auge

og sukkar og nikkar i

siget av saft

Og Victoria, ja, Victoria

med holrom langs steinen

der tunga kan raspe og skjere

før du lar tennene gå i

det gullgule kjøtet


Kjære deg

kom heim til Nordfjord

så snart du kan

Vi treng magemålet ditt

Vi treng saftpressa di

I neste veke sprekk plommene

(To, 1986)


(SMERTE OG SKJØNNHET)


Ja, sjølv når du ligg der

i stålrørssenga, ei filledokke med

hovudet over smertegrensa

er du vakker


Du er enno atterskinet

av den store logen som

tenner alle blodkar

alle stjerner


Du er skumsprøyt

av det djupe båredraget

som kastar oss mot lyset

lar oss danse øre


og øyder oss, eit utbrent kjærteikn

Smerte og skjønnhet

ingenting anna enn

smerte og skjønnhet


eit lysande tvillingpar

som renn i kvarandre i

tallause former og splintrast

igjen og igjen ubønhøyrleg


Så meiningslaust

vilt og vakkert det er

vårt fingerknips av tid

vårt fivreld-sekund av æve

(Naglemerke, 1991)



VANDRING


Etter at han fann henne kald i senga

begynte den store vandringa mot yttergrensene:

frå stua til kjøkkenet

frå kjøkkenet til stua


Og langsamt, forferdeleg langsamt

steig det fram frå golvplankane

ei lysande plogfòr av einsemd

(Flodene og bruset, 1996)



GHANDI


Spinn ull, sa han. Spinn kvar dag

Spinn koloniherrane inne

Spinn makta inne

i sitt eige hovmot

med trådar av fridom!

Ingenting er sterkare enn ein

heimespunnen ulltråd! Lag klede av tråden

inga brynje er sterkare

enn den du har spunne sjølv

Og han spann. Og folket spann La hjulet gå rundt, smilte han

og peikte på sitt eige hjerte

Han gjorde seg sjølv om til

ein knoklete spinnerokk

med stram hud over

Og inne i der to glitrande auge

og ein ironisk smil

Kva meir skal til for

å binde makta enn ein tråd

av fridom som spenner

over heile jorda?

(Dønningar, 2009)

© Pederhuset

Rådavegen 90, 6827 Breim * Pederhusets Vener:  Org nr. 820 529 642 * Kontonr: 3633 57 53024 * VIPPS: 523488 

  • Facebook
  • Instagram - svarte sirkelen
Webansvarlig: @brakestad