top of page

PEDERHUSVEKA 26

TØNES til Pederhusveka!

Frank Tønnesen, betre kjend som TØNES har ei eineståande evne til å observere og formidle kvardagslege situasjonar. Med si blanding av humor og ettertanke har han skrive songar om alt frå gensere som er bak-fram, fluger på kjøkenbenken, og ikkje minst stor-hiten "Waldorfsalat". Han skriv songar der det enkle blir meir enn det kan virke som, rett og slett.

Frank Tønnesen har 11 album bak seg og påstår han er middels interessert i waldorfsalat, men ganske glad i ved, fuglar og fyrstekake… Han kjem til Pederhusveke i duo med Anne Lise Frøkedal. Kjend frå band som Familien, I was a King og sitt eige Frøkedal. Ho har spelt på fleire av platene til Tønes og er også ettertrakta produsent. Saman skapar dei konsertkveldar som aldri er heilt like, men som rommer ein heil eiga blanding av humor og ettertanke. Med andre ord perfekte for sommarkvelden i Breimshallen.

ToenesPederhusveka.jpg
203187100_2910757379191289_3795078910609928766_n.jpg

PEDERHUSET

Velkommen til heimesida til Pederhuset. Her finn du mellom anna litterære påminningar, podcastar frå Sigrid Moldestad, informasjon om den årlege Pederhusveka og mykje meir frå Pederhuset og Pederhusets Vener. 

Ta gjerne kontakt om du lurer på noko - og hugs at Pederhuset skal vere eit hus til glede og nytte for både musikk og moro, men at det også kan nyttast som møtelokale og anna.

Velkommen inn til Pederhuset - på nett!

MEDLEMSKONTINGENT

Medlemskontingent for Pederhusets Vennar i 2026 er 300 kroner 

VIPPS til 523488 eller innbetaling til kontonr. 3633.57.53024

Hugs å merke betaling med namn. 

Logo transperent.png

© Pederhuset

Rådavegen 90, 6827 Breim * Pederhusets Vener:  Org nr. 820 529 642 * Kontonr: 3633 57 53024 * VIPPS: 523488 

  • Facebook
  • Instagram - svarte sirkelen
Webansvarlig: @brakestad
bottom of page