top of page

LITTERÆR PÅMINNING #4 - MALMFRID LUNDE

Malmfrid Lunde. Det er nok ikkje så mange som kjenner namnet hennar i dag. Men ho var ein litterær pioner på våre kantar: Den første kvinna fødd i noverande Gloppen kommune som gav ut ein roman. Kvinner som skreiv før henne, valde helst lyrikk og høvestekstar til bruk i lokale samkomer, som prologar og skjemtesoger. Det var lettare å få tid til å skrive korte tekstar enn å forme ein lang roman. Og dei gav ikkje ut bøker.

Etter Lundes debut i 1942 gjekk det 37 år før neste kvinne frå Gloppen gav ut bok: Kari Arnestad med diktsamlinga Under Guds regnboge i 1979. Etter dette har ti kvinner med tilknyting til kommunen gjeve ut bøker. Det låge talet kvinnelege forfattarar finn vi også elles i regionen. Ser vi på nabokommunane, finn vi at i Stryn gav Siri Stauri ut ei bok om veving i 1890, og i Eid debuterte Karin Berg med ei forteljing i 1929. Ho gav elles ut fleire skodespel. I Jølster finn vi ingen kvinnelege forfattarar med bok før andre verdskrigen. Men det var skrivande kvinner i alle desse kommunane, dei uttrykte seg berre ikkje i bokform, men i lagsblad, lokalaviser og ulike hefte.

Malmfrid Lunde var fødd 15. januar 1901 på Hole i Breim. Ho gjekk lærarskule i Volda og var lærar i Jølster frå 1923 til 1962, lengste tida i Kjøsnesfjorden. Ho var gift med breførar Anders Lunde. Ho døydde i 1976.

I 1942 gav ho ut romanen Skøytebrevet på Fonna forlag, ei bok som fekk mange lesarar. Mitt private eksemplar viser at romanen var trykt i sju tusen eksemplar allereie første året. Boka er illustrert av Jostein Øvrelid, teikneserie-skapar og teiknar i mange vekeblad og aviser. Under pseudonymet Ronald Stone forma han teikneserien Ingeniør Knut Berg, ei sciencefiction-forteljing med tekst av Hallvard Sandnes. Øvrelid var svoger til forfattaren Jakob Sande, gift med søstera Mildrid.

Malmfrid Lunde skreiv tekstar både til kyrkjebladet i Jølster, «Hyrdingrøysta», og til lokalpressa: «I tale og skrift, poesi og prosa, har ho støtt ein kristen bodskap å bere fram», heiter det i minneorda i Firda då ho døydde. Her står det også at det nok kunne ha blitt fleire bøker, «om ikkje dei nære ting hadde kravd fyrste retten.»

Skøytebrevet har handlinga lagd til ein vestnorsk fjordarm, oppunder Jostedalsbreen. Hit kjem den nye dokteren med den unge kona si. Dei får tvillingar, men mora døyr og dei to borna veks opp morlause. Hovudhandlinga i romanen krinsar om å finne plassen sin i livet, noko som er konfliktfylt for dei ungdomane vi møter: Skal dei følgje fedrenes ambisiøse mål, som betyr lang utdanning eller skal dei følgje hjarte og evner, som peikar i heilt andre retningar enn mot det akademiske. Etter kjensleladde konfliktar løyser det meste seg til slutt. Dei unge får gjere sine sjøvstendige val og gå sine eigne vegar: Ein av ungdomen får realisert draumen om å bli musikar og ein annan vert handelsmann og skyssbåt-eigar. Ingen vert akademiserte!

To andre tema er dei unge som ikkje får kvarandre pga sosiale fordommar og draumen om sosial oppreising for ein urett gjort i foreldregenerasjonen.

Skøytebrevet er ei romantisk og melodramatisk forteljing, med klår bodskap: Lukke kan berre vinnast viss ein får følgje eigne hugmål og talent. Først då kan ein finne sin plass i samfunnet og tene større interesser enn seg sjølv – og foreldrenes ambisjonar.

Kjelder: Ove Eide: «Malmfrid Lunde», nettleksikonet www.allkunne.no Ottar Grepstad: «Jostein Øvrelid», », nettleksikonet www.allkunne.no Lærarkollega: «Malmfrid Lunde til minne», Firda 29.5.1976

bottom of page