top of page

LITTERÆR PÅMINNING #12 - KJELLAUG RÅD JOHNSEN

Kjellaug Råd Johnsen gav ut første boka si då ho var 76 år – og så kom det tre bøker til, i ein forfattarskap som både er særmerkt og innhaldsrik. Dikta og forteljingane hennar formidlar klåre verdiar, tufta på bahài-religion, verdsspråket esperanto (som ho lærte seg då ho var 70 år) og fredsarbeid.


Kjellaug Råd Johnsen vart fødd i 1925 på Råd i Breim, som den femte i ein søskenflokk på ni. Ein av brørne hennar var Kjell Råd som mange kjenner for viktig lokalhistorisk arbeid, med fleire bøker om støylar og støylsdrift i Nordfjord. På slutten av 1960-talet bygde familien Johnsen hytte på Råd, og her var dei i mange feriar.


Kjellaug Råd voks opp i to heimar frå ho var fire år. Vintrane budde ho heime på Breim og fekk skuletida si der. Somrane budde ho hos fars-søstera og mannen hennar på nyryddingsbruket Finnvika, like aust for dagens flyplass på Anda. Denne oppveksten har ho fortalt om i Barnet i Finnvika.


Etter verdskrigen var ho lærarvikar på Kvaløya i Troms eit par år før ho tok utdanning ved Statens Kvinnelige Industriskole og eit årskurs i barnepleie. Seinare utdanna ho seg til hjelpepleiar. Som ung ønskte ho å begynne på Kunstakademiet, men fekk ikkje støtte i heime-miljøet. Det var for mykje umoral og skam knytt til kunst og kunstnarar.


I 1950 gifte ho seg med Åsmund Johnsen, og dei busette seg på Kvaløya der han var lærar. I 1962 flytte dei til Gol, og der vart dei vart buande i vel 20 år. Her arbeidde ho ved eit internat for psykisk utviklingshemma barn. Så gjekk turen attende til Kvaløya, der ho budde resten av tida si. Her hadde ho arbeid på eit eldresenter ei stund. Kjellaug Råd Johnsen døydde i 2018.


Kjellaug Råd Johnsen var eit aktivt organisasjonsmenneske. På Gol var ho aktiv i både Amnesty International og Fremtiden i våre hender, og ho fekk «Kjerringa mot straumen»-prisen i 1981, utdelt av Hallingdal SV for hennar store innsats og engasjement i fredssaka. I Troms-åra var ho medlem i Nordnorsk Forfattarlag, og i 2003 hadde ho hovudrolla i kortfilmen «Den medbrakte fare», ein film som fekk to førsteprisar under ein filmfestival i Berlin i 2004.


Første boka hennar, Gåver frå Kosmos, kom i 2001 og er ei samling dikt. Nokre av dei er skrivne av sonen Ivar Johnsen. Tekstane formidlar ei oppleving av menneska som del av ein stor kosmisk einskap, der alt levande høyrer saman. Kjerneverdiar er fellesskap, rettferd og fred. Alt liv er deler av ein guddommeleg, heilag heilskap.


I Iveero Am (2003) har ho teke forfattarnamnet Klarino Rod Johnsen, eit namn som er tilpassa esperanto. Dette er ei todelt forteljing som inviterer til dialog med lesaren. Første del har eventyrpreg, medan del to fortel om reiser til ulike land; russiske Yakutia, Estland, India. Forfattaren opplever fellesskap gjennom esperanto og bahài, men ho skildrar også kvardagsliv, fattigdom, urettferd og elende i dei landa ho besøker.


Ein hovudbodskap er at jorda vår er i fare, øydelagd av krig, griskheit, vondskap og barbari. Motkreftene er kjærleik og samarbeid. Det er nødvendig å arbeide for ei ny jord, med nye verdiar. Og ho er optimist: ein ny tidsalder står framfor oss. Denne skal vere anti-kapitalistisk og tufta på bahai-religionens kjerneverdiar: kjærleik, fred og samarbeid. Bahài-visjonen byggjer bru og viser respekt for alle. Esperanto er kjærleiks- og fredsspråket som kan binde alle menneske saman.


Barnet i Finnvika (2012) er ei forteljing om oppveksten på Råd og i Finnvika. Boka er både kulturhistorie og viktig lokalhistorie: Forfattaren fortel om arbeid og daglegliv, om mangt som no er vekke. Vi får høyre om kjerving, rive mose og plukke neter, om små og store hendingar i eit barns liv, skulegang, gjestebod og julefeiring.


Naboen Peder Råd, han som budde i Pederhuset, er nemnt to gonger. Han «…hadde fele og var ein flink spelemann. Foreldra var veldig stolte av han» (s. 29). Som barn fekk Kjellaug høyre om nøkken i fossen, og ho trudde fast at nøkken var lik Peder i Innigard, for han var meisteren på fela (s.91).


Reiser i liv (2013) er ei bok med minne frå mange reiser i livet, mest frå eldre år. Her er kapittel om Bahài, som har teke opp i seg det beste frå alle religionar, og opplevingar frå fleire turar, ma ein tur til India, der ho er med på innviging av eit bahài-tempel. Framfor palasset Taj Mahal, eit av verdas meisterverk, fell ho i tankar: «Men når eg ser slike underverk, kan eg ikkje late vere å tenkje på dei namnlause kunstnarane og arbeidarane som arbeidde seg til døde» (s.16).

Andre turar går til Estland, Russland, Afrika, Svalbard og Cuba. Kjellaug Råd Johnsen formidlar glimt frå kvardagsliv og opplevingar saman med vanlege folk i landa ho besøkjer. På Cuba opplever ho mangt positivt, og ser på både Castro og Che Guevara som politikarar det er mykje å lære av.


I bøkene til Kjellaug Råd Johnsen snakkar ei radikal stemme til oss. Radikal i den opphavelege tydinga, «å ta noko ved rota». Som vaksen – og eldre – erfarer ho at mykje av det ho lærde på skulen – og seinare – ikkje stemmer med dei røyndommane ho opplever på reisene sine. Ho argumenterer for eit nytt og betre verdssamfunn, tufta på eit kjærleiksevangelium som knyter saman verdiar frå ulike religionar og verdisystem. Ein kjerne-reiskap i dette arbeidet – og i den nye tidsalderen – er esperanto, eit språk som kan løfte kommunikasjonen mellom menneska opp over det nasjonale – utan at det nasjonale vert gjeve opp.


(Kjelde til opplysningar om liv, utdanning og yrke: epost frå Åse Katrine Johnsen, 2.2.2021)


Nokre sitat frå bøkene hennar:

«Ho ville ikkje gifta seg, for ho såg kor ufrie dei gifte kvinnene var» (2012, s.145)


«Alt vondt stansar hos ei god kvinne.» (2012 s.131)


«Eit godt naboskap var den beste livsforsikring.» (2012, s.68)


«Skolen var tom og livlaus. Å sitje i redsle heile dagen, sitje i redsel for ikkje å halde mål, drepande var det for eit fantasifullt barnesinn.» (2012, s. 40)


«På denne vesle kloden bør menneskerasen sjå på kvarandre som eitt folk.» (2013, s.4)



«Esperanto vert kalla for fredsspråk, kjærleiksspråk og verdas andrespråk. Vi arbeider for at alle skal få ha sitt eige morsmål, og at alle skal få verdsspråket som andrespråk. Då stiller vi alle likt. Vel, la dei som ønskjer det, lære alle dei språk dei ønskjer. Men to språk er naudsynt for verdas fellesskap: esperanto og eins eige morsmål.» (2013, s. 37)


«Engelsk er eit maktspråk som kvar dag drep mange morsmål, i mange mindre land. Det har vore og er eit tyrannspråk. La oss vere observante på vårt eige språk. Står det i fare?» (2013, s.4)


Eg «... er ein del av guddommen og livet i og om meg.» (2013, s.6)


Draumen er at vi kjem «…bort frå barbariets tidsalder til kjærleikens tidsalder, der jorda er eitt land, og vi har ansvar for kvarandre.» (2013, s.6)


«På mine reiser i livet samlar eg på lukkelege gledesmil.» (2013, s. 91)


«Kjærleik er enkelt og greitt min religion, og Frans av Assisi si bøn er mi bøn.» (2013, s.83)


«Vi må ha folk som kan føre ein dialog, som kan vise ansvar og ha vidsyn til å sjå verda som eitt samfunn, eitt stort samfunn, med plass for eigenarten, kulturen og språket til kvar enkelt kultur. Då vil det bli slutt på barbariets tidsalder, med krig og legaliserte massemord. Dette er mine tankar, eg kjenner ikkje dine. Kvar står du?» (2013, s. 98)


«(Eg) er sterkt religiøs, utan å binde meg heilt til nokon religion. Kristi kjærleiksbodskap er for meg det største, saman med Frans av Assisi si bøn, og vidare Bahá’u’lláh sitt samarbeids- og arbeidsprogram. Dette er basis i mitt livssyn. (2013, s. 107)


I 2007 gav Nordnorsk forfatterlag ut antologien Helt øverst bak havet. Kjellaug Råd Johnsens dikt «Urtonen» opnar boka:


Urtonen i vår strupe

OOOooooooooooooooooooooooooooooo


Vinda frå lunger rensar lyd

Oooooouuuuuyyyyyyyyyyyyyyyiiiiiiiiiii


Universell rytme

aaaaaalalalalalallalalaAAaaAAAAAAAAA


Soltonen

lyyyyyyyyyyylyyyyyyytyyyyyyyyt


Leve

ÅåååååååååÅÅÅÅÅÅÅÅÅ


Lide

AåAååå AaaaååååAaaaååååAaaaåååå

bottom of page