top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #30 - AMUND MORK

Amund Mork var lærar, kulturarbeidar og bygdediktar. Han skreiv «Du Nordfjord» i 1931, diktet som har vorte nordfjordsongen framfor alle andre.

 

Amund Mork var fødd 15. desember 1884 i Oppstryn og døydde same staden 27. juli 1963. Faren var bonde og underoffiser i forsvaret. Etter folkeskulen gjekk Mork Fylkesskulen på Nordfjordeid, med eksamen i 1903. I 1908 tok han eksamen ved lærarskulen i Volda og var lærar i Stryn frå hausten same året. Lengste tida, frå 1916 til 1948, var han lærar i Erdal krins i Oppstryn.


Mork var aktiv i ungdomslagsrørsla og var leiar i Oppstryn ungdomslag i to år (1909 og 1914) og styremedlem i Firda ungdomslag 1914–22. Han var med i Oppstryn strykeorkester, der han spela fiolin. Mork var mykje brukt som prologskrivar i lokale lag og organisasjonar, og han hadde mange dikt på trykk i lokalaviser og blad. Tekstane hans er for det meste høvesdikt, prega av sterk kjærleik til Nordfjord og bygdene der. Ofte er dikta samtidskommentarar og/eller folkelivsskildringar.


I 1920 arrangerte Firda ungdomslag ein konkurranse om beste nordfjordsong. I juryen sat Marius Hægstad, Rasmus Stauri og Martin Birkeland. Det kom inn 59 tekstar. Mork fekk tredjepremie, med «Fagre fjellheimen opnar seg». Det vart ikkje delt ut førstepremie, men Elling Reme fekk andrepremie med «Signe den første som Nordfjord fekk skoda». I ettertid er det Mork sin song som har vorte mest brukt.


Mork gav ut berre éi bok, Vestavind (1931), eit utval av dei tekstane han hadde skrive til då. Mork skreiv også eit spelstykke for ungdomslag, Gull og grøne skogar, som var utklippsbok i Fjordabladet (Nordfjordeid) i 1924.


I nyare tid har Amund Morks «Du Nordfjord, min fagre og fjellsterke heim», med tone av Per Bolstad,  vorte den mest brukte av Nordfjordsongane. Songen vart trykt i Vestavind, men teksten var kjend og brukt lenge før det. Den kom med i Nordfjord: Songbok (Nordfjordlaget i Bergen, 1922), utan å ha vore med i song-konkurransen i 1920. Eit referat i avisa Nordfjord (25.2.1919) viser at songen blei sungen under eit møte i Nordfjordlaget i Bergen 29. januar 1919. Teksten er prenta i avisa, med datofesting: «Uppstryn, jolaftan 1918». At songen var kjend, kan vere ei forklaring på at han ikkje var med i Firda ungdomslag sin konkurranse i 1920.


I 2013 kom ei større samling av Mork sine prologar, songar og dikt, Nordfjord-diktaren Amund Mork – og samtida hans, redigert og med innleiing av Anny Berge Alsaker. Alle dikta frå Vestavind er med her.


TO NORDFJORDSONGAR AV AMUND MORK

 


FAGRE FJELLHEIMEN OPNAR SEG

 

Fagre fjellheimen opnar seg.

Ljuvlege Nordfjorden svingar

inn i landet og finn sin veg

vent under Gjegnalunds bringa

Langt inne solbjarte snøfjelli kyrr honom tvingar.

 

Feders veg ut til vikingferd.

Spegel åt grendene blide.

Batt ihop desse bygder her

alt ifraa eldgamle tider.

Gidrar og bliktar naar solstraalar leikar i lider.

 

Bredar glitrar i gull um kveld.

Blaablanke fjellvotni blinkar.

Bekkjer sildrar og fossar fell.

Havet – med rikdomen – vinkar.

Krunhjort i skogar – og villrein ved storbreden linkar.

 

Under fjellet, ved fjord og sund

og kring i fjellfriske dalar

hagar blømer og gamle tun

vyrdsamt um fedrene talar.

Attanfor høgaasen stølsgjenta hullar og hjalar.

 

Eg – lik fedrene – kjenner godt

at eg i kjærleik er bunden

til mitt Nordfjord i stort og smaatt,

radt ned til rosa paa runnen,

blakken og baaten og ljaaen og lidi og lunden.

 

Gamle Nordfjord, Gud signe deg!Mannsemne! her vil du finna

deg ein høveleg framtidsveg

saman med straaløygde kvinna.

Arven de ber paa er fullgod, og fram skal de vinna!

 

 

DU NORDFJORD, MIN FAGRE OG FJELLSTERKE HEIM

(slik songen stod i avisa Nordfjord 25.2.1919)

 

Du Nordfjord, min fagre og fjellsterke heim,

du fylgde meg ut i den framande sveim.

Eg ser dine kollar og nutar og tindar,

dei skogklædde aasar og grasgrøne rindar.

 

Nei aldri eg gløymer den glitrande fjord,

som sylvblank der inn gjenom fjellheimen foor.

So storfullt og stilt han um strenderne skvalar

og møtest med elvar fraa fjell og fraa dalar.

 

Eg minnest, eg minnest so mangt um meg sjølv

fraa den tid eg reika i bygd og paa støl:

um høyslaat paa vollen og sigling paa sjøen,

um blomar eg plukka der heime paa bøen.

 

Og tunet der heime eg ser det so klaart,

og stova og hagen og alt som var vaart.

Det leikar i hugen naar ute eg vankar.

Og tidt  ber det heimatt med hug og med tankar.

 

Me tidt gjekk paa stølen og fekk oss ein graut.

Og høyrde paa kulokk og lurlaat og raut.

Og seli var fulle av gjentor og gutar,

i fjellvotni spegla seg blaablanke nutar.

 

Eg minnest han far med dei manande ord,

og ho mor som gret daa fraa heimen eg foor.

Dei gav meg det bedste av alt det dei visste.

Gud hjelpe og styrke dei alt til det siste.

 

Gud signe daa Nordfjord fraa brede til hav,

og takk fyr slik fager ein heim du oss gav.

Lat lukka daa fylgja kvar mann og kvar kvinna.

Lat hugnad i heimen kvar nordfjording finna.

 


KJELDER

Anny Berge Alsaker: Nordfjord-diktaren Amund Mork – og samtida hans. Stryn 2013

Ove Eide: «`Eit teikn på kjærleik til heim og heimemål` – tre kapittel i soga om nordfjord-songar og nordfjord-dikt», Årbok for Nordfjord 2019, Sandane: Nordfjord Sogelag

Ove Eide: «`Gud signe daa Nordfjord fraa brede til hav`. Innhald og verdiar i nordfjord-songar og nordfjorddikt», Årbok for Nordfjord 2020, Sandane: Nordfjord Sogelag

Olav A. Loen: «Amund Mork», Bygda gav diktarsyn. 25 forfattarportrett. Trondheim 1970

 

Forfattarside om Amund Mork på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»: http://forfattarar.sfj.no/amund-mork/

 

Digital versjon av Vestavind. Oslo 1931, på Nasjonalbiblioteket https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2013111906066


MERKNAD:

Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.

Comments


bottom of page