top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #16 - FINN EGIL EIDE

Finn Egil Eide (f. 1940) er fødd og oppvaksen i Høyland i Rogaland, i dag i Sandnes kommune. Etter folkeskule, eitt år på folkehøgskule og gymnas i Sandnes var han lærar eit år, før turen gjekk til universiteta i Bergen og Trondheim, med studium i norsk, historie og pedagogikk. I åra 1973-74 tok han formingsutdanning ved Stord lærarhøgskole.

I 1974 kom han og familien til Nordfjordeid, og her har dei budd sidan. Eide har vore lærar på Fjordane folkehøgskule og ved Eid vidaregåande skule.

Finn Egil Eide var ei av drivkreftene bak skipinga av «Eidaskulen i grafikk», som starta opp i 1978. Her var han både dagleg leiar (saman med Inge Rotevatn), og fagleg og kunstnarleg leiar (saman med Jakob Klippen).

Bildekunstnaren For mange er Finn Egil Eide mest kjend som bildekunstar og keramikar. Debututstillinga var i 1975, på Galleri Intim i Sandnes. Sidan har det vorte rundt 70 separatutstillingar, og han har deltatt på vel 90 kollektivutstillingar. Han har vore representert på Haustutstillinga (1986) og åtte gonger på Vestlands-utstillinga. Eide har hatt fleire utstillingar i Mexico City, og i 2007 vart nokre av dikta hans omsette til spansk i det meksikanske kulturtidsskriftet Albatross Viajero. Det same nummeret av tidsskriftet er gjennomillustrert av Eide, med 25 teikningar, og attgjeving av eit måleri på framsida. Eide har hatt mange illustrasjonsoppdrag, m.a. for Sogn og Fjordane magasin – og til Odd Erik Lothes Blå song (cd, 2012).

Eide er innkjøpt av ei rekke institusjonar, både i inn- og utland og har bidratt til utsmykkingar av m.a. Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane, Yksnebjørheimen i Fjaler, Nordfjord Hotell (Nordfjordeid), Universitetssjukehuset i Stavanger og Casa de la Cultura (Mexico City).

Dialogar Som bildekunstar har Finn Egil Eide vore med på fleire bokprosjekt, ikkje som illustratør, men som meddiktar. Bilda hans står då i dialog med dei skjønnlitterære tekstane, utfyller dei, utvidare dei, peikar vidare. I møte mellom tekst og bilde oppstår noko nytt, noko anna enn uttrykka kvar for seg: Ord og bilde skal løfte kvarandre. Slike dialogprosjekt har han hatt med Jon Tolaas, Solveig Sindre og Elling Vanberg. Det største dialog-prosjektet Eide har vore med på, er likevel Under breen (1999). Saman med to andre kunstnarar, Astrid Myklebust (1934-2007) og Kirsti Ylvisaker (1942-2010), utvikla han eit samarbeid som førte fram til både bok og utstilling. I boka er Eide representert med 39 dikt og 16 bilde.

Skjønnlitteraturen Finn Egil Eide skreiv litterære tekstar frå unge år, og debuterte med Streif. Teikningar og kommentarar i 1987. Etter det har det kome fire samlingar til: Spor. Tekstar og bilete (1991), Illusjonen om desse samansette timane (1996), Horisontar (2007) og Eit tidsrom (2015).

«Som bitar av eit svar» var arbeidstittelen til den samlinga som kom til å bli heitande Illusjonen om desse samansette timane (1996). Formuleringa kan stå som ei god oppsummering av Finn Egil Eides litterære prosjekt – og kanskje for heile kunst-verksemda hans. «Kunsten er til for å utforske», seier han – og det er grunnspørsmåla i livet han leiter etter svar på: Kven er eg? Kven er vi? Kvar er vi på veg? Eit sentralt tema er undringa over kva som er bortanfor, eller utanfor, det vi kan erkjenne med kjøleg tankekraft og rasjonell innsikt. Ikkje alt kan gripast med ord og setningar, men finst likevel som erfarte opplevingar og sansingar. I eit spenn mellom nære, konkrete sansingar og store samanhengar lever vi liva våre, deler opplevingar og erfaringar – og gleda over kunst.

I utforskinga si hentar Eide stoff frå landskap og møte med menneske, frå mytar og religion, frå filosofi og kunst, frå sirkus og kvardagar. Om vi ikkje kan seie at det finst eit religiøst element i Eides lyrikk, så kan vi trygt seie at det finst ein metafysisk dimensjon.

For lesaren handlar det om leite sjølv i desse tekstane, etter sambandsliner, etter mønster, etter bitar til svar. Finn Egil Eides dikt er tekstar å gå i dialog med, tekstar der vi kan slå lag med forfattaren i undring over dette merkelege som både liv og kunst er.

EIT UTVAL DIKT

Det usagde

Det usagde kan vi stundom forstå. Det sagde kan vera tyngre å nå (1987)

Eg veit nok, vakre blom –

at du løyner eit svar

Om eg berre kunne hugsa

korleis spørsmålet var. (1991)

Som gatetre står vi i våre sirklar

og helsar lyset mellom høge hus

Som gatetre når vi kvarandre

med våre ytste rottrevlar (1991)

Lev vel og takk for no

Orda våre klinka saman som færingar

Dei ber oss med det usagde (1991)

Dei vog tankane til ei jente som var så lei av skulen

Det var tale om ein feilmargin på maksimum eit milligram

Ingen kunne sjå marginen

Ingen kunne sjå ideane

men alle kunne høyra fuglane der ute

for det var midt i mai. (1996)

Eg hugsar enno den vakre vasen Eit nesten uverkeleg fargespel i blå glasur

Eg kunne ane tommelfingerdraget over hankens feste

ein signatur men taket glapp

Eg samla skår for skår men forma mangla. (1996)

Attom sløret er me klovnar som ler av vår eigen dårskap

til me ligg under dyna Græt og lyttar til treet som skrapar mot veggen

I svevnen flyg me etter vår eigen lengt (2007)

Kvardagslege ord om vêr og vind Korleis dei hadde det der heime

Dei ynskte kvarandre ein god dag

Orda hang att

Noko viktig dirra og steig i deira eiga einsemd (2015)

Litteratur

Eide, Finn Egil: «Curriculum vitae», http://finnegileide.blogspot.no/

Eide, Ove (1993): «Skaparkrafta er sjølve livskjelda vår». Ein presentasjon av forfattaren og bildekunstnaren Finn Egil Eide», Jul i Nordfjord 1993

Eide, Ove (2010): «Kunst skal skape rørsle – eit møte med Finn Egil Eide», Jul i Nordfjord 2010

Eide, Ove (2015): «Mellom konkrete sansingar og større samanhengar. Om Finn Egil Eides lyrikk – og litt om kunstnaren og bilda hans». Etterord i Finn Egil Eide: Eit tidsrom. (Den litterære påminninga her er ein sterkt forkorta versjon av etterordet)

(PS: Det kan vere greitt å opplyse at kunstnaren F. E. Eide og artikkelforfattaren O. Eide ikkje er slektningar)

bottom of page