I Pederhuset på Råd heng det eit bilde av eit salongorkester. Ja, salongorkester er nok den mest treffande betegnelsen. Då bildet vart teke, truleg ein gong på 1930-talet, besto orkesteret av 9 strykarar, (6 fiolinar, bratsj, cello og kontrabass), to klarinettar og to trompetar. I tillegg var det dirigent. Orkesteret vart kalla Breimsmusikken, og det utvikla seg frå ca 1900 og fram til ca 1940 då det vart ein naturleg slutt med krigen.
Arne Hunskårs salongorkester
På bildet ser vi framme frå venstre Asbjørn Årdal, Per Støyva, Arne Hunskår (dirigent), Peder P. Reed, Ragnvald R. Reed. Bak frå venstre Alfred Kvile (cello) Bernhard R. Reed (bratsj), Gustav Råd og Kristoffer Reed (klarinett), Jon Sårheim og Olav Nyland (trompet), Petter G. Reed (son til Gabriel), Peder Råd (fiolin) og Arne O. Reed (kontrabass).
Initiativtakar for orkesteret må tilskrivast den driftige Gabriel Reed (1869-1957). Gabriel gjekk under namnet Skule-Gabriel sidan han var utdanna lærar, og faren vart kalla Nes-Gabriel sidan han var lærar på Nesstranda og hadde eit lite jordstykke der. Nes-Gabriel var ein uvanleg gåverik og lettlærd spelemann. Han inviterte Loms-Jakub og Heggerusten, to av dei fremste spelemennene i landet på 1800-talet til Nesstranda på 1860-talet, der dei braut jord og laga murar, og samla ungdomen til å lære slåttar om kveldane[1]. Dessverre døydde Nes-Gabriel berre 36 år gammal. Då budde han på Tinghaugen på Reed, og sonen Gabriel var berre 12 år gammal. Han vaks opp hos slekt i Utvik, og kom der tidleg i lære med Anders Reed (1849-1924) som var rekna som meisterspelemannen i Nordfjord.
Gabriel ville bli lærar som faren, og han reiste til Hamar og lærarskulen der. På Hedmarken var det eit spesielt musikkmiljø prega av «storgardsmusikken». Musikarar som Lars Hollo (1826-1902) og Oluf Melvold (1843-97) hadde eigne orkester som konkurrerte om spelejobbane når det var fest på storgardane og elles i bygdene kring Hamar. Desse orkestera hadde ei strykarbesetning med feler, gjerne bratsj, cello og kontrabass, og dei hadde blåsarar, oftast to klarinettar, gjerne ei fløyte og eventuelt ein trompet eller to. I tillegg brukte dei gjerne piano eller orgel som akkompagnementsinstrument dersom slike fanst der dei spelte.
Desse orkestera må heilt sikkert ha inspirert den unge Gabriel. På den tida han var på Hamar (1887-89) var også storspelemannen Anders Sørensen (1821-96) aktiv i området. Etter å ha vore musikar i orkester både i Oslo og København, livnærte han seg siste del av livet som musikar på austlandet, og sette tydelege spor etter seg i musikklivet der. Om Gabriel trefte han, veit vi ikkje, men det virker som om han tok med ein god del av det som Sørensen sto for i musikkopplæringa si tilbake til Breim. Han var grundig og nøyaktig, notekunne var viktig, og klassiske ideal låg i botnen for musikken. Sørensen presenterte seg alltid som Anders Sørensen, elev av Ole Bull, noko han også var[2].
Gabriel kom tilbake til Breim i 1889, full av idear og pågangsmot. Han starta kor, idrettslag, ungdomslag og skyttarlag, og han fekk og starta ein strykekvartett i 1897[3]. Der spelte i tillegg til han sjølv Matias Hole, Anton Støve og Rasmus Bjørnareim[4]. Instrument og notar kjøpte han frå Tyskland, dei måtte kjøpe lærebok for å finne ut korleis dei skulle stemme og spele bratsjen og celloen[5]. Repertoaret var nok mest klassisk, men det var truleg også ein del lokalt stoff som vart arrangert for kvartetten.
Litt etter litt kom det fleire instrument til, fleire feler, og etter kvart også kontrabass, klarinettar og trompetar. Per Støva var den fremste fiolinisten i orkesteret, og når Gabriel etter kvart ville trekkje seg tilbake, var det Per Støyva som var den som skulle vidareføre orkesteret[6].
Men så vart Arne Hunskår (1879-1952) spurd om han kunne ta over leiinga, og då som dirigent. Han var også utdanna lærar, frå Elverum, og han hadde organistutdanning frå Bergen. Han var den første organisten i Breimskyrkja tilsett frå 1903 (eit år før orgelet var ferdig) til 1951. Arne var symfonisk interessert, og repertoaret var nok i stor grad det klassiske, Schubert, Mozart og Beethoven, men også «lettare» meir salongprega musikk og dansemusikk. Det går spesielt gjetord om at dei spelte ouverturen til Kalifen i Bagdad. Dette er komplisert musikk, så det vitnar om at musikarane må ha vore dyktige. Stykket kan du høyre her
Breimsmusikken var kjend over heile Nordfjord, og dei var til og med til Florø på speleferd. Det går fleire historier om desse reisene, blant anna ei om då dei ein vinterdag skulle spele med kvartetten i Loen. Dei gjekk over fjellet til Utvik, og hadde kjelke med så dei rende nedover bakkane. Dei fortalde at dei mått holde instrumenta høgt så dei ikkje skulle bli fulle av snø. Frå Utvik fekk dei ein bonde til å skøyre seg på isen til Loen, og der på sleden øvde dei «heilt til fingrane var stivfrosne» fortel Gabriel Reed[7]
Vi veit ikkje når og korleis orkesteret slutta med aktiviteten, bildet som er teke, er nok frå tidleg på 30-talet, og det er rimeleg å tru at aktiviteten dabba av i åra før krigen.
Etter krigen starta Per Støyva eit ensemble med musikarar hovedsakleg frå indre bygda. Der var det feler, cello og trekkspel, og dei heldt det gåande til ut på 60-talet
I nedre Breim vart Breim Hornmusikk starta i 1945 (Sandane hadde hatt hornmusikk sidan 1892), og mange av dei som hadde vore med i Breimsmusikken skifta då over til blåseinstrument og vart med der. Breim Hornmusikk var i 19 slått saman med Sandane hornmusikk til Gloppen Janitsjar.
John Oddvar Kandal har røter frå det rike musikkmiljøet i Kandalen, og er også i slekt med Gabriel Reed. Han er elev av Peder Råd og Per Støyva som begge spelte i Breimsmusikken. Tidleg på 70-talet sette han i gang med opplæring på fele, og saman med unge og eldre medlemmer starta han det som dei igjen kalla Breimsmusikken. Då hadde dei også med trekkspel gitar og bass. Orkesteret har gjort det godt, både på kappleikar og konsertar, og var kjende for sit drivande og engasjerande spel. Dei spelte inn ein CD i Rainbow studio som dei kalla Kandals orkester: Breimsmusikk, og fleire av dei unge som var med der har hatt dette som springbrett for strålande karrierar innan musikk. Det er nok å nemne Sigrid Therese Moldestad, Randi Støyva og Siv Janne Fossheim.
[1] Sjå Ingebrikt Ness: Bygslemenn i Breim 1955 s 131-135 [2] Hogstad: Vals til tusen [3] Kjelde John Oddvar Kandal [4] Soga om Gloppen og Breim bd 2 s 443 [5] Soga om Gloppen og Breim s 443 [6] Kjelde John Oddvar Kandal [7] Soga om Gloppen og Breim s 444
Artikkel av Rasmus Reed
Comments