LITTERÆR PÅMINNING #11 - CAROLINE JUUL JØRSTAD
Caroline Juul Jørstad er vel eit namn dei færraste kjenner i dag. Ho gav heller ikkje ut mange bøker – berre to. Debutboka var ei diktsamling, Vilje de lya (1933). I 1939 kom Tireli tare, ei illustrert bok for elevar i første klasse på barneskulen. Det er diktboka frå 1933 som gjer ho til eit spennande møte, også i dag. Juul var den første kvinna frå Aurland kommune som gav ut skjønnlitteratur i bokform. Først i 1985, 52 år seinare, finn vi ei kvinne frå Aurland med bokutgjeving.
Caroline Juul vart fødd i 1892 i Aurland i Sogn, der faren var sokneprest i 40 år, frå 1884 til 1924. Ho tok eksamen ved lærarskulen på Hamar i 1914, og frå 1915 var ho lærar, først i Oslo, seinare i Aker. Caroline Juul var gift med Ivar Jørstad, og døydde i 1962.
Vilje de lya er ei samling tekstar som er tufta på rike kulturtradisjonar, formidla av ei sterk og særprega forfattar-stemme. Dikta er skrivne på dialektfarga nynorsk, med sterke innslag av sognemål, og i nokså frie strofeformer. Lyriske naturskildringar er ein av berebjelkane i samlinga, med bruk av stadnamn frå Aurland. Dikta er forteljande, i fleire tekstar med feste i naturmytiske segner og folketru. I forma er dikta tydeleg folkevise-inspirerte, med noko bruk av rim og oppatt-takingar, nesten som refreng.
I hovuddelen av samlinga, vel 90 av ca 130 sider, byggjer Juul på segnstoff og forteljingar knytt til natur og folkeliv. Her er både naturmystikk og dramatiske menneskelagnader, men forteljingane er langt frå romantiske. Juul skriv fram mørke krefter, både i naturen og hos menneska. Men dikta opnar også opp for livskrefter og grokraft. Vi får høyre om huldrer, bokkjen, hekser, sterk kjærleik, svik, drap, falske vitnemål og kamp på liv og død. Ein sentral verdi er den sterke livskrafta som forfattaren opplever i naturen – men også i seg sjølv.
Olav Dalgard skreiv om diktboka i Bok og bibliotek 1936, og samanlikna forfattaren med Aslaug Vaa, som han skreiv om i same artikkelen. Begge representerer «ei ny frigjord form for kvinnelyrikk». Om Juul sine dikt heiter det: «Det er lyrisk tale i frie strofar, og det er grunn til å sjå dette som eit feminint upprør mot det formbundne mannslege.» I dikta hennar finn Dalgard ei naturdyrking som kan minne om målaren Nikolai Astrup.
Tireli tare (1939) er ei godnatt-forteljing på vers, på bokmål, illustrert av Per Teigen. Også her finn vi påverknad frå folkediktinga, men samlinga er mykje meir konvensjonell i innhald og bodskap. Ungane må vaske seg og børste håret når kvelden kjem, før englane kjem og syng barna i søvn.
Om Caroline Juul Jørstad:
Olav Dalgard: «Den nynorske bokhausten 1935», i Bok og bibliotek 1936
Ove Eide: «Caroline Juul Jørstad», i nettleksikonet www.allkunne.no
FRÅ VILJE DE LYA
«Myrdun» (siste delen av diktet)
Songen min gjev eg til fjedli heime
med snø og bræ.
Songen min gjev eg til dalar og lidar
med angande blomar
og lauvtunge tre.
Songen min gjev eg til fjorden blå
der eg fyrste gong undrande såg
at Gud hadde ei sol i himmellandet
og ei som i vatnet symjande låg.
Eg veit, at inni fjedl og ner i fjordedjupni
og i kvar foss
som nett no rett or himmelkvelven sprett
der ligg den same
sterke, løynde makti
som i mitt eige hjarta brenn.
Til denne sterke livsens makt eg gjev min song.