top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #17 - HELGA LADEHAUG

Helga Ladehaug (1924-2015) vaks opp på Eikeneset i Stryn, der mora Bergljot var jordejente. Faren, Rasmus Øvre-Eide, var lærar i Vågå, så mora dreiv garden medan han budde vekke vintrane.


Helga Ladehaug var utdanna lærar, og hadde teneste fleire stader i Stryn kommune, mellom anna Rake og Storesunde. Ho begynte heller seint å skrive skjønnlitteratur, først rundt 1970 vart dette viktig for henne: «Det året opplevde eg ei slags krise i meg sjølv, kom lukkeleg ut av den og oppdaga at eg kunne skrive» (i Jul i Nordfjord 1989). Ho har sjølv fortalt at Folkeuniversitetet sine skrivesamlingar og Sogn og Fjordane Skrivelag var viktige for utviklinga hennar som forfattar.


Ladehaug debuterte med 15 noveller i 1994. Året etter kom diktsamlinga Steinar i bekken, og i 1996 Rapport frå reservatet, eit utval tekstar frå ei spalte ho hadde i lokalavisa Fjordingen, der ho kommenterte hendingar og opplevingar i samtida.

I novellesamlinga skriv Ladehaug fram kvardagsmenneske i situasjonar som kallar på både smil og alvor. Ein viktig bodskap er at vi alle er samansette: Under den overflata vi viser fram til andre, kan det leve eit heilt anna menneske. Vi er mangfaldige, med mulegheiter til både godt og vondt i oss. Med mild humor teiknar ho menneske med skavankar og lyte, bundne i sosiale spel, men med mulegheiter til å bryte ut. Dei veltilpassa er ikkje dei som ligg Ladehaug sitt hjarte nærast, heller dei som er litt utanfor, litt på sida.


Også i Steinar i bekken er det kvardagane med sine gleder og utfordringar som står i sentrum. Som i novellene viser Ladehaug ei fin evne til å gjenskape stemningar og opplevingar som lesaren kjenner seg att i. Samfunns-engasjementet viser seg som ei uro over utviklingstrekk i samtida, ei uro som kan grense mot pessimisme. Men dei byggjande kreftene finst også, i nærleiken til andre menneske, i kjærleiken, i naturen. Eit nytt tema er den kjærleiken som ein kan oppleve i alders år.


Dei to siste bøkene, Tre kvinner… og ein gard (1998) og Menn i Eikeneset (2001), er fine kulturhistoriske forteljingar om tre generasjonars liv og arbeid på ein gard. Ladehaug skriv slektshistorie, men dette er også tekstar om kvardagsliv og samfunnsendringar, slik desse kjem til uttrykk på eit gardsbruk og i eit lokalsamfunn på 1900-talet. I ein eigen bolk i boka om kvinnene finn vi fleire tekstar av mora, Bergljot Øvre-Eide, mellom anna om bunader, husflid, bryllaupssongar, handverksarbeid og spelemenn – og fleire segner som ho hadde samla inn i indre Nordfjord. Dette er verdifullt tradisjonsstoff.


Nokre tekstar av Helga Ladehaug



TOLV TONAR

Tolv tonar lagar

all verdens musikk


tjueni bokstavar

formar språket


og likevel –

min musikk og mine ord

søv i berg


alt eg har

er ei open hand

mot deg

som går forbi



PÅSKE


I skuggen av korset

veks ein fiol


men svart oljedrope sig

nedover morkna tre


gjennombløytte

sigarettsneipar

ved foten


gul gass har

drepe eit barn


Tilgjev dei ikkje Fader

– for dei veit kva dei gjer



UNDER BREEN


Stivna jettefot

står truande nær


mektige fossar

i avgrunns djup


men mygg surrar

vind raslar i strå


og maur kryp

mellom store steinar

under breen



STEINAR I BEKKEN


Det var dei same

runde steinane

endå meir slipte


i dag var det berre

ein liten bekk


eit heilt liv

rusar attende, og

fem år gammal

står eg her og græt

fordi eg gleid

på desse same, glatte

steinane



BRU


Der går ei bru

mellom oss

draumar, varme

og nærleik


ei vakker, luftig bru

full av fargar

av oss –


og langt borte kjem

kvardagen stigande

tung og grå – i

svarte sko



GJEV MEG EI HAND


Gjev meg ei hand

og slepp meg ikkje

når det blir mørkt


Hald meg fast

når foten glir

berg meg over elva


Ro meg over vatnet

leid meg inn i huset

den siste kvelden



KJELDER

Helga Ladehaug: «Dikt om kjærleik, venskap og samtid», Jul i Nordfjord 1989

 

Forfattarside på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»:

 

Digitaliserte utgåver av Helga Ladehaug sine bøker:

Comments


bottom of page