top of page
Ove Eide

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #50 - ANDERS A. LOTHE

Anders A. Lothe var fødd 23.12. 1875 på Lote i Nordfjord og døydde 23.1.1962 i Florø. Han tok lærareksamen på Viggo Ullmanns lærarskule i Seljord i 1896. Frå 1896 til 1900 var han lærar i Gloppen, så i Eikefjord 1901-1908 og i Sparbu 1908-1910.  Frå 1910 til 1915 var han redaktør av Firda Folkeblad i Florø. I 1915 vart han tilsett som lærar i Florø, og i den stillinga var han til han vart pensjonist i 1945. 

 

Lothe var stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet i to periodar, 1928-1930 og 1933-1940. Lokalt var han medlem av bystyret i Flora i mange år (1914 – 1947), mellom anna i formannsskapet, skulestyret og forliksrådet.

 

Lothe var med på å skipe Firda Mållag i 1899. Han var formann i to periodar og vart æresmedlem i laget i 1949. Han var også mellom dei som tok initiativ til å skipe Firda gymnas, som starta opp i 1922.

 

Anders A. Lothe debuterte i 1903 med forteljinga Aasefolket (eigen utgjevnad), men så gjekk det mange år før det kom fleire bøker – og då var det sakprosa han skreiv. Alle desse kom etter at han blei pensjonist: Skule-Jo og Heffermehl (1949), Målreisingssoga i Sogn og Fjordane (1950) og Soga um Lothe i Nordfjord («kosta og gjevi ut av lotsarane og andre ætta frå Lothe», 1958). I 1971 gav Flora Sogenemnd ut Skulesoga i Kinn prestegjeld gjennom hundrad år 1762 – 1860. I boka om Skule-Jo er Kjømeisterboka etter Skule-Jo teken med, saman med nokre åndelege songar og salmar. Målreisingssoga, forteljinga om Skule-Jo og soga om Lote-bygda kan lesast ein trilogi – med tre perspektiv på historia.

 

I storverket Målreisingssoga i Sogn og Fjordane gjer Lothe for arbeidet for nynorsk mål i alle kommunane i Sogn og Fjordane, med særleg vekt på skulemålet. Han dokumenterer med stor grundigheit viktige hendingar som har med nynorsk og målsak å gjere. Siste delen av boka er bygt opp som eit leksikon der Lothe i alfabetisk rekkefølgje skriv om 125 «rudningsmenn», personar som har vore viktige i arbeidet for nynorsk i Sogn og Fjordane.  For Lothe er målsaka eit heilt nødvendig ledd i kampen for nasjonal og kulturell sjølvhevding: Utan eit eige norsk språk er ikkje nordmenn eit fritt folk.

 

I  Skule-Jo og Heffermehl skildrar Lothe konflikten mellom presten Heffermehl og kyrkjelyden, personifisert gjennom bonden, læraren og kyrkjesongaren Jon Jonsen Hyenæs (1805-1884). Ei sterk misnøye med presten førte til at det vart sendt bøneskriv til kongen, med krav om tiltale mot Heffermehl. 258 menn skreiv under, men etter kvart som konflikten utvikla seg, vart Skule-Jo ståande åleine mot presten og embetsstaten – og måtte ta alle støytane sjølv. Saka mellom Skule-Jo og Heffermehl kom til å gå i rettsapparatet i sju år, frå 1851 til dom i Høgsterett i 1858, der Skule-Jo lei endeleg nederlag. For Skule-Jo betydde rettssakene økonomisk ruin – og han engasjerte seg aldri meir i offentleg styre og stell.

 

I målreisingssoga er den nasjonale reisinga hovudtema, i boka om Skule-Jo er det klassekamp det handlar om: ei underklasse som reiser seg mot overklassa si undertrykking. Anders A. Lothe ser striden mellom Skule-Jo og Heffermehl som ein konflikt mellom bonde og embetsmann, ein klasse- og kulturkonflikt som var tydeleg gjennom heile 1800-talet i Noreg. I soga om Lote-bygda viser så Lothe fram det han såg som ein fullkomen samfunnsskipnad.

 

I Soga um Lothe tek forfattaren oss med på detaljrike vandringar i bygda, frå hus til hus, frå slåtteteig til støylskvie, frå beitemark til åkerreine. Og han fortel levande om skuledagar, store høgtider, kyrkjeferd, jektefart til Bergen, foreiningar og lag, samhald og dugnad. I sum gjev denne boka lesaren gode kunnskapar om liv og arbeid i det gamle bondesamfunnet, slik det var i mange bygder på Vestlandet eit godt stykke inn på 1900-talet.

 

Men Lothe vil meir enn berre skildre forholda i bygda. For han er dette eit idealsamfunn, eit klasselaust samfunn der makta ikkje kom ovanfrå. Frå gamalt av hadde bygda ein samfunnsskipnad prega av «..likskap og samhald,  – utan styrar eller styre og utan overklasse og underklasse,  – med faste, uskrivne lover, – moralsk, sosialt og politisk. Det var soleis eit anarkistisk-kommunistisk samfund – eit mynstersamfund» (s. 51, Lothe si eiga framheving). Ingen var rike, ingen var fattige, ingen leid naud.

 

Anders A. Lothe sine bøker er prega av grundig dokumentasjon, lange utdrag frå kjelder og eit sterkt verdi-engasjement.

 


KJELDER

Denne artikkelen er ein sterkt nedskoren versjon av min «Anders A. Lothe – radikal målmann og politisk historikar», i Årbok for Nordfjord 2013.

 

Striden mellom Skule-Jo og Heffermehl har eg skrive om i Ove Eide (red): Vereide kyrkje. Kyrkjestad og kyrkjelyd gjennom 850 år (2014).

 

Forfattarside på nettstaden «Forfattarar i Sogn og Fjordane»:https://forfattarar.sfj.no/writer/anders-lothe/

 

Digitaliserte bøker av Anders A. Lothe på Nasjonalbiblioteket:

Comments


bottom of page