top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #49 - HÅKON GAUSEMEL

Håkon Gausemel var fødd 8.5.1921 i i Hornindal og døydde 9.3.2004 i Førde. Han voks opp på ein gard, og inntrykk og opplevingar frå garden og bygda vart råemne for forfattarskapen.

 

Etter snikkarskule i Hornindal gjekk Gausemel realskule og gymnas på Nordfjordeid. Han begynte på lærarskule i Volda, men måtte gje seg på grunn av sjukdom. Han var likevel lærar ei tid, i Otterdal og Markane. Frå 1953 til han blei pensjonist i 1985 var Håkon Gausemel jordskifteteknikar i Førde.

 

Gausemel debuterte som forfattar i 1951 med ei samling forteljingar: Like for like, og følgde opp med ei ny samling i 1957: Over fjellet. Begge samlingane har undertittelen «Skisser frå grenda.» I forteljingane byggjer han på lokalt stoff, segner og folkelege forteljetradisjonar. Replikkane er gjevne att på dialekt, og han nyttar ofte gamle ord og uttrykk.

 

Gausemel gav også ut tre diktsamlingar: Fár i graset (1954), Det prata stilt (1973) og Så rart (1987). Her finn vi mange av dei same motiva og tema som vi kjenner frå forteljingane. Mange av tekstane er minnedikt, om tider som har vore, men han har også med kjærleiksdikt, stemningsdikt og nokre med meir eksistensielle tema. Både i dikta og forteljingane er Gausemel formidlar av bygdekulturen slik han hugsa den, og av folkelege forteljemåtar – med skarpe karakteristikkar, humor og råkande bildebruk.

 

I tillegg til bøkene skreiv Gausemel tekstar som vart trykte i julehefte, årsskrift og lokalaviser. I Hornindal Historielag sitt Årsskrift skreiv han om nokre av spelemennene i heimekommunen: Lars Kroken (1807-1889), Magne Maurset (1824-1915), Lars Grov (1854-1932) og Lars Tomasgård (1865-1946).

 

NOKRE DIKT

 


SETREVEGEN


Eg kan hugse setrevegen

kor vi gjekk der eg og far

når vi skulle stad å gjæte

eller stad å skjere gard.

 

Ujamn, steinet, full av dike

gjekk han over mo og myr.

Han var vorten slik med åra

etter trakk av folk og dyr.

 

Somme stader var det kvile

og der sette vi oss ned

slengde børene i frå oss

kvilde oss ei stund i fred.

 

Når vi kom på setrehjellen

var det ikkje langt igjen

og vi kunne sjå det blenkte

vent i setreglas og tjern.

 

No er setrevegen borte.

Tida skifter litt om senn,

ingen gjekk på setra lenger

og så grodde han igjen.

(1954)

 


ELSK


Einaste deg kan eg elske,

deg som eg hadde så kjær.

Endå eg veit at eg aldri

meir skal få vere deg nær.

 

Det at eg aldri kan få deg

gjer ikkje frå eller til.

Alltid så tenkjer eg på deg,

endå eg helst ikkje vil.

 

Kanskje du eingong går einsam

att for deg sjølv liksom eg.

Kanskje du først då vil skjøne

elsken eg hadde til deg.

(1973)

 


URA


Mannen går gjennom ura.

Stupet er tett attmed.

Mannen kjenner seg føre,

vil ikkje ramle ned.

 

Mannen traskar og traskar,

ura tek aldri slutt.

Mannen blir trøytt og modlaus,

ynskjer han kunne snutt.

 

Brått så dyn det i ura,

mannen blir ille ved.

Ura byrjar å glide,

mannen blir dregen med.

 

Mannen kavar og kavar,

famlar kring etter tak.

Ura og stupet møtest,

gløyper mannen i lag.

(1954/1973)

 


KJELDER:

 

Ove Eide: «Forteljingar frå grenda – litt om forfattaren Håkon Gausemel og forfattarskapen han», i Jul i Nordfjord 2011

 

Paul O. Tomasgard; «Håkon Gausemel (1921-2004)», i Hornindal Historielag: Årsskrift 2004.

 

Forfattarside på nettstaden «Forfattarar i Sogn og Fjordane»:https://forfattarar.sfj.no/writer/hakon-gausemel/

 

Digitaliserte bøker av Håkon Gausemel på Nasjonalbiblioteket:

 

Comments


© Pederhuset

Rådavegen 90, 6827 Breim * Pederhusets Vener:  Org nr. 820 529 642 * Kontonr: 3633 57 53024 * VIPPS: 523488 

  • Facebook
  • Instagram - svarte sirkelen
Webansvarlig: @brakestad
bottom of page