top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #48 - RAGNHILD SKÅR NESJE

Ragnhild Skår Nesje (fødd 3.1.1917, død 19.12. 2003) var frå Oppstryn. Foreldra dreiv gard  på Mindresunde, men pakta vekk bruket i 1920 til Stryn kommune. Her vart så Mindresunde jordbruksskule etablert.

 

Ragnhild Skår vart tidleg bokleg interessert, og begynte å skrive dikt allereie i ungdomen. Men skulegang vart det helst lite av: berre framhaldsskule og husstellskule etter folkeskulen. I mellomkrigstida var det ikkje så vanleg at jenter fekk utdanning, og det var lite pengar blant folk flest. Ragnhild Skår vart gift med Oddmund Nesje, som var skomakar og dreiv med pelsdyr.

 

I vaksen alder heldt ho fram med skrivinga, og har sjølv trekt fram losjen og lagsbladet der som viktig forum for skrivinga. Seinare fekk ho mange tekstar på prent i Fjordingen og i Sunnmørsposten. Ein viktig møteplass og eit inspirerande miljø fann ho gjennom Sogn og Fjordane skivelag sine kurs. Her fekk ho møte andre med same interesser, med røynde forfattarar som  Eldrid Lunden og Arne Ruste som lærarar.

 

Dei første dikta ho skreiv, var i bunden form og ho leverte mange prologar og songar  til lag og organisasjonar i lokalmiljøet, og til bryllaup og andre samkomer.

 

Sjølv om ho skreiv frå unge år, debuterte ho først i 1987, 70 år gammal: som fuglar flyr (Sogn og Fjordane Forlag), ei samling dikt i frie former. Men ho hadde vore med i bøker før. Diktet «Ville blomar» kom med i Gyldendal Norsk Forlags Debutant-antologi 1976, og i samlinga Diktet mitt som Landbruks-forlaget gav ut i 1977, finn vi «Eldhuset». I 1978 gav Fjordingen ut samlinga Såg du mi bygd... Dikt frå fjell, bre og Indre Nordfjord. Her har ho med seks dikt.

 

Etter debutsamlinga kom Inspirasjon til gleda. 25 songar med tonar av Sverre Walde i 1988. Medan dikta i debutboka er tekstar i frie former, har ho her samla dikt i bunden form.

 

Ragnhild Skår Nesje vart inspirert til skrivinga av det ho såg og opplevde rundt seg. Mange av tekstane er derfor knytte til samtida, til spørsmål som forureining og utkantspørsmål. Sjølv sa ho om skrivinga si:

«Eg tek opp emne som er i tida, men politikar er eg ikkje. Utviklinga skremmer meg. Forureininga går over alle grenser, det gjeld både jord, luft og vatn. Eg må nesten bruke så sterkt eit ord som at undergangen nærmar seg. Det er pengeinteressene som spelar inn alle stadar, dei gjennomsyrer smfunnet vårt.» (Sogn og Fjordane magasin 1987)

 

Trass i eit pessimistisk syn på samfunnsutviklinga såg ho håp i det ho kalla «barnet i oss», ei kjensle av rettferd og likeverd som vi ber med oss frå barndommen

 

NOKRE DIKT

 


VILLE BLOMAR


Vi dyrkar dei store og brikjande blomar,

kultiverer dei i hagar,

steller vel med dei.

Dei gjev oss mykje glede.

 

Dei små og ville blomar

veks i den store enga,

vi trakkar ofte på dei,

og slær dei ned med ljå.

 

Men surfivelen er ein stor frekkas.

Ikkje smålåten, kjenner seg heime

såvel hos aristokratar

som hos proletarar,

stikk seg fram alle stader.

Ja, der er det livskraft!

Heile enga er gul av surfivel.

 

Her må det gift til!

 


KVINNE


Den vesle jenta

som bur i deg

veit skilnad

på rett og rangt.

Men hadde ikkje noko

ho skulle sagt.

No er ho ditt vakne

samvit.

 


MIDT I LIVET


Vern om den vesle

guten i deg,

det mjuke i det sterke.

Som ikkje er for stor,

for ingen er større

enn barnet.

 


MAMMON


Er det mammon

den urettferdige,

som tømer sine skåler med gull

for dine føter,

fordi han i deg

finn ein ven

mellom alle kjøpte vener.


Er det mammon,

den urettferdige,

som tømer sine skåler i havet

så fisken flyt med buken i veret.

 

For vinnings skuld,

kva gjer ein ikkje

for tretti sølvpengar.

Firar det reine flagget,

går løynde mørke bakvegar.

Let andre gjera tenester for seg

under dagens brennande sol,

medan ein sjølv tek løna.

 


UTKANTPROBLEM


Her sit vi

kring det runde bordet.

Vi skal diskutera utkantproblem.

Prioritera.

Vi kastar terning.

-       Men terningen

datt utanfor

kanten….

 


MENNESKEVERD


Kven er du

menneske

som verdset

din neste

ovanfrå og ned

legg eit metermål

på hans liv.


 

LÆRDOM?


I lære

heile livet.

Kven vert utlærd?

Kven veit alt?

Hjernen

har god rømd,

hjarta

like eins.

 


KJELDER

 

Olav A. Loen: «Ragnhild Skår Nesje og diktinga hennar», Årbok for Nordfjord 1983

 

Ove Eide: «Å skrive er ei drivkraft i meg», Sogn og Fjordane magasin 4/5 1987

 

Ragnhild Skår Nesje: «Minne», i Jul i Nordfjord 1988

 

Digitaliserte tekstar av Ragnhild Skår Nesje på Nasjonalbiblioteket:

 

Forfattarside på nettstaden «Forfattarar i Sogn og Fjordane»:https://forfattarar.sfj.no/writer/ragnhild-skar-nesje/

 

Comments


bottom of page