top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #47 - NORVALD TVEIT

Norvald Tveit var fødd 22.12.1927 i Leirvik i Sogn og døydde 2.5.2022. Han var ein allsidig forfattar, som skreiv både skodespel, manus for TV-program, biografiar, forteljingar og kulturhistoriske bøker. I alt han skreiv var han fast røtt i vestnorsk forteljekunst, gjerne med kvass kritikk av tronge bygdesamfunn med sine klåre grenser for livsutfalding og brot med gamle normer.

 

Etter eksamen artium var Tveit vikarlærar i Hyllestad i to år, 1947-1949. Han studerte eit par fag ved universitetet, men skifte studium og tok eksamen ved lærarskulen i Bergen i 1959. Frå 1961 til 1972 var han lærar ved framhaldsskulen i heimekommunen, i Øen krins. Frå 1972 var han heiltids forfattar.

 

Dramatikaren

For mange er nok Norvald Tveit best kjend som dramatikar, men han hadde også ein omfattande litterær produksjon i tillegg til skodespela. Teaterstykka  hans er folkelivsskildringar / folkekomediar, med feste i vestnorsk forteljekunst, med overdrivingar, skarp replikkunst og burlesk humor. Stykka er prega av solidaritet med dei som fell utanfor i samfunnet, med kritikk av små bygdesamfunn som ikkje har rom for dei som skil seg ut. Barthold Halle, som hadde regien på Splint har oppsummert styrken i denne delen av forfattarskapen: «Realisme, evne til å se, paret med sans for den dramatiske situasjon. Og et saftig språk.» (i På reservetanken, s. 111)

 

Norvald Tveit fekk framført 11 teaterstykke på norske scener, fleire av dei vart store publikumssuksessar. Han debuterte som dramatikar med Splint (1977) på Oslo Nye Teater, med Jon Eikemo og Espen Skjønberg i sentrale roller, seinare kom ma. West Land Story (1980), Bruredansen (1991) og Ungkarsfesten (1998). I satans vald (1986) var eit sterkt oppgjer med demonutdriving og overgrep i kristne miljø. For NRK skreiv han mellom anna manus til fire episodar av tv-serien Vestavind (1994).

 

Tom Remlow, teatersjef ved Den Nationale Scene i Bergen 1986 – 1995, har

karakterisert dramatikaren Tveit slik:

         «Norvald Tveit har gjennom fire tiår vært en helt unik stemme i norsk teater. Han har hatt et grep om den folkelige underholdning som ingen annen har kunnet måle seg med, samtidig som han har hatt en intuitiv forståelse av teaterets krav og muligheter.» (sitert etter Førsund 2007)

 

Tveit sine skodespel har vore sett opp på fleire av dei store scenene i Noreg: Oslo Nye Teater, Centralteatret, Den Nationale Scene, Det Norske Teatret – og sjølvsagt på Sogn og Fjordane Teater.

 

Biografen

Tveits første bok var En sjel og en skjorte (1960), om Hans Gjerde frå Hyllestad som utvandra til Amerika i 1910, 16 år gammal, og vende attende til heimbygda i 1933. I USA levde han som omstreifar og lausarbeidar – alltid undervegs til nye opplevingar. Under første verdskrigen verva Gjerde seg til den amerikanske hæren, opplevde krigshandlingane i Frankrike og vart såra. Etter 23 år vende han heim til Hyllestad, med amerikansk krigspensjon og vart medhjelpar i kyrkja.

 

I 1969 kom Ivar Medaas, med undertittelen «Ein trubadurs vedunderlege liv og historie frå fjøs til scene». Fra gull til grønne skoger (1972) er forteljinga om Erik Grant Leas veg frå rikdom og suksess i Bergen under og etter første verdskrigen til gardbrukar, skogplantar og industribyggjar i ei veglaus bygd i Sunnfjord. Den fjerde biografien kom i 1973: Jakob Sande. Ein diktar og hans miljø. Som undertittelen seier, er dette meir ei bok om det samfunnet og den kulturen forfattaren kom frå, enn om diktekunsten. For Tveit er  solidariteten med dei svake, medkjensla med dei utstøytte og det anti-autoritære ei grunnleggande side ved Sandes forfattarskap. Dette er eit program som Norvald Tveits eige forfattarskap har mykje slektskap med.

 

To sakprosabøker

To av Tveits bøker er meir tradisjonell lokalhistorie: Eit opprør i Bygde-Norge (1973) og Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1958-1983 (1983). Den første er ei debattbok, med krav om vegutløysing for Fjærland.

 

Forteljingar

Tveit skreiv også barnebøker: Silje (1974) og Silje og Sivert (1988). Den første ei bildebok med illustrasjonar av Reidar Johan Berle. 

 

I kriminalromanen Tre døde før daggry (1983) er handlinga lagd til ein vestlandsk slektsgard, med plaskande regn og tjukk skodde som høvelege kulissar for nokre dramatiske døgn. Undertrykking, maktmisbruk og sosial urett er sentrale motiv i romanen. Humoren er til tider grotesk, med saftige replikkar lagde i munnen på flåkjeften Enok – ein gammal ungkar med sans for maltøl og spitande kommentarar. Dette er ein mann etter Tveits hjarte. Ein vestnorsk stat. Snedige utspel og historier frå Georg Hatlevik (2003) er ei folkekomedie i prosaform, med nabostrid, kjærleik og munnleg replikk-kunst slik vi kjenner det frå fleire av Tveits verk.

 

Kulturhistorie

Nokre av Tveit sine bøker kan vi samle under fellesetiketten kulturarv. I 1985 kom Til bords med smalahove og i 1986 Norsk heimebrygg – ølet som Gud elskar. Begge emna er omskrivne med kunnskap, kjærleik – og stor forteljeglede. I Med flatbrød attåt… Ei bok om Vestlandshumor (1990) får Tveit høve til å utfalde forteljegleda si i rikt monn. Boka er eit bidrag til forståing av det vestnorske folkelynnet, uttrykt gjennom barsk humor, infame replikkar og open trass mot maktglade menneske av alle kjønn og yrke. Vilt Vakkert Vestland (1993) har undertittelen «Sogn og Fjordane – fylket med dei mange andlet». Tveit er eit kunnskapsrikt reisefølgje gjennom fylket, akkompagnert av to framifrå fotografar: Helge Sunde og Oddleiv Apneseth.

 

Dei siste bøkene

I 2017 fylte Tveit 90 år, og Selja Forlag gav ut På reservetanken, ei todelt bok med tekstar av og om forfattaren. Tveit sit i tunet heime og gjer seg tankar om alderdom og opplevingar gjennom livet. Særleg har erfaringar frå ulike teater og møte med skodespelarar og regissørar stor plass. I den andre delen finn vi tekstar av ulike fagfolk om Tveits litterære produksjon, særleg knytt til teaterframsyningar.

 

Etter fylte 90 år gav Tveit ut to bøker. Romanen Dama (2018) er både ei folkelivsskildring og ei frigjerings-historie. Ungguten Sylfest får tidleg homostempel på seg og dermed utsett for bygdas omsynslause sladder og fordøming. Det hjelper ikkje at han giftar seg og får barn. Men han kjem seg vekk frå det tronge samfunnet, vinn respekt og finn eit fellesskap gjennom yrket sitt. Slik får han tru seg på seg sjølv og kan vende tilbake til heimbygda. Det som bergar han frå dei undertrykkande kreftene, er «humorterapi»: kunsten å vende låtten mot dei som brukar sladder som hersketeknikk.

 

Kan det bli folk av slikt? (2019) er ei personleg minnebok i forteljingsform, både ein sjølvbiografi om oppvekst på 1930-talet og ei kulturhistorie om ei bygd og folket der i mellomkrigstida. Tveit fortel levande om tida og miljøet, utan å vere redd for direkte og skarpe karakteristikkar av namngjevne personar. Han er konkret og detaljrik i skildringar av sosiale forhold, skikkar og gardsarbeid. Men også i denne siste boka er han opptatt av hykleri, sladder og knugande normer – og all skamma som vert påført den som skil seg ut. Slik han sjølv gjorde heilt frå tidleg barndom.

 

Prisar

Norvald Tveit har fått Ibsenprisen (1993), Hyllestad kommune sin kulturpris (1996), Fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane (2003) og Kongens fortenestemedalje i gull (2007).

 


KJELDER

Denne artikkelen er ein forkorta versjon av «Du æ djevlige å få da te» i På reservetanken (2017), med tillegg om bøkene etter 2017.

 

 I På reservetanken vil ein finne oversyn over Tveits litterære produksjon og artiklar om ulike sider ved liv og forfattarskap, av Jens Chr. Lundeland, Barthold Halle, Tom Remlow, Agnete G. Haaland, Rolf Losnegård, Terje Lyngstad og Ove Eide.

 

Finn Borgen Førsund: «Norvald Tveit rundar 80», i Sogeskrift for Hyllestad 2007

 

Forfattarside om Norvald Tveit på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»: https://forfattarar.sfj.no/writer/norvald-tveit/

 

Digitale versjonar av Tveits bøker på Nasjonalbiblioteket: https://www.nb.no/search?q=Norvald%20Tveit&mediatype=b%C3%B8ker&viewability=ALL

Comentários


bottom of page