top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #46 - TERJE HELLESEN

Terje Hellesen er fødd 17. mai 1973 i Florø og bur no på Nesttun i Bergen. Han tok eksamen ved Flora videregående skole i 1992 og er cand.philol., med hovudfag i filosofi, frå Universitetet i Bergen i 2004. Han har òg eksamen i nordisk språk og litteratur ved Høgskulen i Volda (2018). Hellesen er no (2024) stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet.


I åra 2008-2010 fekk Hellesen arbeidsstipend for yngre/nyetablerte kunstnarar (Statens kunstnarstipend).


Hellesen har vore forfattar sidan 2005, då han debuterte med diktsamlinga Noko av deg lever andre stader. Ved sida av skrivinga har han i periodar vore lærar, og han har vore redaktør både i Fagbokforlaget og i barnebokklubben Blåmann. Terje Hellesen er ein forfattar som skriv i fleire sjangrar. I romanane hans opptrer fleire forteljarar, slik at ulike handlingstrådar vert vovne saman, gjerne med innslag som inviterer lesaren til å reflektere over det fortalde.


Hellesen har samarbeidd med andre kunstnarar i ulike samanhengar. «Prosjekt Pripyat» var eit samarbeidsprosjekt med fotografane Børge Bjerck og Skjalg Ekeland, støtta av Fritt Ord og den norske ambassaden i Ukraina, med utstillingar i Kiev, Lviv og innkjøpt av Tsjernobylmuseet. Dette tekst/bilete-prosjektet var òg utstilt på Kystmuseet i Florø (2011) og Bryggens Museum i Bergen (2012). Han har lenge samarbeidt med musikaren Trond Strand om poesi- og lyd prosjektet «Pelz», som har hatt fleire opptredenar i ulike samanhengar. I 2021 stod dei for tingingsverket «Eigil.no» på Svanøyfestivalen «Solgangsfunk og Buskspel».


Etter bokdebuten har Hellesen, som skriv seg T. Hellesen når han er skjønnlitterær forfattar, gitt ut tre bøker og har vore medredaktør og bidragsytar i ei fagbok om den franske filosofen Gilles Deleuze, Deleuze i vest (2018).


Kvalen Blå dansar salsa (2008) er ei fantasifull forteljing for barn, illustrert av Anna Fiske. Ein kval, ein døv gut og ein bakterie som leitar etter ein kropp å slå seg ned i, ber alle tre på ein lengt som dei freistar å gjere til røyndom.


Akselerare (2006) er ein roman om oppbrot, kjærleik, splintring og heimløyse. Ein jazzmusikar bryt opp frå eit kjærleiksforhold, kjøper ein gamal gravferdsbil og vert kyrkjeverje i ei bygd på Vestlandet. Handlinga er formidla gjennom ulike forteljarar, tidsbrot og framandgjerande innslag. Slik får vi presentert bitar av ulike identitetar og menneskelagnader som er bundne saman med band dei ikkje maktar å frigjere seg frå, formidla gjennom eit sterkt ekspressivt språk.


Også i romanen Soma (2008) møter lesaren fleire forteljarstemmer, der ulike handlingstrådar og tidsplan er vovne saman til ei forteljing om identitet, røyndom og relasjonar. Handlinga er lagd til Berlin i notid og fortid, der historiske personar som Marlene Dietrich, Aldous Huxley og Aleister Crowley er viktige innslag i ein tekstvev som inviterer lesaren til å reflektere over grensene for liv og eksistens. «Soma» er opphaveleg namnet på ein rituell rusdrikk i austlege religionar, ein drikk som kan gi både syner, blikk for nye samanhengar og lykkekjensle. Men soma kan òg tilsløre og verke sløvande. Underhaldning er vår tids soma, heiter det ein stad i Soma, som både kan lesast som ein roman om kunstens funksjon i vår tid og om forholdet mellom fiksjon og røyndom.


Hellesen har delteke i fleire antologiar, mellom anna med tekstar for barn i Godnattboka (2007), Eventyrboka (2009), Trøysteboka (2011) og Monsterboka (2013), alle på Skald Forlag. I  Ete Fysst. 18 forteljingar om Sunnfjord (2014, Selja Forlag) har han med fleire haiku-dikt, og han har hatt essay og haikudikt i det japanske tidsskriftet World Haiku.

 

TO DIKT

(frå Noko av deg lever andre stader, 2005)

 

alt ser annleis ut

frå kyrkjegarden

dei spinkle korsa

strekar i vinden

ditt er bytt ut med stein

du har bestemt deg

            for å vere att

slik vinterroser frys

til porøse skal,

snøkrystallane

freser på gravlyktene

 

eg er eit tomt glas på den kalde bakken

ein fugleflokk kløyver

fram over randa

individ for ukjende himlar

 

i natt må du sove åleine

 

(utsyn)


***

det vart ikkje oss

denne gongen heller

sa eg, og såg deg

første gongen

det er eit langt semester

sa du, men

eg såg deg aldri att

anna enn på bileta

eg fann i skrivebordet ditt

            du stod ved ei søyle

vakta eit tempel

av løyndom

 

du glapp

mellom fingrane mine

lik noko eg løfta opp

fordi det var kjent

            noko eg mista idet

eg vart framand for meg sjølv

 


TRE HAIKU-DIKT(frå Ete fysst, 2014)

 

Moreld i vågen.

Lyset frå byen bivrar

Sjukehuset mørkt


 

Duskregnet stryk mjukt

Over strå og tørr asfalt

Ei stille kveldsbøn

 

 

Ope kjøkenglas

Bier surrar i hagen

Avisa lukka

 

 

KJELDER

Terje Hellesen:

Telefonsamtale 3.2.2019

Fleire e-postar 25.4.2024.


Forfattarside om Terje Hellesen på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»:  http://forfattarar.sfj.no/terje-hellesen/


MERKNAD

Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.


Comments


bottom of page