top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #45 - OLE JOHAN GRØNSKAG

Ole Johan Grønskag var fødd i Kalvåg 2. juli 1972 og døydde 7. mai 2004. Han var utdanna møbeldesignar og interiørarkitekt frå kunsthandverksskulen i Bergen, men hadde aldri noka yrkeskarriere bygt på utdanninga. Grønskag var eit kunstnarleg multitalent, med givnad i fleire kunstarter, særleg måling, musikk og skriving.


Grønskap debuterte som dramatikar i 2003 med (filantropicana), med undertittelen «ei berøring av forsvinningspunkt» (Skald forlag). Stykket hadde urpremiere på Sogn og Fjordane Teater same året. (filantropicana) er eit lyrisk drama med episk tråd, der ein einsam outsider fører ordet. Teksten er eksperimenterande i forma – ein splintra monolog som gjennom repetisjonar, rytme og metaforar utforskar ei subjektiv historie med undertonar av mørke og sakn. I rollene møter vi «Han – ein heilt alminneleg tapar» og «Venen – nokon som kunne besøkt han».


I 2004 sette Sogn og Fjordane Teater opp Siste dagar sett, også dette ein scenisk utfordrande monolog om kjærleik og lengt, med ei kvinne i hovudrolla.


I 2008 og 2009 blei Ole Johan Grønskags minnestipend delt ut. Bak stipendet stod Bremanger kommune, Sogn og Fjordane Teater og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Stipendet kunne delast ut til skapande og utøvande kunstnarar i alle kunstartar, yngre enn 30 år, som hadde vore busette i Sogn og Fjordane i minst ti år. Første året gjekk stipendet til forfattaren Brynjulf Jung Tjønn, i 2009 til Lillian Samdal, biletkunstnar og musikar. Etter to år vart stipendet innstilt.



MUNNLEGE KJELDER

Gerda Frøyen (mor til Ole Johan Grønskag)

Terje Lyngstad (teatersjef Sogn og Fjordane Teater 2004-2015)


MERKNAD

Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.



Comments


bottom of page