top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #44 - SJUR ÅREBRU

Sjur Årebru var fødd i Årdal i Sogn 27. desember 1897 og døydde same staden 10. november 1982.


Årebru var bonde, men i slutten av 1920-åra og ut i 1930-åra arbeidde han òg som forsikringsinspektør i Buskerud, Sør-Trøndelag og Sogn og Fjordane. Frå ungdomen av var han aktiv i ungdomslagsrørsla, og han skreiv mange tekstar i lokalavisene og i julehefte, mellom anna i Norsk jul. Årebru nytta gjerne pseudonyma «Sjuren» og «Sjur Sogning» når han skreiv i aviser og blad. Han var skriftstyrar for Jol i Sogn i 1935–39.


Årebru var kommunestyrerepresentant for Venstre i mange år og engasjerte seg sterkt i arbeidet for vegutløysing for Seimsdalen, der dei fekk tunnelsamband til Årdalstangen i 1969.


Årebru gav ut tre skodespel for ungdomslag. Alle tre høyrer til sjangeren folkekomedie, med kjærleiksforviklingar, berrlegging av menneskelege veikskapar, situasjonskomikk og misforstått bruk av framandord. I Valsjau (1929) er det intriger kring eit kommunestyreval som ber handlinga, med utlevering av innbilske og sjølvgode lokalpolitikarar. I Bondeslusken (1931) er handlinga lagd til ei anleggsbrakke, med rallarar som lid under tunge arbeidsvilkår og dårleg løn. Også i Hr. og fru Lurveli (1934) er det arbeidsfolk i hovudrollene: Skomakaren Lars Lurveli arvar ein stor pengesum frå ein onkel i Amerika og vert rikmann i bygda. Årebru utleverer latterleg åtferd og lèt det fattige ekteparet verte omskapte frå solidariske arbeidsfolk til egoistiske rikfolk. Men dei vert lurte av ein bedragar og vender tilbake til kvardagen i skomakarverkstaden.


Årebru sine skodespel har innslag av sosial kritikk og opprørstrong, retta mot skeiv fordeling av både makt og pengar, men sjangerkrava styrer handlinga, slik at desse trekka kjem i bakgrunnen – medan romantikk og situasjonshumor dominerer.



KJELDER

Telefonsamtale med Jensina Heide, f. Årebru 8.10.2018


Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik: Dikting og diktarar frå Sogn. Førde 1978 


Søren Ve: «Einskildpersonar», i Dagfinn Krossen (red.): Bygdebok for Årdal, bd. II: Kulturbandet. Årdal 1978


Forfattarside om Sjur Årebru på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»:  http://forfattarar.sfj.no/sjur-arebru/

 

MERKNAD

Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.


Comments


bottom of page