top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #43 - INGVAR NISTAD

Ingvar Nistad er lærar, forfattar og keramikar frå Sunnfjord. Som forfattar sameiner han poesi og forteljing i prosalyriske tekstsyklusar.


Han er fødd 3. oktober 1954 på Nistad i Fjaler i Sunnfjord. Etter eksamen ved Flora vidaregåande skule i 1973 gjekk han lærarskulen i Sogndal, med eksamen i 1977. I 1983 tok han diplomeksamen ved Kunsthøgskolen i Bergen, og i 1986 eksamen i kunsthistorie grunnfag ved Universitetet i Bergen.


Nistad var i mange år lærar i grunnskulen, men frå 1998 til han vart pensjonist var han tilsett ved Fusa vidaregåande skule i Hordaland, der han underviste i formgivingsfag, kunstfag og kunsthistorie. Han er busett i Strandvik, Bjørnavik kommune i Midhordland.


Keramikaren Nistad har vore med på fleire utstillingar, mellom anna på Hå gamle prestegard i 2006 og på Vestlandske Kunstindustrimuseum i 1995. Han er innkjøpt av Norsk kulturråd og Vestlandske Kunstindustrimuseum.


Nistad har publisert litterære tekstar sidan 1980-åra, mellom anna i tidsskrifta Basar, Sogn og Fjordane Magasin, Vagant, Vinduet og svenske Ord & Bild. Han var representert med åtte dikt i Vinduet sitt debutantnummer i 1992.


I bokform debuterte Nistad med diktsamlinga Eg les denne steinen i 2000. Seinare har han gitt ut Dagane i Cholpon-Ata i 2008 og Under Säfstaholmen i 2018. Også dei to siste bøkene har sjangernemninga «dikt», men i begge desse samlingane kombinerer Nistad det lyriske og det episke i korte prosadikt – situasjonsbilete, dialogar, episodar og stemningar. Både Dagane i Cholpon-Ata og Under Säfstaholmen er prosalyriske tekstsyklusar, bundne saman av persongalleri, perspektiv og geografi.


Can I touch this? (2001) er ei dansk omsetjing av eit utval lett surrealistiske dialogar. Tekstane skildrar møte og samtalar mellom to fiktive personar, kalla Ingvar Nistad og Linda Evangelista. Den siste er namnet på ein kanadisk supermodell som vart verdskjend i 1980- og 90-åra.


NOKRE DIKT



ELVIS OG SIVLE


elvis og sivle

har det til felles

at snur me namna deira

bak fram

og berre ein hund

naturlegvis

eller nothin´ but a hound dog

            (frå Eg les denne steinen, 2000, først trykt i Basar 1/1981)



det har mildna


ja, det har mildna i dag

nordfjord I har brøyta seg

inn fjorden


der har kome ei blank råk

som dei svarte fjella

kan spegle seg i


isen har gått opp

og vi har fått ope vatn

heilt til havs


heilt til Amerika

            (Sogn og Fjordane magasin 3/1985)



VEST-NOREG

(frå Eg les denne steinen, 2000)



Brått må han ut med mykje meir snøre

Det er eit usynleg stup han får vite om



LETT SOM SNØ

(frå Eg les denne steinen, 2000)



Lett som snø, sa ho.

Eg kom til deg lett som snø.


Han spurde om ho ikkje hadde sett

dei snøbrotne bjørkene i skogen.



AVISA

(frå Under Säfstaholmen, 2018)


Far min opna avisa, blar seg fram til nokre sider han kan rive ut.

Avissidene legg han på eit trinn i steintrappa, tek brødet ut or posen,

legg det på avisa, opnar papiret som dei oppskorne pølsene er pakka i,

legg dei på plass, plukkar eit par flasker ut or posen og set dei i trappa.

No kan  setje oss, seier han, han nøler ikkje med å starte måltidet.

Eg er den som er ung, og eg sit og ser på den gamle som sit og tygg.

Et, seier den gamle til meg. Eg tek brødet og bryt av det, eg et og teier.



KJELDER

E‑postar frå Ingvar Nistad 29.9. og 21.11.2018


Forfattarside om Ingvar Nistad på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»: http://forfattarar.sfj.no/ingvar-nistad/


Ingvar Nistad: Eg les denne steinen. Oslo 2000 er tilgjengeleg i digitalisert form på Nasjonalbiblioteket, nb.no: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2011031005005

 

 

MERKNAD

Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.


Comentários


© Pederhuset

Rådavegen 90, 6827 Breim * Pederhusets Vener:  Org nr. 820 529 642 * Kontonr: 3633 57 53024 * VIPPS: 523488 

  • Facebook
  • Instagram - svarte sirkelen
Webansvarlig: @brakestad
bottom of page