top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #42 - HANS SUPPHELLEN

Hans Supphellen var fødd 27. mai 1905 i Fjærland og døydde same staden 16. desember 1993. Han var bonde og organisasjonsmann og skreiv eitt skodespel for ungdomslag.


Supphellen tok eksamen ved Mindresunde jordbruksskule i Stryn i 1924 og var kontrollassistent for meieriet i heimbygda frå 1929 til 1935. Frå 1935 til 1939 var han jordbruksarbeidar, og frå 1939 bonde i Fjærland. Frå 1947 til 1972 var han fylkessekretær i Sogn og Fjordane bondelag, fram til 1966 med fylkeskontor i Fjærland, deretter i Balestrand. I 1975 vart Supphellen utnemnd til æresmedlem i fylkeslaget.


Det skal gå! (1951) er eit skodespel i tre akter for ungdomslag. Her står striden mellom to bønder – ein konservativ som ikkje ønskjer endringar i driftsmåtane på garden, og ein med nye, moderne tankar om gardsdrift. I samsvar med folkekomedie-sjangeren finn vi også i dette stykket to unge som får kvarandre til slutt.


Supphellen har skrive Fjærlandssongen «Bygdi vår», til melodien i «Fram dansar ein haugkall».



BYGDI VÅR

Tone: Fram dansar ein haugkall


Det lyser i hugen eit fagert namn og Fjærland me namnet nemner.

Her hev våre kjenslor og draumar ei hamn, der kjærlege heimar femner.

For bygdi er mi og bygdi er di og bygdi er våre heimar si.


Om bygdi er liti so er ho då fin, med vollar og lundar.

Med leikande fjorden i bringa si inn, med elvar som speglar og skundar.

Med stoltaste fjell, med fossar som fell, med brear som berre av venleik svell.


Om jordi er mager, ho grøda gjev, og mette til munnar mange.

Ho signar så gjerne eit ærleg strev, med rikare liv og ange.

Ho lyser av tru, og blømer i skrud so sant me vilja det, eg og du.


Ætter hev kome og ætter hev gått, og bygdi i prydnad hev auka.

Elsken til jordi og heimen hev rådd, hjå dei som hev gått her og stauka.

Dei mykje hev rudt og dei mykje hev snudd, til velstand og venleik som her heve budd.


Då jordi ho løner for arbeidet enn, og bleikna det må ikkje bygdi.

Men veksa seg fagrare litt om senn, sjå det er målet og dygdi.

For bygdi er mi og bygdi er di og bygdi er våre heimar si.



KJELDER

Telefonsamtale med Asbjørg Haugen 7.10.2018

Epost frå Asbjørg Haugen 16.10 2018

David Eri: Sogn og Fjordane Bondelag 1947–1987. Førde 1987


Forfattarside om Hans Supphellen på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»:  http://forfattarar.sfj.no/hans-supphellen/

 

 

MERKNAD

Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.


Comments


bottom of page