top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #41 - ARNFINN BERSTAD

Arnfinn Bjarne Berstad var fødd 19. oktober 1913 i Kjølsdalen i Nordfjord og døydde 27. januar 2009 i Verdal. Han er gravlagd på Bjørkelangen. Berstad var odelsgut, men tok ikkje over garden. Han vart heradsskogmeister og forfattar av både dikt og prosatekstar.


Berstad var eldst i ein søskenflokk på ni og begynte tidleg som gardsarbeidar, mellom anna var han i Oppstryn i 1931 og i Hardanger i 1933–34. I 1935–36 gjekk han på Møre Folkehøgskule i Ørsta, og i 1937 tok han eksamen ved Statens skogskole i Steinkjer.


I åra 1937–40 hadde han ulike typar arbeid. Han var tømmerhoggar i Snåsa, planteleiar ved Verdalsbruket og driftskontrollør i Helgådalen. Under krigen budde han eit par år i Steinkjer. Frå 1944 til 1946 hadde han eit vikariat som heradsskogmeister i Sør-Trøndelag, i kommunane Soknedal, Rennebu og Oppdal, og dreiv samstundes sagbruk i Berkåk, der han budde.


Frå 1947 til 1955 var Berstad heradsskogmeister for Ålesundhalvøya skogoppsynsdistrikt, busett på Sjøholt. I 1955 vart han tilsett som heradsskogmeister i Indre Romsdal og budde då på Nesjestranda. Her var han òg styrar ved skogplanteskulen i Veøy. Styrarstillinga sa han frå seg då han flytte til Åndalsnes i 1968, men han heldt fram som heradsskogmeister til han vart pensjonist i 1981. Då flytta han til Verdal, kona si heimbygd.


Medan Berstad budde på Åndalsnes, var han aktiv i lokalpolitikken. Han var medlem av formannskapet, fylkestingsrepresentant og leiar i fylkesfriluftsnemnda. Han var òg leiar i Norges Herredsskogmesterlag i 19 år.


Berstad skreiv alt i unge år og hadde tidleg dikt på trykk i bladet Unglyden. Det første diktet skreiv han under pseudonymet «Finn fjording». Etter at han vart pensjonist, gav han ut tre samlingar med tekstar som han hadde skrive opp gjennom åra. Under stjernerapet (1985) og Berre ein vakker draum (1999) er diktsamlingar, med stor breidde i tema og form, frå prologar og samtidskommentarar til naturstemningar og kvardagssituasjonar. Lys og mørke er viktige motiv hos Berstad, og våren er ei årstid som ofte vert nemnd – grotida. Eit visst ubehag over samfunnsutviklinga kan merkast, men i naturen kan vi finne ro og fred. Eit tredje motiv speglar seg i tittelen på debutboka: Tida vår på jorda er som eit lite glimt å rekne, som eit stjernerap i det store universet.


Alle har si tid (1988) er ei samling prosatekstar, den eldste frå 1951. Her finn vi portrett av menneske han har møtt, meldingar av bøker og spelstykke, minne frå eige liv og kommentarar til aktuelle samfunnsspørsmål.


I 2003 gav Hardanger folkeminnelag ut to bøker av Arnfinn Berstad: Menneske eg møtte og I Aamund K. Bu sitt rike.


TRE DIKT (frå Under stjernerapet, 1985)



EG HATAR VEL IKKJE


Eg hatar vel ikkje min neste

og slær ikkje nokon i hel,

men lever i fred med dei fleste

og steller fasaden min vel.


Mitt offer eg gjev som dei andre

av smular frå bognande bord

så ingen med rette kan klandre

mi vandring på denne vår jord.


Min vandel dei finn utan lyte

som meg på litt avstand får sjå.

Men sjølv vil eg slett ikkje skryte

som kjenner den mørkaste krå.


Og tyngst for mitt samvet er dette

at verda den store blir fjern

fordi at eg alltid må sette

ein piggtråd ikring meg til vern.



TO SMIL


Eit smil stryk over ditt andlet

som solbris ein sommardag

og syner dei varme kjensler

du ber i ditt hjartelag.


Eit smil stryk over ditt andlet

som isnåler vinterstid

når berre forakt du kjenner

for den som i hugen lid.


Eit smil det kostar så lite

når du er i godt humør.

Og dersom du gjev det gode

så lindrar det der det blør.



TRU OG TVIL


Menneskebarna har mist

trua på Gud og på Krist.

Borte er hulder og skrømt,

trolla for lyset har rømt.


Tomrommet gjev ikkje fred -

kva skal vi fylle det med?

Avgudar store og små

lettvint dei fleste kan få.


Dansen kring gullkalven sviv,

vismenn om undergang skriv.

Kor langt må pendelen gå

før han tilbake kan slå?



KJELDER

Arnfinn Berstad: Alle har si tid. Oslo 1988

Arnfinn Berstad: Menneske eg møtte. Kinsarvik 2003

Ove Eide: «Diktet – naturkjensle og musikalitet. Presentasjon av lyrikk-debutanten Arnfinn Berstad», i Jul i Nordfjord 1986


Forfattarside om Arnfinn Berstad på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»: http://forfattarar.sfj.no/arnfinn-berstad/




MERKNAD

Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.


Commentaires


bottom of page