top of page
Ove Eide

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #39 - ARNE DOMBEN

Arne Domben var fødd 2. mai 1906 på Kinn og døydde 27. september 1985 i Oslo. Han var politimann og skreiv dikt om yrket sitt, om samfunnsspørsmål og om opphald i tysk konsentrasjonsleir under andre verdskrigen.


Domben gjekk underoffiserskule i Bergen og deretter politiskule, med eksamen i 1932. Dei første åra i teneste var han i Trondheim, før han i 1938 vart tilsett som politikonstabel i Måløy. I september 1941 vart han overført til Florø, der han var politioverbetjent ved Fjordane Politikammer frå 1953. I denne stillinga var han til 1968, då han gjekk av med pensjon. Han flytta då til Oslo, der han budde til han døydde i 1985.


I august 1943 vart Domben fengsla av nazistyresmaktene, saman med mange andre norske politifolk. Han vart send til Ulven fangeleir utanfor Bergen og til Grini, før han vart transportert til Stutthof konsentrasjonsleir i Tyskland. Her var han til freden kom i 1945.


Domben skreiv fleire dikt i konsentrasjonsleiren og bidrog med opplesing under tilskipingar som dei norske fangane fekk til. Tre av desse dikta er trykte i Norsk politi bak piggtråd. Stutthof-politiets historie 1943–1945. Desse dikta er ikkje tekne med i diktsamlinga Mørk natt (1976).


Domben debuterte som forfattar med diktsamlinga No er eg blitt politi! (1943), med teikningar av Arne Wold. Her finn vi dikt om livet som politimann, med glimt i auga, men også meir alvorlege tekstar om einsemd, sorg, fattigdom og sosial urett. I 1976 kom Mørk natt, der Domben har med nokre dikt om tida i tysk fangenskap, ved sida av minnedikt om foreldre som døyr og dikt med ønske om – og krav til – det samfunnet som skal byggjast etter verdskrigen. Domben er kvardagsnær og realistisk i dikta sine, kritisk til store ord og til maktmenneske. Naturen har ein stor plass i dikta, både som ramme for menneskeliv og som metaforar for menneskelege kvalitetar og utfordringar.


DIKT



KRAV

(frå No er eg blitt politi! 1943)


Vi krev av deg som politi,

at kvart lovbod vel du aktar,

og på lovbrot nøye aktar,

så ingen slepp frå straffa fri.

For skal det vonde bort med rot

må synda sonast ut i bot.


Vi krev av deg som politi,

at du brotsmann tek i nakken,

bøyer han med nos i bakken,

og let han hardt for brotet svi.

Lat svepa smella tung og kvass,

det gjer så godt, og er til pass.


Vi krev av deg som politi:

Gjeld det brot av meg og mine,

ta då på med hanskar fine,

vis nåde då og gjev oss fri.

Det er dei andre du skal slå,

men gjeld det meg, så lat meg gå.



KVELD

(frå Mørk natt, 1976)


Vi har vår julefest bak stengsel.

Ute bit ein nattkald sno.

Kvar med seg i sin eigen lengsel,

sit ein fange-flokk i ro.

Og tanken driv på dunkle draumar,

men han fangar sjeldan ord.

I kveld går alle tankestraumar

opp mot landet langt der nord.


Eg veit at landet ligg der linda

i ein islagd ham og frys.

Det ligg av krigarhæren blinda,

der i mørkret utan lys.

Men landet lever under bandet,

der ein vilje gror og grør.

Og kanskje over mørke landet

no ein stjernehimmel glør.


Og inne bak dei stengde dører,

bak dei blenda, blinde glas,

der inne finst det, det som nører

menn til nerk mot ran og ras.

Der sit dei fast dei raude røter

som sin mann i stormen stør.

Der inne finst den bot som bøter

landet best når landet blør.


Der inne vil eg sjå det skine

frå det tende tre i kveld,

vil sitje der ei stund og tine

det som fraus i framandt tjeld,

for tankane har inga hindring,

dei treng ikkje veg og bru,

og eg vil finne le og lindring

for den kalde gufs av gru.


-       -   -


Eg atter finn meg bakom gitter,

i den flokken der eg var.

Her også blinkar det av glitter,

i dei mange augnepar.

Ser jammen ut som dei har gråte,

men den tanken tek eg att:

For augo lett kan verte våte

mot ein sno ei vinternatt.



MØRK NATT (del I av IV)

(frå Mørk natt, 1976)


I


Ei stor og nytend stjerne helsar

ned frå høge himmelkvelv.

I denne natt er fødd ein frelsar.

Vakna von mot dagning skjelv.

Og ånder i ein heilag hær,

der engelen er tolk,

det glade frelsarbodet ber

ned til eit ufritt folk.


Men den som makta rår og styrer,

han slett ingen frelsar treng.

Og her han sine hærmenn hyrer

ut til drap ved barneseng,

for der å ta med sòneblod,

den frelsar som var fødd.

Han i herodes-tanken stod

av kongeglansen glødd.


Frå Betlehem der borna blødde

etter ord frå høvdingborg,

ei redslebåre steig og flødde,

til ho seig i landesorg.

Det nakne sverdet svaret gav

på himmelbod om fred,

her tolka i det kalde krav:

Hogg frelsarkongen ned!


Med gåvegull til krubbebarnet,

kom der vismenn for å be.

Den vaksne mannen møtte jarnet;

det som tvinga Han på kne.

Han gav ei lov, ei livsens bok,

for eiga tid og oss.

Men då Han ikkje sverdet tok,

Han fekk til svar ein kross.


Og dei som gjennom aldrar trudde

at eit ord har sigers makt,

såg borg og herjehærar budde

ut til nye offer-slakt.

I faret ligg ein blodvåt veg,

med hus i oskefonn.

Og den som ikkje sverdet dreg

må døy for villdyrtonn.


I natt stig atter von i skjelving,

til ein dur av tunge fly.

Og under vintermørke kvelving

der vert treet tendt på ny.

Og den som har eit barnemål

kan her ei fredsbøn be.

Dei store dei har eld og stål,

dei små eit juletre.



KJELDER

Telefonsamtale med Tore Gundersen 16.1.2019

Telefonsamtale med Marit Domben Reiakvam 19.2.2019

Telefonsamtale med Asle Domben 20.2.2019


Olaf R. Walle: Norsk politi bak piggtråd. Stutthof-politiets historie 1943–1945. Kragerø 1947

Carl Lauritz Lund-Iversen: Ord gjennom år. Dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700–1986. Naustdal 1990


Forfattarside om Arne Domben på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»: http://forfattarar.sfj.no/arne-domben/


Digitaliserte bøker av Arne Domben på Nasjonalbiblioteket: https://www.nb.no/search?q=arne%20domben&mediatype=b%C3%B8ker

 

 

MERKNAD

Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.


コメント


bottom of page