top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #38 - KAI MARTIN BREKKE

Kai Martin Brekke er fødd 6. mai 1958 i Flåm i Sogn og bur no i Leikanger. Han tok eksamen ved Hallingdal gymnas på Gol i 1978 og gjekk lærarskulen i Sogndal i åra 1981–84. Frå 1984 til 1988 var han lærar i Kyrkjebø i Sogn. Frå 1988 var han journalist i Sogn Dagblad, der han var fram til 1992. Så vart det ein kort periode i Sogningen/Sogn Avis, før han i 1993 vart tilsett i den nyskipa Sogn Avis, der han framleis er journalist.


Brekke debuterte som forfattar med Nattergal i 2006, ein kriminalroman som vart følgd opp av Dødeleg arv (2008) og Kald finale (2011). Hovudpersonen i serien er Mikkel Holo, lensmann i Aurland. Handlingane i dei tre bøkene er alle lagde til indre Sogn, med turistbygda Flåm i sentrum. Eit fellestrekk ved romanane er at hendingane i notid heng saman med brotsverk og handlingar i fortida, som Holo må nøste opp i for å oppklare nokså bestialske drap i samtida. Romanane gir også glimt frå og kommentarar til samfunnsutvikling og bygdeliv i sognebygdene der handlinga går føre seg.


I 2016 debuterte Brekke som songar og musikar med CD-en Tid, der han sjølv har laga alle tekstane og melodiane.


TO TEKSTAR FRÅ TID



TID


Eg møtte deg på gata, du sa hei til meg.

Eg stoppa opp, men eg kjende ikkje deg.

Du smilte så fint med kvite tenner,

sa me eingong hadde vore gode venner.


Men det vart døyvd av elva som rann der stri,

og eg hadde ikkje meire tid.


I dagar og netter forfølgde du meg.

Kven var no du som hadde kryssa min veg?

Eg søkte svaret, men eg fann det ei.

Eg høyrde stemma di, det var visst noko du prøvde å sei.


Men det var døyvd av elva som rann der stri.

Skulle nok teke meg betre tid.


Men so ein kveld, var du der igjen.

Kom heilt inntil meg og kviskra venn.

Eg ropte kven er du, kva vil du meg?

Du berre smilte og bad meg bli.

Så sa du: ein maredraum frå svunnen tid.


Men det vart døyvd av elva som rann der stri.

Og no frykta eg eg hadde dårleg tid.

Ja, no var eg redd eg hadde dårleg tid.



LYS I MØRKE


Hausten kom fort, blada fall, ein skugge glei forbi.

Leita etter lyset, stavra seg fram,

som på ein mørk og attgrodd sti.


Eit lys i mørke, levande og varmt.

Festa grep og heldt det stramt.


Trea skalv, bøygde seg mot vinden, ei lampe blinka og lokka.

Skuggen kom nærare, steg for steg, lydlaust på mjuke sokkar.


Eit lys i mørke, levande og varmt.

Festa grep og heldt det stramt.


Tende ein gnist, som låg der latent, kroppen løyste seg frå spenn.

Let seg gli inn i ei opa famn, fortapt i meir enn ein venn.


Eit lys i mørke, levande og varmt.

Festa grep og heldt det stramt.


Meir enn ein draum, det var skjebnen sine steg.

Skuggen som vakna var eg, og lyset det var deg.



KJELDER

Telefonsamtale med Kai Martin Brekke 8.1.2019

E‑post frå Kai Martin Brekke 11.1.2019


Forfattarside om Kai Martin Brekke på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»: http://forfattarar.sfj.no/kai-martin-brekke/

 


MERKNAD

Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.


留言


bottom of page