top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #36 - OLAV SKJERVEN

Olav Skjerven var fødd 15. februar 1880 i Vik i Sogn og døydde 3. mai 1959 i Borge i Østfold. Han skreiv fleire artiklar om norsk folkehumor og eit skodespel for ungdomslag om bygdespelemannen som får høve til å utdanne seg til komponist.


Etter mellomskulen på Voss tok Skjerven examen artium i Bergen i 1902. Han tok eksamen ved lærarskulen på Elverum i 1906.


Skjerven var lærar i Spind ved Farsund i 1906–08, i Bruvik i 1908–10 og på Lista i 1910–19. På Lista var han førstelærar ved framhaldsskulen og frå 1912 inspektør i folkeskulen. I 1919 vart han tilsett som skuleinspektør i Borge ved Fredrikstad, og her vart han verande til han gjekk av med pensjon.


Skjerven var litteraturinteressert og skreiv om bøker både i Fredrikstad Blad og i Dagbladet Sarpen. Eit anna interessefelt var norsk folkehumor, og i 1927 fekk han prenta artikkelen «Austlandsk, vestlandsk og sørlandsk humor» i vekebladet For Bygd og By. I 1932 hadde han artiklar om humor både i Dagbladet og i Bergens Tidende. Dette temaet følgde han opp med «Humoren hjå Olav Duun» (Syn og Segn 1936) og ein artikkelserie i same tidsskriftet i åra 1949 til 1952. I Jol i Sogn i 1954 skreiv han om humoren i Sogn. For Skjerven var det samanheng mellom humor og folkelynne, og han tok med ordtak, replikkar, stubbar, seiemåtar og soger frå dei ulike geografiske områda for å vise dette.


Skjerven var medarbeidar i Bygdabok for Vik i Sogn (1951 og 1956) og skreiv her om målføret, humoren, folkelynnet, segner og stadnamn.


I 1955 kom Fjellet syng, eit skodespel i to akter for ungdomslag. Det er ei forteljing om ein gåverik bygdespelemann som får høve til å reise ut og utdanne seg i klassisk retning. Skodespelet har sterke nasjonale og romantiske drag – med naturinspirerte kunstnarar og folkemusikk som sentrale element. Fjellet syng vart oppført første gongen på Nesna lærarskule.


OM NORSK FOLKEHUMOR

Olav Skjerven sine artiklar om norsk folkehumor er trykte følgjande stader:

«Austlandsk, vestlandsk og sørlandsk humor», For Bygd og By, nr. 1/1927

«Humoren hjå Olav Duun», Syn og Segn 1936

«Humoren i ei fjellbygd på Vestlandet. Myrkdalen», Syn og Segn 1949

«Humoren i ei fjordbygd på Vestlandet. Vik i Sogn», Syn og Segn 1950

«Humoren på Voss», Syn og Segn 1950

«Humoren på Jæren og Lista», Syn og Segn 1951

«Humoren i Sunnfjord», Syn og Segn 1952

«Humoren i Sogn», Jol i Sogn 1954

 


KJELDER

Jarle Bondevik: «Olav Skjerven 1880–1959», Pridlao nr. 3/1994, Vik i Sogn

Arne Espeland (red.) Norske skulefolk. Stavanger 1934

Wilhelm Munthe ofl. (red.): Studentene fra 1902. Oslo 1927

Bjarne Røsjø: «Olav Skjerven 1880–1959. Lærer, skribent og humorist», Pridlao nr. 2/2011, Vik i Sogn


Forfattarside om Olav Skjerven på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane» https://forfattarar.sfj.no/olav-skjerven/


Olav Skjerven: Fjellet syng. Bøstad 1955, finst tilgjengeleg i digitalisert form på Nasjonalbiblioteket: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2011120608011

 

 

MERKNAD

Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.



Comments


bottom of page