Gustav Takle var fødd 23. februar 1878 på Takle, Brekke i ytre Sogn og døydde same staden 1. august 1909. Han var sterkt engasjert i ungdomslagsrørsla og skreiv idealistiske dikt til norsk ungdom, med sterke appellar om å engasjere seg for ei betre verd.
Etter folkeskulen gjekk Takle på folkehøgskule i Sogndal, og deretter tok han mellomskulen på Voss. Han hadde så vikarstillingar i folkeskulen ei tid, før han begynte på Elverum lærarskule, der han tok eksamen i 1900. Hausten 1900 begynte han som lærar i heimbygda. Her var han til han døydde av tuberkulose i 1909.
Takle var engasjert i målsaka og var leiar i ungdomslaget i heimbygda om lag alle åra han var lærar der. Han skreiv dikt i lagsbladet og hadde dikt i Unglyden, eit frilynt ungdomsblad nært knytt til ungdomslagsrørsla. Mest kjent av dikta hans var nok «På ski», som var med i Andreas Austlids leseverk for folkeskulen, Norsk lesebok. Diktet til Takle er inspirert av Kristofer Jansons «På fjellet», frå 1867, og kan syngjast på same melodien.
I 1934 vart det gitt ut ei samling av Takle sine dikt, Ungdomsmod. Dei 45 dikta fortel om ein idealistisk forfattar som gjennom dikta sine vil setje mot og kveik i dei unge. Han trur på ungdomen og deira evne til å skape rettferd og ei god framtid for nasjonen Noreg. Sentrale motiv og bilete er knytte til naturen, til våren med grokrefter og til sola som livgivande kraft. Takle målber ein sterk kjærleik til naturen, til heimbygda og til heimen. I samlinga finn vi hyllingsdikt til Olav Tryggvason og Per Sivle, men også til den vanlege arbeidaren og til mor. Men her er også mørkare tonar, med dikt om sjukdom og død.
DIKT AV GUSTAV TAKLE
(frå Ungdomsmod, 1934)
PÅ SKI
No snøen legg seg so kvit og lett
burt i bakken
Og haug og hole og alt vert slett
burt i bakken
Å hei, kvar er du, du friske gut?
Og vesle gjente, kom berre ut,
kom i bakken!
Kvi sit du inne i stova no?
Kom i bakken!
Sjå, snøen glitrar so rein og god
burt i bakken.
Du gløymer sorg, og du gløymer sut,
Du vesle gjente, du vesle gut,kom i bakken!
Å hei, å hopp, kom med skii di
burt i bakken.
So lett ho ut yver stupet glid
burt i bakken.
Og når so stundom for stridt det gjeng -
i snøen finn du so mjuk ei seng
burt i bakken.
Du renn i kapp med den friske vind
burt i bakken,
du herdest både i kropp og sinn
burt i bakken.
Du kjenner blodet i ådrom renn,
og modet aukar og hugen brenn
burt i bakken.
Det blømer rosor på raude kinn
burt i bakken;
det veks upp nordmenn i sinn og skinn
burt i bakken.
Nei aldri er eg so frisk og glad
som når på ski
om eg renn av stad
burt i bakken.
TIL ARBEIDSMANNEN
Tone: Gud sign vår konge god
Gud sign kvar arbeidsmann
i heile Noregs land
frå dal til øy!
Gud sign kvar møy og gut
som gjennom kav og sut
i trufast strev held ut
til dei lyt døy!
Gud sign kvar ærleg kar
som på sin fedragard
la ned sitt strev!
Sign kvar ei moder snild
som varm av kjærleik mild
ól sonen frisk og gild
og dotri hæv!
So mang ein arbeidsmann
seg liten vyrdnad vann
med alt sitt strev.
Men kvar som trufast fór
i kav på land og fjord,
han skulde kallast stor
og haldast gjæv.
Kvar trugen arbeidskar,
som dyrkar vel sin gard,
ein stormann er.
Og kvar ein fiskarmann,
som båten styra kan
igjenom bròt og brand
er vyrdnad verd.
Fram då, kvar møy og gut,
kast burt unyttig sut,
til yrket gå!
Vert det enn kalla smått,
det rom me her hev fått;
når bert vårt verk er godt
det leva må.
Gud signe strevet då
for kvar som slita må;
og gjev dei rett:
Dei landsens stormenn er;
som tyngste byrdi ber
og trutt sitt arbeid gjer, -
det må stå greitt!
Klårt må det skrivast inn
både i hug og sinn
hjå møy og mann:
Når neven tidt vert hard
på strevsam arbeidskar,
det adelsmerket var,
som prydde han!
KRIG
(utdrag)
Krig – krig! Det fælaste ord
som endå hev lydt på heile vår jord.
- - Krig! Krig! I øyro det skrik
um jammer og naud og rotnande lik –
um menneskeblod, um mord og brand;
um tjoning av folk og herjing av land.
- - Krig – krig og våpenlarm!
Det rovlyster er i mannen sin barm –
rovdyret fæle det ber me i hug,
som her vil røyna sin dug
i øyding av liv, i tapping av blod
og tjoning av freden, der han vil gro.
Det fer rundt landet eit krigarbod:
ut i herferd skal mannen går.
Um ikkje han lystar, so må han ut,
den fredkjære mannen, den livsfriske gut
Ut ifrå heimen med far og mor –
burt frå kjærast og ven og bror!
So iskalde er dei, dei krigarbod,
og fyller med redsla båd` store og små.
(….)
Og voni som lyste so ljos og klår,
vert til redsla og saknad sår.
Frå tusund av heimar um fred dei skrik,
men drøymer um blod og um rotnande lik.
Gjennom skog og ville urer
dreg seg fram ein krigarher;
smett og smyg og fram seg lurer
nett som rovdyr jamt dei gjer.
Tidt i regn og rusk dei traskar
utan livd og utan ly,
og um væta kroppen vaskar
fær dei ingi skjorta ny.
(…)
Og når vinterkalde dagar
yver landet myrke gjeng;
og seg heime folket lagar
då si varme, gode seng,
kven skal skildra all den kvida,
som soldaten lider då,
der han ute jamt må skrida,
og i sjno tidt sova må!
Fienden sin herer komen so nær,
at kulone honom kan rekka.
Då opnast der eld,
det dundrar og smell,
som um alt til avgrunns sku sekka.
Det dundrar og dyn,
det durar og styn
og jamrar i haug og i nutar.
D´er menneskeblod,
som tappast skal no
or unge og livsfriske gutar.
(…)
Den reknast for best
som myrda kan mest
og villaste fram seg kan brjota.
Difor og som dyr
dei ingenting skyr
her gjeld det å sikta og skjota.
Tidt bror ser at bror
fell såra til jord,
men kan ikkje hjelp honom rekkja.
Med villaste skrik
dei trampar på lik
og særde som marki mun dekkja.
KJELDER
Johs. A. Dale: «Gustav Takle», forord i Gustav Takle: Ungdomsmod. Bergen 1934
H.B. Takle: «Gustav Takle. Eit 30. årsminne», i Jol i Sogn 1939
Forfattarside om Gustav Takle på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»: https://forfattarar.sfj.no/gustav-takle/
Gustav Takle: Ungdomsmod. Bergen 1934, finst tilgjengeleg i digitalisert form på Nasjonalbiblioteket:
MERKNAD
Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.
Comments