top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #32 - JOHANNES AURSLAND

Johannes Aursland var fødd 11. august 1899 i Skjold (noverande Tysvær kommune) og døydde 26. mars 1975 i Haugesund. Etter lærareksamen i 1922 var han tilsett ved fleire skular (i Borre, Time og Skjold) før han tok språkleg-historisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1935. Emnet for hovudoppgåva var målføre, og delar av oppgåva er prenta i Norsk tidsskrift for sprogvidenskap i 1939. Vinter- og vårhalvåret 1936 hadde Aursland stipend og studerte fonetikk ved universitetet i Uppsala. Frå 1936 til 1970 var han lektor ved Firda gymnas på Sandane.


Aursland skreiv artiklar i ulike publikasjonar, mellom anna i Fossegrimen, Årbok for Nordfjord og Jul i Nordfjord. I ein tiårsperiode frå siste delen av 1950-åra utvikla han ein teori bygt på observasjonar av sola sin gang i Gloppen. Konklusjonen hans var at det hadde vore ein solkult i Gloppen frå 400-talet (folkevandringstida), knytt til den norrøne guden Heimdall. Denne teorien gav også impulsar til ei ny-lesing av «Voluspå», eit norrønt gudedikt som fortel om menneska og gudane si historie frå skapinga til undergangen. Aursland les «Voluspå» som eit visjonsdikt knytt til den nemnde soldyrkinga. (Ei grundig utgreiing om Aurslands observasjonar og teoriar er å finne i Sveinbjørn Aurslands artikkel, i Årbok for Nordfjord 2016, sjå kjeldelista)


I 1947 gav Aursland ut Odin frå Valhall, eit stort lesedrama i fem vendingar. Men han vil meir enn å att-fortelje den gamle gudelæra. Teksten er også ein samtidskommentar – eller like gjerne: ein tekst om allmenne politiske ideal. Odins styre er bygd på vald, folkeforakt, egoisme og «hugen til makt». Resultatet vert eit lagdelt samfunn prega av urettferd og utpining av både folk og ressursar. Mot han står først og fremst Balder, forfattaren sitt talerøyr, som talsmann for likskap, fellesskap og ærleg arbeid. Teksten sluttar med ragnarok, og ein ny start: «Verdssoga skal bryggjast i nye kar, men dei har sleipe handtak. Ta hanskar av rettvise på!»



KJELDER

E‑post frå Sveinbjørn Aursland 1.12.2017


Sveinbjørn Aursland: «Heimdalls solanlegg i Gloppen og Voluspå. Ein presentasjon av lektor Johs. Aursland sin teori», Årbok for Nordfjord 2016. Sandane 2016

Ove Eide: «Johs. Aursland – ein mangfaldig og nytenkjande Firda-lektor», Ljøren. Sogeskrift for Gloppen, 2019

 

Nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane» http://forfattarar.sfj.no/johannes-aursland/




MERKNAD

Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.


תגובות


bottom of page