top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #29 - SIGURD RØNNEKLEIV

Sigurd Rønnekleiv var ein forfattar som mange hadde store voner til, men han døydde berre 26 år gammal.

 

Sigurd Rønnekleiv vart fødd 1. juni 1906 i Hyen (Gloppen kommune), og døydde 30. april 1932 på sjukehus i Bergen. Han voks opp i ein heim med sterk kristentru, hadde boklege interesser heilt frå ungdommen og bestemte seg tidleg for å gå skulevegen. I 1924-1925 gjekk han Nordfjord Folkehøgskule på Vereide, og byrja året etter på lærarskulen i Volda. Men på vårparten første skuleåret fekk han tuberkulose, og måtte slutte skulen. Det følgde år med sjukdom og institusjonsopphald, før han døydde i april 1932. Året etter gav familien ut eit utval av tekstane hans, Haust i vår. Poesi og prosa. I ei ny utgåve frå 1949 er det gjort nokre endringar, både i utval og i rekkefølgje av tekstane.

 

Haust i vår er ei samling med dikt, prosatekstar og aforismar. Samlinga viser eit tydeleg spenningsforhold mellom ei personleg gudstru og ein kritisk samfunnspessimisme. Vi finn dikt til heimbygda og naturstemningar, men også religiøse og filosofiske tekstar ved sida av tekstar som uttrykkjer sterk uro over den vegen samfunnet går, utan klåre åndelege verdiar. Materialisme, konkurranse og overflatiske verdiar set preg på samtida, og fører lite godt med seg. Ikkje uventa finn vi også tekstar som tematiserer den personlege situasjonen hans, tekstar som stiller spørsmål med meininga med sjukdom og død for eit ungt menneske. Trøysta finn forfattaren i ei sterk gudstru.

 

NOKRE DIKT

(frå Haust i vår, 1933)

 


MENNESKA

 

Menneska irest so vegville kring -

i ring – i ring.

 

Ser ikkje mål og ser ikkje med,

finn ikkje fred.


Balar og kavar i strid og i kiv,

og sund seg riv.

 

Og blanda er dagen med smil og gråt -

og ille låt.

 

So skjelv deira ljos, og dagane renn –

til ut det brenn.

 

Og ættene nye i æveleg ring

sviv same sving.

 


TIL DEI REVOLUSJONÆRE

 

Eg gjekk her og lo åt den store hop som kryp for alle dei fine; men gådde brått i mi inste grop at eg er nett som dei hine.

 

Det ligg ein slave i kvar manns hått for det som braglar og glimar - smått vert stort, og det store smått for desse kryplingestimar.

 

Dei strøymer etter der føre gjeng dei feite gullblanke fiskar, og store augo fortrolla heng ved deira skinande diskar.

 

Sume bannar og sume bed og tryglar tunt til dei store; men alle hermer i gjerd og sed som alltid slavane gjorde.

 

Det er ein grinande glytt å sjå at slaven lyt ha ein herre, og trøystar seg at han kunde få ein «massa» ti gonger verre.

 

Kva hjelper vel store og feite ord og alt dette kjempe-toet, kva hjelper vel gullstaup på alle bord, når slaven sit oss i blodet?

 

Kva hjelper kulor og krut og stål -kva hjelper revolusjonen, kva hjelper alt dette fridomsgnål når tanken sit i «prisonen»?

 

Men kan vi kveikje ein altareld og brenne dei kryplingetankar,  er den siste slaven seld, og fridom på døra bankar. 

 


TAKK, HERRE

 

Eg takkar deg Herre for vegen eg fann, om enn han var tung å brøyte; eg takkar for sola som ljuvleg rann, kjem det enn atter ei bløyte. Med smil gjennom tåre, som sol gjennom sky - eg skimtar den himmelbrua, som viser meg vegen æveleg ny til deg gjennom barnetrua.

 

Og møtte eg storstorm i nattsvarte skog, og kjende meg seld til fåren, eg øygnar det no, at det var din plog som brøytte meg veg mot våren. Og tykkjer eg verda er full utav mein og veilor på alle kantar, eg øygnar det no, at det var din stein som sliper på diamantar.

 

Det lyser eit merke og peikar mot sky der Golgata auga møter, her fann eg eit stormnatt so ljuvt eit ly med kvile for såre føter.

 

Her høyrer eg susen av æveleg vår som skjelv gjennom allheimsrømda, det lyser ein ljoske som klårleg spår ein sælare dag i kjømda.

 

 

KJELDER

Ove Eide: «Eit lokalt diktarjubileum: Sigurd Rønnekleiv 100 år», s. 56-58, i Ljøren 2006. Sogeskrift for Gloppen. Sandane 2006.

Bjarte Sindre: «Sigurd Rønnekleiv – ein gløymd diktar», i Sogn og Fjordane magasin 4/1989. Naustdal 1989.

 

Forfattarside om Sigurd Rønnekleiv på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»:

 

MERKNAD:

Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.

Comments


bottom of page