top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #28 - OLAV A. LOEN

Olav Andreasson Loen var bonde, kulturarbeidar og forfattar med sterkt engasjement i regionalt og lokalt kulturliv. Han var fødd 12. juli 1903 i Loen, Nordfjord og døydde same staden 6. juli 1984. Han var bonde heile livet. Av utdanning hadde han berre eitt år ved Voss Folkehøgskule (1920–21), der Lars Eskeland kom til å vere svært viktig. Han var tidleg engasjert i ungdomslaget og var leiar i Firda Ungdomslag frå 1950 til 1955. Loen var medlem av Kringkastingsrådet i 1959–66, og han fekk Stryn kommune sin kulturpris i 1981. Han tok initiativet til Årbok for Nordfjord og var skriftstyrar i bladet frå 1951 til 1979. Her bidrog han med ei rekkje artiklar.


Loen var sjølvlærd bokmann, og skreiv ei stor mengd bokmeldingar gjennom åra, i ulike lokalaviser, og i Gula Tidend og i Sunnmørsposten. Han var medlem av Norsk Litteraturkritikerlag.


Olav A. Loen skreiv mange større framhaldsforteljingar i tidskrift og aviser, såkalla utklippsbøker. Ottar Grepstad har funne 15 utklippsbøker av Loen i åra frå 1920 til 1934. Seks av dei er trykte i Unglyden, Noreg Ungdomslag sitt blad. Elles finn vi dei i ulike lokalaviser. (Oversyn over Loen sine utklippsbøker, sjå Grepstad 2022, s. 578 ff)


Både framhalds-forteljingane og dei første bøkene vart trykte under pseudonymet Olav Alvheim. Han debuterte i bokform med romanen Ung elsk i 1925. Seinare kom romanane Taterprinsessa (1946) og Trettandedagen (1958), og novellesamlinga Harde hender (1977). Bygda gav diktarsyn (1970) er ei samling med forfattarportrett. I 1980 kom diktsamlinga Det var deira draum. Loen skreiv også ei bok om forfattaren Ingvald Forsberg, ei gardssoge og var redaktør for to lokale jubileumsskrift.


I romanane og novellene byggjer Loen gjerne på lokalhistoriske hendingar og segner, i ei form som ligg populærlitteraturen nær. I Bygda gav diktarsyn trekkjer han fram forfattarar som han kjende seg i slekt med, skrivande menneske med bygdebakgrunn og med verdiar knytte til ungdomslag, målsak og folkehøgskule. Mellom forfattarane han skriv om i boka, finn vi Sigurd Eldegard, Petra Kvisli, Gro Holm, Amund Mork, Sigrun Okkenhaug, Sjur Bygd, Sigurd Kvåle, Knut Gjengedal og Leif Hasle.


TRE DIKT AV OLAV A. LOEN

(frå Det var deira draum, 1980)



EIT UTKANTMENNESKE


Eg stod på Løvebakken

og såg det yrande liv

i Tigerstaden.


Frå Fløyen såg eg

over Bergens hamn

der skip kom

og skip for

på det vide hav.


Men det var under Vardefjellet

i det lysmåla huset

med ark som eit fuglebur

eg høyrde til.


Der såg eg sola renne

og graset gro,

og der var eg venta

når eg steig inn.



DET VART ALDRI TID


Alle vil heim

til fiskarbåten

ved havet,

til tunbjørka

og sætervollen.


Det vart aldri tid.

Det vart berre

eit draumesyn.


Båten ligg kvelvd

i fjøra.

Tunbjørka står

mellom taklause hus

og sætervollen attgrodd

med nesler og skog.



VÅRT DAGLEGE BRØD


Vi treng brød,

ropar millionar som svelt,

men brødet treng ein åker

for å vekse og mognast.


Av jord under betong

og mellom klunger og tistlar

veks ingenting som gjev brød.


Plogen må leggje jorda svart.

Menneske må vere med

og få såkornet i jorda,

då først kan sol og regn

signe grøda.


Skulle det ikkje bli nok til alle,

kan vi kanskje overleve

om vi deler likt

med vår svoltne bror.

Det er berre eit matfat

til alle.

Vår jord

og vårt hav.


Ingen kan hente brødet

frå andre kloder,

Det er her vi skal dele

vårt daglege brød.



KJELDER

Reidar Djupedal: «Venetapet», Årbok for Nordfjord 1984. Sandane 1984

Ove Eide: «Å vite kvar ein høyrer til. Ein presentasjon av Olav A. Loens forfattarskap», Sogn og Fjordane magasin nr 3, 1984. Naustdal 1984

Ove Eide: «Bøker er vener du aldri vert lei av. Litt om Olav A. Loen si boksamling», Årbok for Nordfjord 1993. Sandane 1993

Ottar Grepstad: Bokhistorier. Bøker, forfattarar og forlag i norsk skriftkultur, Grepstad skriveri, Volda 2022


Forfattarside om Olav A. Loen på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane» http://forfattarar.sfj.no/olav-a-loen/


MERKNAD:

Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.


Коментарі


bottom of page