top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #27 - BRITA LIEN

Brita Lien var fødd 14. november 1875 i Bygstad i Sunnfjord og døydde 10. oktober 1965 i Sande, der ho budde på Gaular bygdeheim dei siste åra ho levde. Ho var aktiv i kristeleg lagsarbeid og skreiv oppbyggjelege dikt og songar til bruk i lag og organisasjonar.


Etter folkeskulen gjekk Lien den første «fortsettelsesskolen», seinare kalla framhaldsskule, i Bygstad, men fekk ikkje høve til vidare skulegang etter dette. Ho levde eit enkelt og nøkternt liv i Bygstad, der ho livnærte seg med tilfeldige jobbar.


Lien byrja tidleg å dikte, og ho var aktiv i lagsarbeidet i bygda, der ho skreiv i lagsblada og til ulike samlingar og møte. Ho var særleg engasjert i fråhalds- og misjonsarbeid. I 1890-åra var ho var med på å skipe det første misjonslaget i Bygstad, Det Norske Lutherske Kinamissionsforbund (seinare Norsk Luthersk Misjonssamband), og ho reiste rundt på oppdrag frå fråhaldsrørsla og skipa fleire lokallag i Sunnfjord.


I 1920 gav ho ut Femti songar. I forordet skriv ho at samlinga er gitt ut på oppmoding, og at tekstane «… er vortne til just under mitt daglege yrke». Ho håper at songane kan verte til hugnad for dei som kjøper heftet, og at samlinga kan gjere at ungdomen vil syngje meir. Songheftet vart utgitt av Kristian Ulltang (1891–1979), som dreiv trykkeri i Førde. Ulltang var grunnleggjar av avisa Firda og redaktør der i eit par periodar.


Tekstane i Femti songar er brukslyrikk, tenkt til kollektiv bruk på lagsmøte og stemne, mange av dei skrivne til tonar som er kjende også i dag. Eitt hovudtema er fråhaldssaka, med appellar om å halde seg borte frå rusdrykk og om gleda ved fellesskapen i fråhaldslaget. Mange av songane er klart forkynnande.- Nokre er skrivne til bruk under dei religiøse høgtidene jul, påske og pinse, men heftet har òg med songar om naturen, fedrelandet og heimbygda.


TO VISER



Nr. 49. BONDEYRKET

(tone: Jeg har båret lærkens vinge)


Bondefolk må trufast stræve

med si jord, sitt bondekall,

slite tungt med trauste neve

men det skin i bakkehall.


Blomarne i bakken blenkjer,

der det fyrr var stein og ur

bonden stilt med takk då tenkjer,

gløymd er striden tung og stur.


Strævsam i sitt dagleg yrke

kvar ei kvinne, kvar ein mann

traust og flittig garden dyrke,

då dei frukter hauste kann.


Idealet bak um yrke,

bøn um signing for kvar dag,

det vil sjæl og lekam styrke,

frukt det gjev av rette slag.


Ingen jordtræl må ein vera,

sjæl og hug mot himlen vendt,

det vil rette adling gjera,

ljos når livsens strid er endt.



NR. 26

(Tone: Al skabningen sukke)


Å, kunde du sjå det, du ungdom so fager

at lukka og gleda du vekk frå deg jager,

når burte frå Gud du på vidderne vankar

og kunstige blomar i verdi du sankar!


Å, kunde du sjå, at du livet forspiller,

når burte i leik og i lettsinn du viller!

Å, kunde du sjå det er verdi som lokkar

og narrar den unge i lag og i flokkar!


Å, kunde du sjå, korleis verdi kann dåre

og tale um fred sjølv i myrkaste fåre;

der huldri med gullharpa øyra kann døve,

dei fineste evnor frå ungdomen røve!


Men desse slags tonar er falske og range,

og evnor dei hev til å lokka og fanga,

men alltid dei inneheld dissharmonier,

og alltid dei fører på vildsame stier!


Å, kunde du sjå det du ungdom so fager,

kor herlegt det var i dei blømande dagar

med kropp og med sjæl i Guds arbeid seg gjeva,

dei komande dagar til signing få liva!


I livet er tusund uppgåvor som venter,

å liva til signing gjev høgaste renter,

personlig ein kristen i livet å vera,

det pryder ein ungdom, og det er ei æra!



KJELDER

Telefonsamtale med Kirsten Haugsbø 1.2.2019

Telefonsamtale med Solfrid Lien Reite 2.2.2019


Kristian Lien: «Brita Lien til minne», Firda 5.11.1965

Oddvar Hjelmeland: «Song- og musikk-trubaduren Brita Lien 1875–1965», Jul i Sunnfjord 1965


Forfattarside om Brita Lien på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»: http://forfattarar.sfj.no/brita-lien/

 

MERKNAD:

Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.



Comments


bottom of page