Ingrid Geithus, fødd Skarstein, var fødd 31. desember 1920 på Skarstein ved Berle i Bremanger og døydde 17. november 2011 i Vik i Sogn. Ho var bonde i Sogn og debuterte som forfattar då ho var 86 år gamal.
Som så mange i hennar generasjon måtte ho ta seg arbeid utanfor heimen så snart ho var konfirmert, den første tida som tenestejente hos ulike arbeidsgivarar. I 1940–41 arbeidde ho på vaskeriet ved Bremanger Smelteverk i Svelgen, og i åra 1942–44 var ho tilsett på kjøkkenet ved Gloppen tuberkuloseheim på Sandane. Deretter vart det eitt år på husmorskulen i Stryn, med eksamen våren 1945.
Frå hausten 1945 var ho tilsett ved Grefsen folkesanatorium i Oslo. Her var ho i eitt år. Hausten 1946 forlova ho seg med Bjarne Geithus frå Sogn, som ho hadde vorte kjend med då ho arbeidde på stølen i Geithus sommaren 1945. Dei to gifte seg i 1947, og frå då av var ho bonde på Geithus, ei veglaus bygd på sørsida av Sognefjorden.
Geithus debuterte som forfattar med diktsamlinga Ferdaskrinet i 2006. To år seinare kom Fjelldronninghagen, ei forteljing for barn om to unge gutar og deira opplevingar i natur og nærmiljø. Doggdropar i gamalt gras (2011) inneheld ti forteljingar og 30 dikt. Geithus, den gamle garden (2006) er ei gardssoge for staden ho budde på, med detaljerte opplysningar om driftsmåte, bygningar, stadnamn og historie.
Geithus henta stoff til både dikt og forteljingar frå det vestnorske fjord- og kystlandskapet, frå ei tid som fell saman med hennar eigen oppvekst i første halvdel av 1900-talet. I dikta skriv ho både i bundne og i frie former. Natur- og arbeidsglede er sentrale verdiar i diktinga hennar, saman med toleranse, truskap og pliktkjensle.
DIKT AV INGRID GEIRHUS
(alle frå Ferdaskrinet)
GRANNAR
To grannar kom heimatt frå kyrkjeferd,
dei rodde den breide fjord.
No åt dei poteter og sosekjøt
ved kvar sitt middagsbord.
Han Hans let vel over preika og sa:
Å, presten var kvass i dag,
det var mest så ein kunne tru
han var kjend i mitt nabolag!
Han la farisearen noggrant ut,
ja, sant som eg site her,
so grandgiveleg likt han nabo-Jens
og hans syndige fanteferd!
Den andre var ikkje mindre nøgd:
I dag fekk han nabo-Hans kjeft,
undrar meg på kva han tenkje no
når han vart so på kornet treft?
Angrar han på sitt syndige liv
med bannskap og synd og hor?
På alt han har loge om meg og mitt,
og på sauen han stal i fjor?
So gjekk dei og tok seg ein middagslur-
begge i rettferd og ro.
Men ingen veit kva Vårherre sa,
og om han gret eller lo.
LAGNAD
Den uredde kastar seg dristigt ut
i livsens kvervlande straum.
Den redde står att på strondi og slær
seg til tols med sin bleike draum.
Ein flyt som korken, so lettvint av stad,
ein sprengd i mot botnen driv.
Ein kjempar i motstraumens iskalde bad
for eige og andre sitt liv.
Mot kveld samlast alle i same hamn,
trøytte av livsens strid.
Men den som ber tyngst, det er vel han
som ber på sitt ulevde liv.
--- HAR DU GLØYMT KVEN DU ER?
(Under den kalde krigen med atombombetrugsmål)
Du skal ikkje tala med ringakt om jord.
Den er vårt opphav, og mold er vår mor.
I tallause former frå tidenes gry
er livet gjenskapt, på ny og på ny.
Og jord er det morsfang der livet får form
frå menneskje-«gudar» til uslaste orm.
Du gneiste av ånd med forgjengeleg skal,
eit atterreist Eden, det var ditt kall.
Di hand skulle verna den bryddande blom,
alt vakkert og godt gjeva næring og rom.
Ja, du vart sett til å vakta vår verd,
men du har svike og gløymt kven du er.
Du stiler mot høgdi, mot stjerner du trår,
og hovmodet veks for kvar grense du når.
Du vanvør` ditt opphav og kallar det «skit»,
ureinar og lemlestar det som var ditt.
Du smier deg våpen av jordbunde to,
og det du gjev jordi, er sysken sitt blod.
Du fengslar og valdtek den frie natur,
trælkar og sel og set den i bur.
Gift har du spreidd i hav og på land,
dømt livet til døden med bomber og brand.
Du kallar deg Herre, med jarnhand du rår,
har du gløymt at du berre på leirføter står?
Kom nedatt på jordi, bruk vitet, min ven,
ver bror mellom sysken, ein jordson igjen.
Eit vesen av ånd, men med lekam av mold,
skal atter bli jord og igjen gjeva fold.
KJELDE
Telefonsamtale med Per Olav Geithus 6.1. og 14.1.2019
Forfattarside om Ingrid Geithus på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»: http://forfattarar.sfj.no/ingrid-geithus/
MERKNAD:
Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.
Comments