top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #23 - ALF HAVELAND

Alf Kåre Haveland er fødd 23. februar 1940 i Eivindvik, Gulen i Sogn. Han tok eksamen ved lærarskulen i Stavanger i 1966, med vidare utdanning i norsk og kunsthistorie ved Distriktshøgskulen same staden.


Frå 1970 var Haveland busett i Tananger og tilsett som lærar i Sola kommune. Han hadde tenestestad først ved Stangeland skole og seinare ved Sande skole. I periodar var han òg lærar ved Folkeuniversitetet i Stavanger. Haveland vart pensjonist i 2003 og flytte då attende til Eivindvik.


I dikta sine skildrar Alf Haveland det vestnorske kystlandskapet og den kystnorske folkesjela. Han debuterte som lyrikar med Vridd kyst i 1978. Seinare har han gitt ut fire diktsamlingar til, barneboka Heksa (1985) og Postkort (1994), ei forteljing bygd opp av korttekstar som gir glimt frå ein kvardag prega av oppbrot, uro og einsemd.


Haveland sine dikt viser fram ein sterk kjærleik til det kystnorske landskapet, men samstundes har dei eit kritisk blikk på mangt i dei tronge bygdesamfunna langs vestlandskysten. Naturen er ei kjelde til vakre skildringar av landskap og vêrlag, men også grunnlag for enkle metaforar som opnar opp for større menneskelege samanhengar. Mange dikt kan lesast som kommentarar til trekk ved samfunnsutviklinga og samtidsfenomen som forfattaren synest lite om.

 

 

NOKRE DIKT AV ALF HAVELAND

 


VRIDD KYST


Stormen skola oss inn på stranda.

Her beit vi oss fast i torvene

og gav oss til å grave i jorda.

Steinar og røter bar vi vekk i digre kiper.

 

Vi vart svoltne

og kvesste tennene på bork

og skrinne hegre-ryggar.

Havet som tapte

hadde gitt oss ein støkk.

_  

 

Or jorda tvinga vi opp nokre nevar bygg,

og sjøen var ei kjelde

som i godlune la feite brosmesmular på fatet.

Den som var snarast,

fekk feitaste molen.

Vi byrja vakte kvarandre,

slo fingrane om same molen samstundes

og knefta han i hop til ei drevje.

 

Vi murte oss inn i kvar våre tun.

I grålysninga

når fisken slo rundt kringom skjera,

var vi grå kattar

som strauk lydlaust til sjøen.

Gjennom grannens tun bar vi støvlane i handa.

 

Om dagane kappast vi i slåtten,

lo kvar gong hesjane til grannen bles ned,

men medkjensla låg lagleg på lur

når vi møtte han.

 

Ved kaffibordet snakka vi lettare

om andre sine veikskapar enn våre eigne,

og vår åndsmakt rakk sjeldan stort meir

enn å halde oss orienterte om hitt folket.

 

Vi kokte brygg på haustkornet og vart rågalne.

Om det hende vi stakk ut augo på kvarandre,

bøygde vi oss audmjukt

for lensmann og prest.

 

Når åra krøkte oss i hop

og tennene losna i rota,

sat vi ofte åleine

bak gardinet i kammersglaset.

 

Før vi sløkte kvelds-lampa

talde vi myntane våre,

Og bad Vår Herre ordne det slik

at vi enno fekk leve lenge.

 

                                   (Vridd kyst, 1978)

 


LJÅEN

 

Enno heng denne ljåen

på knaggen i løa,

merkt av eit langt liv

i møte med gras.

 

Eg tek på orvet,

stryk dei slitne handtaka

og kjenner at poesi

er bra meir enn ord.

                                   (Visitt, 1983)

 


SPELET

 

Du klyv ikkje steile berget,

skyr hamrar og heng

med høge skorfeste i.

 

Du brukar dei oppmura vardane

langs løypa.

 

Der kan du skrike deg hås

og hopen vil alltid svare deg.

                                   (Visitt, 1983)

 

 


I GRÅLYSNINGA

 

Ein måse stryk over vika

med frukost i blikket.

 

Ein svart katt ligg på vakt

ved eit hol borti naustmuren.

 

Eg skubbar båten frå land,

har garn å trekkje.

 

I munnen alt smaken

av nykokt torsk.

                                   (Visitt, 1983)

 

 

 KURSEN

 

Kursen bør følgje leia

som ein bein strek.

 

Så pass veit eg

om det å stå til rors.

 

Men dei underlege straumane

under kjølen gir ein god dagi rette kursar.

                                   (Visitt, 1983)



KJELDER

Telefonsamtale med Alf Haveland 4.10.2018


Ove Eide: «Den kystnorske folkesjela», i Sogn og Fjordane Magasin nr. 1/1984

Forfattarside om Alf Haveland på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no http://forfattarar.sfj.no/alf-haveland/

 

Digitaliserte bøker av Alf Haveland på Nasjonalbiblioteket:


MERKNAD:

Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.


Comments


bottom of page