top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #21 - INGRID BJØRKUM

Ingrid Bjørkum er seniorrådgivar i Digitaliseringsdirektoratet. Som forfattar har ho skrive om barn og ungdom som strever med relasjonar.

 

Ingrid Bjørkum er fødd 19. februar 1957 i Drøbak, men vaks opp i Naddvik i Sogn. Ho tok eksamen ved Årdal gymnasklassar i 1975. Skuleåret 1975–76 gjekk ho på Mo jordbruksskule, og i 1980 tok ho eksamen i naturforvaltning/ressursøkonomi ved Noregs landbrukshøgskole.


Frå 1980 til 1982 var Bjørkum tilsett ved plan- og utbyggingsavdelinga i Akershus fylkeskommune. Frå 1982 har ho hatt ulike leiarstillingar i Sogn og Fjordane – i fylkeskommunen i to periodar, i 1982–84 og 1987–91, ved Fylkesarbeidskontoret i 1984–87, ved Fylkestrygdekontoret i 1991–95 og hos Fylkesmannen frå 1995 til 2007. Frå 2008 har ho vore tilsett i Direktoratet for forvaltning og IKT, no Digitaliseringsdirektoratet.


Bjørkum debuterte som forfattar i 1993, med ungdomsromanen Mias dagbok. Dagbokblad frå 70-talet. Gjennom dagboka vert vi kjende med Mia sine tankar, draumar og kjensler i løpet av det siste halvtanna året på vidaregåande skule. Ho har også skrive to radiohøyrespel for NRK: Mia og Mari (1995) og Jonas og jakta på T. Rex (1996). I det første høyrespelet møter vi to søstrer, 6 og 8 år gamle, i leik og arbeid på ein gard. Mia er den same jenta som vi møtte i dagboksromanen, men no ti år yngre. I det andre stykket er det ein seks år gamal gut som er hovudpersonen.


Felles for desse tre tekstane er at dei handlar om relasjonar, både gode og utfordrande, slik barn og ungdom kan oppleve kvardagane sine.


Bjørkum har hatt tekstar i fleire litterære antologiar utgitt av Sogn og Fjordane skrivelag, både noveller og dikt. I dette angår også deg!, som Trygdeetaten gav ut i 1995, har ho med tre noveller som illustrerer situasjonar som utløyser både rettar og stønadsordningar.



DIKT AV INGRID BJØRKUM



FROST


Kulden bankarpå ruta

mi i kveldog lokkar meddei vakraste

roser.


Eg kjenner deg veldu  sleppikkje innfor bjørkeved har egog toddyenler av deg


Men den kvelden du kjemkrypande innanfråblir eg reddhar eg

ingenting

                       

            (frå Vengeslag. Sogn og Fjordane skrivelag, 1995)



VARDEVAKT         


Ved den gamle varden står han

fjellbonden

Grove, tunge hender

held hardt kring steinane.

Ryggen krumbøygd

mot nordavinden.

Harde drag kring smal munnvitnar om hardare dagar.


Det bles hardt på toppaneseinhaustes.

Fyrste snøenligg alt i liene.

Siste sauenelyt hentast ned no.

Det er vel siste gongenhan finn dei her.


I sommar var planane klarefor konsesjon:Fossen i bandog elva turrlagt.Beste beitemarkalagt under vatn –


Fjellbonden held hardare kring steinane:Det er vel på tidermed slaktesending no.

                       

            (frå Diktet mitt, Landbruksforlaget 1977)




KJELDER

E‑post frå Ingrid Bjørkum 17.1.2020

Forfattarside på nettstaden Forfattarar frå Sogn og Fjordane: https://forfattarar.sfj.no/ingrid-bjorkum/



Digitalisert utgåve av Mias dagbok, Oslo 1993, er tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2007120704033


MERKNAD:

Denne artikkelen har vore publisert i ein tidlegare versjon i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no. Då Store norske leksikon (www.snl.no) tok over Allkunne i 2021, fann redaksjonen der ikkje plass for denne teksten og ei rekke andre som eg hadde skrive for Allkunne. 26 av desse vert no publiserte her på nettstaden pederhuset.no, alle i meir eller mindre justert/revidert form. Desse litterære påminningane har nummer frå og med 21 til og med 46 (LP 21- LP 46). Til skilnad frå artiklane i Allkunne har det no vorte plass til eit utval litterære tekstar av dei fleste forfattarane.



Comments


bottom of page