Vidar Bergset (1928-2020) var ein allsidig kulturarbeidar; lærar, forfattar, lokalhistorikar og organisasjonsmenneske. Forfattarskapen tel 16 bøker i ulike sjangrar: barnebøker, diktsamlingar, ein roman og ei novellesamling, andaktsbøker og sakprosa. Dessutan to hefte med tekstar av skrivande sambygdingar, frå skulekrinsane Rand og Fjelli.
Bergset vart fødd 2. mai 1928, på Fjelli i Stryn kommune. Etter lærarutdanning var han lærar fleire stader, lengste tida i Vartdal ved Gjøvik og ved Valdres folkehøgskule. Dei siste yrkesaktive åra var han tilsett ved Rand skule i heimekommunen. Bergset har hovudfag i norsk frå Universitetet i Bergen i 1978, med ei avhandling om Per-bøkene av Olav Sletto. Bergset var aktiv i lokalhistorisk arbeid, m.a. som redaktør for Årsskrift for Stryn Historielag 1992-2007.
Bergset debuterte som skjønnlitterær forfattar med barneboka Naudrop i fjellet (1968), ei forteljing i den eldre nynorske barnelitteraturens hovudtradisjon: realistiske skildringar av barndom og oppvekst på landsbygda. Både seinare barnebøker og novellesamlinga Lagnaden – og alle dei andre (1997) er realistiske forteljingar frå bygdemiljø, med tema knytte til grunnleggande krefter i menneskelivet. I forteljingane sine byggjer Bergset ofte på minningar frå eigen oppvekst i mellomkrigsåra.
I tre diktsamlingar, Ein stad å setje sin fot (1976), Utafor alt eg veit (1983) og I morgon skal vi møtast (1996), handlar det om enkelmennesket i dei store samanhengane, om natur og skaparverk, om tru og lengt, om barndom og om ei samtid der varige, kristne verdiar er på vikande front, erstatta av eit kaldare og meir overflatisk samfunn.
Bergset har skrive historia om Noregs Kristelege Folkehøgskulelag, ein biografi om den danske forfattaren Kaj Munk og ei bok om språkutvikling og ordhistorie. Den siste boka han gav ut var Heim til jul. Juletradisjonar gjennom tidene (2019).
EIT UTVAL DIKT AV VIDAR BERGSET
ALT SOM IKKJE ER MITT
Du tel dine sølvskeier
og statsobligasjonar
i seine nattetimar.
Eg har morgonsola,
regnet og vinden –
Gåsunge-kvister med dogg,
venleg kviskring
i sovande skogar.
Kveldssol-gull,
nattstjerner på bleik himmel.
Kvar dag gjer det meg
ustanseleg rikare,
alt som ikkje er mitt.
SPEGEL
Eg har ikkje spegel.
Eg vender meg
og ser mot bror min.
Det er han som veit
korleis eg ser ut.
SAMLAR
No har eg samla
gjennom mange år,
no har eg alt eg
ikkje treng
for liv og død.
ENQUETE
Mi oppgåve
som lærar
for unge menneske – ?
Eg trudde det var
å slengje lynstrålar ut
frå eit opphøgd kateter
i mosaisk inspirasjon,
å slå på berget
så dei dulde kjelder fløymde fram –
Men så er det å hjelpe til
med å banke nuddar
i skosolane til dei unge
så dei tryggare kan gå
over skrapjarn og knuste ølflasker.
REGN-MUSIKK
Huset mitt
er midt i regnversdagens
store festkonsert;
Sukle-sonatar i takrenna,
drope-symfoniar på skifertaket,
vinden og regnet
i lette ballett-trin rundt nova.
Drivande væte
teiknar ein regn-Beethoven på glasruta
tunglasta skyer
slepper ned skurer
av mjuk musikk over gras og strå:
«Fjell-Noreg» for bekke-kor,
«Andante Cantabile» i kvernfossen,
utvalde serenader gjennom storbjørka.
Dropefingrar spelar etyder
ute i singelgangen.
Alle i mitt hus
har gratisbillett
til festkonserten,
som er over når det store lyset
på nytt fløymer over salen
og tusen glitrande, våte lauvblad
klappar i frygd –
Ekstranummera
får vi i morgon.
SPEGLE SAMTIDA
Det blir sagt
at diktinga skal spegle samtida.
Ja, så sit vi her då – i halvmørkret
og speglar og speglar
heilt til einkvan kjem med eit lys.
KJELDER
Denne teksten er ein litt utvida versjon av artikkelen om Bergset som var tilgjengeleg på www.allkunne.no, nettleksikonet som no er lagt ned.
For grundigare presentasjon av Bergset: sjå Ove Eide: «Då er det enno von for menneska – om Vidar Bergsets forfattarskap», Jul i Nordfjord 2008.
Forfattarside på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»:
Digitale versjonar av Bergset sine bøker på Nasjonalbiblioteket:
Comments