Search

LITTERÆR PÅMINNING #2 - ABSALON STEINSAAKER

Updated: Nov 21

Vi fortset vår serie med litterære påminningar. Og denne månaden gjev OVE EIDE oss eit lite riss av historia til forfattaren ABSALON STEINSAAKER frå Breim.

"Eg vilde verta ein spelemann, ja, ein av frægaste slaget, som kunde svala den hug, som brann, og skapa gaman i laget. Når klongen lydde so mjuk og linn, då vakna gleda i hugen din. Draumar og lengt, alt som var stengt, eg lokka fram fraa mi fela"

Absalon Steinsaaker (1880-1944) er ein forfattar som er vel verd å minnast – både for diktinga si og for eit særmerkt liv. Han voks opp på garden Steinsåker i Breim, og hadde Gabriel Reed til lærar i folkeskulen. Av Reed lærte Steinsaaker også felespel. Etter lærarskulen var Steinsaaker lærar fleire stader i landet, mellom anna i Fana, Krødsherad og Sigdal.

Steinsaaker sleit mykje med helsa, og i åra 1910-1917 var han innlagd på psykiatrisk institusjon.

I 1936 fekk han eit stipend og reiste til Berlin for å oppleve dei olympiske leikane. Han sykla til Tyskland og tilbake, og skreiv reisebrev frå turen. Desse vart trykte i Fjordabladet på Nordfjordeid. I 28 nummer av avisa kan vi følgje Steinsaaker på turen, med observasjonar og tankar kring det han opplevde under vegs.

Steinsaaker gav ut to diktsamlingar, Nokre bogedrag (1909) og Glimesteinar (1923). Han var inspirert av norsk natur og norsk historie. Særleg sterk er kjærleiken til Nordfjord og bygdene kring fjorden. I alle år var han ein ivrig bidragsytar til blad og aviser, med både dikt og prosatekstar.

I 1937 kjøpte han eit småbruk i Fiskåbygd på Møre og blei bonde. Han budde han til han døydde i 1944.

I Årbok for Nordfjord 1984 skreiv Olav A. Loen om Steinsaaker. Her siterer han noko Steinsaaker har fortalt om då han blei innlagd: «Hadde vel aldri fløtt derfrå om eg ikkje hadde vorte nervøs av skulearbeidet, og so av uvite folk førd i asyl.» På sine eldre dagar fortale Steinsaaker til venen Per Storeide at «Han fekk trøbbel med nervane etter at ei jente han hadde huglagt, vraka han. Noko han seinare aldri kom over, fortalde han» (i Loen 1984).

(Om Steinsaaker, sjå Ove Eide: «Absalon Steinsaaker», i det nynorske nettleksikonet www.allkunne.no

Absalon Steinsaaker: LIVSSOGA

I 1922 møtte J.M. Steffensen Steinsaaker under Firdastemnet i Måløy og ba han skrive ned livssoga si: «Han var ikkje med det same nett huga på det, då han fann at namnet hans liti interessa hadde for ålmenta i det store og heile. Han var berre ein einsleg, lite vyrd mann, som berre var glad for at han fekk liva millom det andre folket.» Men han skreiv likevel livssoga si.

Utdrag frå Absalon Steinsaaker si livssoge, med eigne ord (frå Ung Norig, 1923)

«Eg er fødd på Steinsaaker i Breim den 18. august 1880. Foreldri mine var vanlege bondefolk. 16 aar gamall gjekk eg «Amtsskulen» paa Florøy. Klonteig heitte styraren og den kjende norskdomsmannen Elias Melvær var den andre læraren. Melvær var lærar i norsk; og det er honom eg har aa takka for, at eg vart gripen av norskdomstanken i so tidleg ein alder. 17-18 aar gamall gjekk eg fyreskulen til seminarie hjaa Kaarstad og Øvrelid i Volda. Her vart eg endaa meir styrkt i norskmaalsansen.

19 aar gamall kom eg til Elverum og tok lærarprøva i 1901. Lærarne ved skulen var daa: Eftestøl, Schulstad, Vislie, Kirkhusmo og Bakketun. Her var det hugmaallivet rotfesta i meg for aalvor. Eftestøl var ein glup lærar i soga og religion, fordomsfri og hugheil. Dei andre lærarne likeeins i sine fag.

Her i Elverum vart det soga og religion, norsk og naturfag eg hugga meg mest med. Men far hadde vore ein streng religiøs mann og vilde ikkje vita av noko anna enn det gamle. No byrja eg skyna, at religion var noko som «vite» laut meistra og. Eg byrja skyna, at Gud som eg grunda so mykje paa, maatte vera aa finna i naturi. Det vil segja: Han laut vera sjølve naturkrafti, for elles kunde han ikkje vera den altraadande og allstad verande Gud. Soli vart daa for meg den som openberra Gud mest og klaarast. Fraa henne strøymde Guds skapande og livgjevande kraft yver all rømdi. (…) I 1910 vart eg noko nervesliten og sjuk so eg laut slutta skulearbeidet. Uskynsame folk drog meg daa paa galehuset – asylet – utan noko vidare etterrøknad fraa lækjarar. Eg vart soleis utan verja stengt inne paa eit asyl i 7 aar. I denne tidi fyrr og etter eg kom paa asylet kom eg endaa nærare naturi i mine tankar og draumar. Eg skyna, eg hadde naturkrefterne med meg, og at soli og ljosheimen høgt og laagt skreiv meg fri for sinnsjukdom, som dei dømde meg til i Sigdal. Men folket skyna lite skrifti fraa naturi si sida. (…) I 1917 kom eg utatt fraa asylet. Aandeleg var eg like sterk, men kropsleg var eg veik. Eg drog paa meg ein leid tarmkatar paa asylet. So var eg heime paa Breim eit aars tid hjaa ein slegtning. Tok saa til att med skulearbeid i nærleiken av heimbygdi. Seinare har eg no skula baade i Nordland og Trøndelag. No er eg lærar paa Laksøy i Meldalen ikkje langt fraa Svorkmo. Denne posten tok eg mot her i aar (1922).

Daa eg tok til att med skulearbeidet byrja eg til skriva att. Dei kvæde eg har skrive var jamt ut fraa mine natursyner. Det krinsar mest um Breim og Nordfjord. Sume tider kunde eg fljuga vidare. Men særleg var Breim hjarteheimen for meg med sine djupe blaa vatn, brederanda fjell, døkke dalar, grøne lider og fagre grender. (…) Dei same tankar eg hadde fraa Eftestøl og seinare i livet fann mest hjaa Anders Hovden freistar eg faa fram i alt eg skriv. Naturi er idealet for alle. Der bur Gud, og ho er Gud – fager aa sjaa for alle og einkvar som vil sjaa han i solham. Det gjekk med mi nye tru som med maalsaki. Eg vart lite skyna og ensa. Men her galdt det ikkje ganga attum «bøygen», men ganga rett paa aa drepa draken liksom Sigurd Favnesbane».

TO DIKT

AA GJEV EG HADDE EI FELA GOD! (utdrag)

Aa gjev eg hadde ei fela god! som kvar ei sjæl kunde grøta og kveikja brand i det valne blod og hjarteveilorne bøta, daa bar eg solskin og helsebot til dei, som kulsar um hjarterot. Verdi so vid huga på strid laut gjeva gaum paa mi fela

Eg vilde verta ein spelemann, ja, ein av frægaste slaget, som kunde svala den hug, som brann, og skapa gaman i laget. Når klongen lydde so mjuk og linn, då vakna gleda i hugen din. Draumar og lengt, alt som var stengt, eg lokka fram fraa mi fela

(…) Eg skulde spela so kvat ein laat lik fosseduren den kaate; men braatt so skifte det um til graat, so augo dine vart vaate, naar felestrengen gav klageljod fraa mannebarmen so tøytt og mod. Suti so arm inne i barm ho klaga saart fraa mi fela

Dei fagre blomar som sulka var og folna burt i si kvida, som skjemdarmerket i panna bar og mykje vondt maatte lida. Dei mange arme i alle land, som sukka tungt under træleband, livande lik, hemnfuse skrik dei gret og bad fraa mi fela

Eg vilde berga kvar syndesjæl, som for paa vegarne ville, som aldri kjende seg glad og sæl men gjorde det, som var ille. Det kalde hatet mot Gud og mann, som ikkje tinte naar soli rann, - lurande troll, draugar i koll dei stokk i stein for mi fela. (…)

Den sanne elsk millom møy og mann eg tolka best gjenom spelet, der kjenslevarmen i bringa brann hjaa tvo, som kjende seg sæle, daa vart du glødd av den same glod som bar deg fram paa ei straaleflod. Tonen du saup, gav deg sin daup, naar lunden steig fraa mi fela

(merk: lund = av norrønt, «melodi», «tone»)

GJÆTARGUTEN

Guten han gjekk uti skogen aaleine; der vart han klumsa av tonar so reine. Slaattarne steig ifraa fossen so kaate; der spela nøkken på strengjene vaate. Sullande, skjelvande, lette og tunge lydde dei lundar, som trylte den unge guten.

Daa tok han fela og la ho til bringa; daarande tonar fraa henne han tvinga. Sidan so vart han ein meister aa spela! Vaarlivet leika og song ifraa fela. Suti og gleda og draumarne dine lokka han fram paa dei blanke og fine strengjer.

0 views

© Pederhuset

Rådavegen 90, 6827 Breim * Pederhusets Vener:  Org nr. 820 529 642 * Kontonr: 3633 57 53024 * VIPPS: 523488 

  • Facebook
  • Instagram - svarte sirkelen