top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #19 - JENS OLAVSON ESPEDAL

Jens O. Espedal frå Fjaler er ein av våre «unge døde», ein kvardagsnær lyrikar og samfunnsengasjert skribent som få kjenner til i dag.


Jens Espedal vart fødd 5.2. 1898 og døydde 13.11.1925, berre 27 år gammal. Han var odelsgut, kom tidleg med i arbeidet på garden og var stolt av bondeyrket: «Eg er bonde, berre bonde, og veit du deg noko gildare yrke å velja? Det største tå alt er å tena livet, og det gjer kvar ærleg og trugen bonde i fullaste mål».


Som odelsgut vart det ikkje høve til så mykje utdanning etter folkeskulen. Men han gjekk Mo jordbruksskule i 1917 og seinare var han to bolkar ved Voss folkehøgskule. I ungdommen blei han engasjert i målsaka, og bestemte seg for å samle alle bøker som var skrive på landsmål av viser og dikt. Boksamlinga som han bygde opp, er eit konkret døme på dette engasjementet. Denne samlinga vert no teken hand om av Jakob Sande-selskapet i Dale, med utstilling og informasjon om forfattaren.


Dei siste åra han levde skreiv han ein dialektnær nynorsk, bygt på sunnfjordmålet slik han kjende det, både i ordval og uttale.


Frå 1920 hadde Jens O. Espedal dikt og prosatekstar på trykk i Gula Tidend og i Unglyden. Men han vann aldri å gje ut noko i bokform. I 1924 skadde han seg i ein fot, det sette seg verk i såret og han måtte på sjukehus. Han fekk tuberkulose og døydde i november 1925.


Året etter at han døydde gav familien ut eit utval av dikta hans: Kvardagskvæde. Tittelen på diktsamlinga er ein god veg inn i forfattarskapen: Espedal skreiv om den verda han arbeidde og levde i. Det ligg eit kunstnarleg program i tittelen – og eit politisk. Han skreiv om bonden og ætta, om jorda og skogen, og om kjensler alle kan kjenne seg att i, men han hadde også augo vende utover, mot politikk og storsamfunn. Der såg han mangt han likte dårleg: Mammon har teke styringa i samfunnslivet, folk har vorte likesæle og bryr seg lite om vondskapen i verda.

I Kvardagskvæde finn vi mange dikt om kjærleik, svik, einsemd og voner. Livet kan nok vere tungt, men forfattaren formidlar også ei tru på grokrefter, både i naturen og i menneskelivet. Desse kreftene let seg ikkje trakke under fot, men er ei lov som gjeld for både naturen og for samfunnet. I denne trua på livet ligg det ei veldig håp om endring, både i samfunnsliv og i enkeltmennesket. Vokster-kreftene peikar dermed mot ein ny samfunnsskipnad. Som forfattar er Espedal livsdyrkar og revolusjonær.


I prosatekstane i Unglyden møter vi ein svært radikal bondegut, som gjekk til sterke åtak på alle dei sentrale samfunnsinstitusjonane i landet: kyrkja, skulen, kapitalkreftene og forsvaret. For Espedal har kyrkja svikta Kristus sine ideal, og vorte ei trælemakt. Ho har brydd seg lite om sosiale spørsmål og vorte ein fiende av framsteg. Kristendomen vert ei maske ein kan ta på seg kvar søndag – og så synde resten av veka.


Den norske skulen er prega av åndlaust pugg. Espedal vil ha «samfunnsetikk» som hovudfag, ei lære om ansvar for samfunn og medmenneske. Han vil utjamne ulikskapane i samfunnet, og ta jord frå dei som har meir enn dei treng. Som i skogen lyt ein vere rothoggar, berre slik kan det unge og livsfriske vekse opp. Alt liv og groe kjem nedanfrå – slik også med samfunnsendringar: Ein revolusjon er å samanlikne med bondens nybrot, nødvendig for å skape nytt liv.


Espedal kalla seg sjølv «bonde og bolsjevik», var konsekvent pasifist og ein glødande talsmann for revolusjon og samfunnsomvelting. Hos Espedal er våren eit bilde på revolusjonen, ei årstid som bryt ned det gamle og let nytt liv gro: «For dei konservative må våren vera ein leid torn i auga: han er argaste «bolsjeviken» eg veit, sjølve Lenin vert små-svein mot han.»

Nokre dikt av Jens Olavson Espedal (alle frå Kvardagskvæde, 1926)



KVARDAGSKVÆDE


Nei eg er visst ingen storskald eg

- eig lite flog det eg tenkjer.

Eg grev vel tidast i mold og aur

der sjeldan gullkorna blenkjer.

Og folk dei kallar det tøv og tull

- eg trøyster meg:

Der kan finnast gull.


Å ja eg er berre ein småskald eg

og smått er vel alt eg drøymer.

Men grava vil eg mi ættarjord,

vil sjå kva som grunnen gøymer.

Og lat so dei bruka munn og ris

eg syng lell eg

på mi småskald vis.



Å KVEIK –


Å kveik om landet ein heilhugsbrand

som fengjer heile vårt fagre land!


Å lat her blåsa ein livsens storm

som vekkjer ætta or dval og dorm!


Å lat her vårast i haustgrå hug

og ætta mannast i dåd og dug!


Å gjev her snart renn ei grorrik tid

og folket sviv mot ein lagnad blid!



SIGNE DEG BONDE –


Signe deg bonde som odlar di jord

grøftar og grev og sår te og plantar,

legg under plogen blautmyr og rantar

strevar og slit utan klynkande ord.

Ryggen din kroknar og fingrane stivnar

gleda du heve når livet det livnar.


Moldtræl dei kallar deg, spottar ditt slit

- veit `kje at jorda mannen sin løner,

el dei livsfriske døtre og søner,

- jorda ho løner som mannen hev vit.

Lat dei hæda og moldtræl deg kalle,

yrkje ditt bonde er størst ut tå alle.


Grava du bonde si steinfulle jord,

tena du livet trufast og trugen.

        - Mangt veit eg vel du ber ut i hugen,

hugsyn og lengslor som aldri fekk ord.

Tegjande gjekk du der, vona og drøymde,

dyraste gullet te ættene gøymde.



HANDKVITE HERRE - - -


Handkvite herre, so stroken og slett,

aldri vart sveitt eller svart uttå strevet,

aldri fekk blemmor tå slit i din neve,

seg meg: kven klædde og mata deg mett?


Kven var det som ofra og byrdene bar,

kven fekk vel svida og træla og bløda,

kven bar all dagsens hete og møda?

        - Handkvite herre, du unne meg svar!


Kven var det som myrda, rana og stal,

kven trakka fridom og rett under føter,

kven gav dei lover der urett hev røter?

        - Svar du meg herre, i gullprydde sal!


Handkvite herre, der kjemer ein bolk,

då dei du trælkar seg reiser med velde.

Då fær du løna di, du og ditt elde,

best var det truleg, du no for som folk!

(merknad: elde= slekt)



Å, VON –


Å, Von, du mi vårkvate solmøy,

å smil du meg blåøygd i mot:

for eg er ein tvilar, gudbetre,

og trua ho brest for min fot.


Ja, eg er ein tvilar, gudbetre

som endå te tvilar på tvil;

Men kjæraste blåøygde solmøy

å unn meg din ljosaste smil!



VED EI STORMANNSGRAV


Herunder søv ein unemnd svein.

På låge tuva villblom gror,

eg finn `kje stein med fagre ord

som nemner kva han var på jord.

Ånei, den vona slapp eg vel,

han var og bert ei kvardags sjel

ein hæv og trugen arbeidstræl

som grov i mold og sprengde stein.

– – – I vyrdnad tek eg hatten av,

eg stend då ved ei stormannsgrav!



KJELDER

Ove Eide: «Bonde og bolsjevik – ein sunnfjordsk Olavson (Vinje)». Jakob Sande. Årbok 2002

Forfattarside på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»:

 

Digitalisert utgåve av Kvardagskvæde på Nasjonalbiblioteket:

コメント


bottom of page