top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #15 - NIKKA VONEN

Kvinnelege pionerar – både i kultur og vitskap – har ofte vorte sette i skuggen av menn som verka i same tida. I «Litterære påminningar 14» trekte vi fram Bolette Pavels Larsen. Ho hadde ein viktig rolle i samtidas kulturliv, men har i ettertida fått ein beskjeden plass i oversynsverk. Ei anna kvinne som også verka i siste halvdel av 1800-talet og inn på 1900-talet, var Nikka Vonen (1836-1933) frå Dale i Sunnfjord. I ettertid er ho best kjend som pedagog, men ho var også folkeminne-samlar og forfattar.

 

Biografi

Nikka Vonen sine foreldre var Bertil Vonen (1799-1868) frå Naustdal i Sunnfjord og Berthe f. Skjerdal (1794-1843) frå Gloppen, søster til den første ordføraren i kommunen. Bertil Vonen var børsemakar, handelsmann, postopnar, gjestgjevar og gardbrukar – med fleire kommunale verv.

 

Då Nikka Vonen var 11 år, begynte ho på «Lindemanns Pensionat og Skole for Pigebørn af den bedre Classe» i Davik i Nordfjord. Seinare var ho elev ved Nissens Pigeskole i Kristiania, i guvernanteklassa. I fleire år var ho guvernante i ulike familiar på Aust- og Sørlandet.

 

Pedagogen

I 1869 kom Nikka Vonen tilbake til Dale og starta «pikeinstituttet» sitt der, påverka av erfaringane frå pensjonatskulen i Davik og tankane til den framstegsvenlege pedagogen Hartvig Nissen. Vonen dreiv skulen sin fram til 1907. I løpet av desse tiåra hadde ho om lag 800 elevar, også mange frå utlandet. Vonen var kjend som ein meister i forteljekunst, var påverka av Grundtvig og hadde sterk omsorg for den enkelte eleven.

 

Då ho døydde, skreiv soknepresent i Fjaler minneord – og heidra pedagogen:

Hun innskrenket sig ikke bare til å meddele kunnskaper, men hovedsaken var for henne å gjøre elevene sine skikket for livet. Hennes undervisning og oppdragelse var i beste forstand oppøvelse i livskunst. Med henne er en av de mest særmerkte kvinner vårt land har eid, vandret bort.

(etter Offerdahl 2015. s.15)

 

Folkeminnesamlar

Eilert Sundt oppmoda henne til å samle folkeminne og stoff frå folkelivet, og det gjorde ho: Arbeidet hennar femner om segner, eventyr, gåter, folkeviser, dialektord, leikar og skildringar av kvardagslivet i bygda.

 

Folkeminnegranskaren Rikard Berge har skrive om henne at ho «… fortener rom millom dei beste Folkeminnesamlarane me hev.» (sitert etter Hekneby 2010, s. 67)

 

Forfattaren

Nikka Vonen vert rekna som den første kvinnelege prosaforfattaren i nynorsk litteratur. I 1864 begynte ho å skrive ned stoff frå bygdelivet. I desse folkelivsskildringane er personar og hendingar henta frå kvardagslivet, med samtaler og replikkar som karakteriserer både menneska og miljøet.

 

Forteljingane er skrivne på dansk-norsk, men replikkane er på sunnfjordmål. Rikard Berge vurderte forteljekunstnaren Nikka Vonen slik:

Naar ein les folkelivsskildringane hennar, tykkjer ein det er gripande kunst. Ho nyttar mykje røda, og gjeng med ein gong lukt inn i situasjonen. Det er ein diktar som gjev desse bilæti liv, og det er ein kunstnar som vaker yvi formi. Det er so uendeleg einfelt altsaman… «

(sitert etter Idar Stegane i Kvinner i nynorsk prosa, s. 26)

 

Den same Berge sa også at «…bokmaalshinna er so tunn ein kjenner det bankande blode av folkemaale allstad» (Etter Hekneby 2010, s. 68).

 

Forteljingane vart trykte i det Grundtvig-inspirerte tidsskriftet Folkevennen, Vinjes Dølen og målbladet Svein Urædd. Sjølv om dansk var skriftmålet hennar, var ho sterkt opptatt av målsaka, og ho var den første kvinnelege medlemmen i Vestmannalaget.

 

 

Ein tekst av Nikka Vonen

 

«Folket paa Korsvolden» (Nikka Vonens original-tekst, etter Offerdahl 2015)

 

Paa gaarden Korsvolden i Indre Holmedal boede et Par Folk, hvor Manden havde det saa, at han drak i turevis, og begyndte han først, kunde han holde paa i 8te Dage. Saa hændte det en varm Sommerdag, som de havde det aller travlest med Arbeide, at Manden forlod dette, og gik ind i Stuen efter Penge. Konen, som forstod, at han vilde til Gjestgiverstedet, lod som ingenting.

        

Lidt efter gik ogsaa hun ned i Osen, og tog Penge med. Da hun kom derned, havde Manden allerede faaet lidt i Hovedet. «Nei sete Du her?», sagde Konen idet hun kom ind i Kramboden. «Ja eg sete her, men ka ve Du?» «Aa, eg vilde no bære sjå ne. Ska du sitje her, ve eg sitje me Deg. Eg tykje dat er ilt, Du ska sitje aaleine. Du veit, Folk snakka so maangt om dat, Du sete her, og so tænkte eg dat, me er daa Egtefolk, og so kunde eg take noke taa Skamma paa meg.»

 

Derpaa forlangte hun Brendevin, og sagde til sin Mand, idet hun skjænkte i til ham og sig selv, - «ja, no ska` me halde Gilde.»

 

Da de hadde siddet en Stund, blev Manden urolig og sagde: «Ditte gaar ikkje an Kone, at me sete her beggje. Du lyte gaa heimatte og sjaa te Folket, at noke værte gjort. Da er nok at eg sete her, om ikkje Du og ska sitje.» «Jau, hjælpe meg vil eg sitje, saalengje Du sete. Du veit, me hæ lova til deile Ondt og Godt, og dar du er, vil eg være. Dat me hæ lova, ska me halde.»

 

Nu blev Manden rent ilde ved, reiste sig og sagde: «So lyte me gaa beggje daa.» Ja dette fandt Konen, der var Mening i, og begge gik hjem.

 

Han prøvde nok senere nogle Gange at gaa afsted for at tage en Rus, men da Konen altid kom efter og sagde, hun vilde gjøre som ham, holdt han ganske op og blev en god og arbeidsom Mand.

 

 

Kjelder

Breivik, Inger Lise mfl. (red): Kvinner i nynorsk prosa. Det Norske Samlaget 1980

Hekneby, Greta: Nikka Vonen. Folkeminnesamlar, skulestyrar og målkvinne. Selja Forlag, 2010

Hekneby, Greta: Nikka Vonen. Skulestyraren og tradisjonsberaren. Fjaler Sogelag 2022

Offerdahl, Einar: Sunnfjordingen. Tekstar av og om Nikka Vonen og Ole W. Fasting. Selja Forlag 2015

 

Forfattarside på nettstaden «Forfattarar i Sogn og Fjordane

 

Kommentarer


bottom of page