top of page

LITTERÆRE PÅMINNINGAR #14 - BOLETTE PAVELS LARSEN

Bolette Pavels Larsen (1847-1904) er nok eit ukjent namn for mange i dag. Men dei siste tiåra av 1800-talet var ho ein sentral kulturarbeidar og forfattar i Noreg. Ho var den første som skreiv forteljingar på sognamål, ho var sterkt engasjert i målsaka, var omsetjar, føredragshaldar og litteraturkritikar i Bergens Tidende frå midt på 1880-talet – eit svært uvanleg yrke for ei kvinne på denne tida. Ho hadde kontakt med mange av dei store forfattarnamna i tida, som Arne Garborg, Hulda Garborg, Knut Hamsun og Hans E. Kinck.


Ho var fødd i Sogndal i ein embetsmanns-familie, og budde her til ho var 18 år. Seinare budde ho i Bergen. Faren, Jonas Lund, var prokurator (advokat) – men vart avsett frå stillinga si på grunn av embetsmisbruk. Mora, Marie Munthe, kom frå embetsgarden Ytre Kroken i Luster, eit kultursenter i Sogn på 1800-talet.


Bolette Lund gifte seg med Ole Johan Larsen i 1874 – og det skjedde i Gloppen, der eldste søstera budde. Ho var gift med Andreas Diodorus Jespersen, som var kapellan i Gloppen 1872-1875. Om han skriv Jacob Aaland i bygdeboka frå 1935:

Han skipa eit misjonslag i heradet og eit lærarlag. Formannskapet i Gloppen kaara (= valde) honom med i den nemndi som skulde arbeida for aa faa ny kyrkja og kyrkjegard paa Breimn, og her gjorde han godt arbeid. Han var i alle maatar ein dugande prest og sers umgjengeleg og folkeleg i all si ferd, og kyrkjelyden sette honom høgt i vyrdnad og kjærleik. (s. 199)


Forfattarskapen

Bolette Pavels Larsen gav ut tre bøker med eigne forteljingar: Smaoe skjeldringa (1897) var skriven på sognamål, medan Smaa skildringer (1897) er på dansk-norsk, med eit større utval forteljingar enn i boka på dialekt. Kløver og klunger kom i 1902, også denne er skriven på dansk-norsk. I 1888 gav ho ut ei samling av svenske Henrik Wranérs forteljingar: Staaveprat, med undertittelen «Fritt omarbeidd pao sognamaol».


Eitt viktig tema i forteljingane hennar er skilnadene mellom bønder og embetsmenn, mellom by- og bygdefolk. Sympatien ligg hos bønder og husmenn, sjølv om ho også kan utlevere laster og lyte hos dei. I fleire tekstar viser ho fram kvinnelagnader, og ho er opptatt av det nasjonale.


Dei tiåra Larsen var aktiv i kulturliv og samfunnsdebattar, var motsetnaden mellom bønder og embetsmenn ein av hovudkonfliktane i Noreg. Bolette Pavels Larsen kjende godt begge kulturane, oppvaksen som ho var på landsbygda, i ein sakførarheim. Anton Aure skreiv om henne:

Fru Bolette Larsen hadde det beste baade av bonde- og embættsmannsdaningi i sitt lag og sin tale. Ho var vyrdeleg som bondekonorne fyrr i tidi, og ho var fri og urædd som embættsfolket. Det var naar ho las upp, noko bljugt og mjukt i røysti, som tok folk um hjartat kvar ho kom. (Kvinnor i den nynorske bokheimen, 1916).


Bolette Pavels Larsen var opptatt av norskdom og nasjonal kultur, med eit vidt spenn av emne: Ho skreiv (og snakka ) om husflid og vevkunst, om treskurd og rosemåling, om turisme og litteratur, om klesdrakter og språkleg snobberi.


I Bergen var ho med i Vestmannalaget, det første mållaget i Noreg (skipa 1868), ei tid også styremedlem:

Det var sjølvgjeve at fru Larsen laut verta med i maalreisingsarbeidet. Naar ho høyrde «fine» folk kalla bondemaalet og bondeyrket «simpelt», daa vart ho harm. Dei bønder og husmenn som heldt fast paa maalet sitt og som dyrka jordi si med kjærleik og dug, dei var for henne beste adelen i landet. (Anton Aure, 1916)


Ho er innom slike tema i forteljingane sine også, med spark til byfolk som såg ned på bøndene og bondekulturen. I «Sognablo» let ho hovudpersonen tenkje dette: «Ettedi eg inkje e fødde i byn, pla eg sjao på bønde so` pao menneskja.»


Bolette Pavels Larsen sine folkelivsskildringar kan lesast som interessante tidsbilde, men dei er samstundes så mykje meir: Forteljingane er frisk og levande litteratur. Ho skildrar møte mellom menneske med ulike bakgrunnar og hugmål, teiknar opp stemningar og spenningar, slik at vi opplever dei nært. Desse menneskelagnadene er ramma inn i vakre skildringar av natur og vêrlag.


Bolette Pavels Larsen sine forteljingane på sognamål er framifrå døme på munnleg forteljekunst i skrift. Humor har ho òg.


*****

Bolette Pavels Larsen sine bøker er tilgjengelege i digital form på Nasjonalbiblioteket, sjå www.nb.no


Om forfattaren og eit utval av forteljingane hennar:

Bolette Pavels Larsen: Artiklar og forteljingar. Eide Forlag 1997. Presentasjon og utval ved Idar Stegane.


*****


Bolette Pavels Larsen: «Snobberi» (1901, utdrag, henta frå 1997-utgåva)


Eg sete Orde i Gaosauge, fø` d`e eit framandt Ord. Men eg tenkje, meste adle veit kaa Meining da ha. Me seie t.d. um Byfolki, att dei e snobbete, naor dei inkje vil kjennast pao Gatao med ein, dei kjenne, av di Karen e tusknare klædde enn dei e sjøle, og me seie um Landsfolk, att dei e snobbete, naor dei inkje kan bera ei Korg pao Gatao. Tusan Vende i timen kunde da høva te seia, att Folk e snobbete. Va da noke framandt Ord, me kunde ha fornøne taka upp, va da ditta.

(…)


Og no kjeme eg frami endao noke so eg ve rekna føre Snobberi.


Naor Byfolki bur i eit stort Turist-Hotel um Sumaren, dao vil dei no mesta inkje veta um, att dei e Nordmenn. Da e kje fint te vera Nordmann dao, meine dei. Eg ha aldr kunna vore med pao ditta, att me jamt ska hakka pao dei framande Turistandn. Eg ha funne, att vaore norske reisande kan læra fælande mykje ao Utlendingadn.


Kaa ha no ditta seg? Føste og framst da, atte me ha kje noke eige Maol.


I sumar va dar pao Mundals Hotel ein engelsk Student frao Cambridge. Han ska verta Spraok-Vetenskapsmann og studerte Sanskrit. Før te studerea Sanskrit hadde han også lota studert islandsk og gamalnorsk. Da va Moro te sjao, kor glupe han va te lesa Landsmaol. Me la fram Snorre pao Landamaol. Ja – han las lite før seg sjøle – demmed sette han um te engelsk med ein einaste Gaong. Va da eit Ord han stussa pao, fann han snøgt Roti, og dao gjekk da plent so da rann or han. Men la me fram ei Bok pao dansk, riste han berre pao Hove. Eg tenkte med meg – ditta skulde Bysnobbadn sjao.

(…)

Eg vil no inkje snakka um, kor gilde Utlendingadn vart, naor me tok dei med oss te Stødls, og dei fekk eta Rømmagraut, elde naor dei fekk vera med, naor sleke drustele Fjærlendinga, so han Ivar i Vaoteviki, baud oss inn i Hagen sin og me sat pao Forsete attmed Kjedlaren, med han var inne dar og tappa Øl i Kjengi, –

dao va dei snupt lukkeleg og sa, att dei vilde kje vore ditta forutan føre 50 Pund.


Adle store Nationa pla halda pao sitt eige. Berre Nordmenn skamma seg ao sitt eige; sitt eige Maol dessmeir.


Dan Dagen me kunde løysa os or Snobberie, vilde me verta eit større og sterkare Folk.

Comments


bottom of page