LITTERÆR PÅMINNING #7 - MAGNAR RYGG
Gloppen og Nordfjord har ikkje hatt så mange forfattarar som har vist att på den nasjonale litteratur-scena. Men Magnar Rygg viste att, med tre bøker på Det Norsk Samlaget i åra 1973-1982: to diktsamlingar og ei barnebok.
Magnar Rygg vart fødd på Sørstranda i Gloppen i 1948, og døydde i 2000, berre 52 år gammal. Han var utdanna lærar, og var i dette yrket i fleire år: i Giske, Gloppen, Høyanger, Kåfjord, før han gjekk over i administrative stillingar som skulesjef i Kåfjord og pedagogisk konsulent fleire stader i Sør-Noreg. Då han døydde, var han tilsett ved lærarutdanninga i Vestfold, og i ferd med å avslutte ein doktorgrad.
Rygg debuterte i 1973 med diktsamlinga Vårt minutt, og mange av dikta her, og i andreboka berre vi hev oss heim att (1977), krinsar om vårt korte, flyktige liv på jorda – og om kva vi har gjort med planeten vi bur på. Dikta uttrykkjer håp for framtida, men også angst og skepsis andsynes somt av det forfattaren ser rundt seg. Samfunnsendringane på 60- og 70-talet er langt frå berre av det gode. Bygdene vart turistmål og motiv for prospektkort, og ikkje landskap som folk arbeider og lever i. I møte med ei effektiv samtid vart mange gamle verdiar lagde til sides.
I begge samlingane finn vi dikt om forhold mellom menneska, om einsemd og lengslar – men også om livsglede og sterke kjensler. Begge bøkene uttrykkjer eit sterkt medvit om kor viktig det er å leve no, «i vårt evige minutt på jorda».
Måsen som ikkje ville døy (1982) er ei forteljing for barn om då fuglefjellet i Ålesund sentrum vart sprengt vekk. Men dette er ikkje berre ei forteljing om ein måse kalla Krii og ei faktisk hending. Handlinga peikar vidare utover, og kan lesast som ei åtvaring om at positive livskrefter vert truga av destruksjon og miljø-øydelegging. Boka sluttar slik, med ein sterk bodskap:
Det er viktig å vite at det har vore eit Fuglefjell i Ålesund. Og det er viktig å vite at det finst andre fjell, andre elvar eller tre eller hus. Dei er kvar på sin stad noko spesielt. Og alle reknar med at dei alltid skal vere der. Liksom Krii ser vi ikkje – eller vil vi ikkje, torer ikkje sjå – at det er fare på ferde. Derfor skal skriket til Krii lyde gjennom Notenesgata i Ålesund og gjennom sidene i denne boka – utover alle stader som har eit fjell, ei elv, eit hus eller ei gate det er om å gjere å ta vare på.
EIT UTVAL DIKT
KOM –
Kom – Eg vil ta deg med
Til steinbrotet utanfor byen
Der ler historia av oss med sin alder
Og framtida skjelv som sommarlufta over asfalten
DEI BLIR FÆRRE
Det blir færre kvart år som ser etter høgda på skjorereiret og nikkar til kvarandre at jaudå! Ho byggjer høgt i år også, skjora.
Færre som veit at rognen ikkje ber tungt to gonger same året når dei ruslar i hagane og ser ein rimeleg giktavinter i møte
Færre som trakkar molda godt av føtene før dei går inn trygge på ein god sommar fordi dei har sett linerleryggen i åkren
Færre som kjenner reglane og dei gamle merke så godt at dei kan vente med avisa til etter nonsmaten
FØRST
først skulen så livet
først lære så leve
først døy så forstå
SJÅ
Med open skjorte! dansar han på parketten
høgt over forarga strekar frå folkeauge
Og utan sko!
Du kan lese meir om Magnar Rygg og bøkene hans i desse to artiklane:
Ove Eide: «Ei stemme å lytte til. Om Magnar Ryggs forfattarskap», i Ljøren. Sogeskrift for Gloppen, 2004.
Ove Eide: «Magnar Rygg», nettleksikonet allkunne.no