top of page

LITTERÆR PÅMINNING #5 - KARI ARNESTAD

Kari Arnestad (1910-1985) var den andre kvinna med tilknyting til noverande Gloppen kommune som gav ut bok. 37 år etter Malmfrid Lunde (f. Hole) sin roman Skøytebrevet (1942), kom Arnestads samling av dikt: Under Guds regnboge i 1979. Boka vart gitt ut av Eikenes Bok- og Papirhandel i samarbeid med Dreyers forlag.

Kari Arnestad var fødd i Hyen, og voks opp der, i Angedalen og på Hestenesøyra. Faren, Lars Arnestad, var lærar og hadde jobb ulike stader, frå 1919 i Gloppen.

Kari Arnestad gjekk folkehøgskulen på Vereide, og deretter bibelskule i Oslo. Frå 1937 til 1957 var ho reisesekretær i Oppland for Det Norske Misjonsselskap. På grunn av sviktande helse laut ho slutte i denne jobben. Ho tok då vidare utdanning og var sosialkurator ved Hvite Bånds kurhjem i Oslo og ved Risby kurhjem på Dokka frå 1958 til 1961. Då sette helsa stopp for vidare yrkesliv, og ho flytta då til ein institusjon som gjorde livet lettare.

Arnestad omsette salmen «Hvo ene lader Herren råde» til nynorsk. Denne var med i salmeboka tidlegare, men ikkje i den nye utgåva frå 2013.

Kari Arnestads bok høyrer heime i ein litterær tradisjon som har stått sterkt på våre kantar, om enn litt ulikt frå region til region: den kristne litteraturen, med eit tydeleg forkynnande føremål.

I føreordet til Under Guds regnboge skriv Kari Arnestad: Denne vesle boka har vorte til gjennom liding og motgang, og er meint som ei helsing til deg som har røynt det same, men også til medmenneske som er gjeve ein lettare veg.

Vi lever alle under regnbogebrua som Gud har spent over oss. Hans lovnader sviktar aldri, men legg litt av himmelens fargespel over sjølv den mørkaste kvardag.

I Gula Tidend 13.6.1979 skreiv Knut Hauge om diktsamlinga under overskrifta «Kristen kvalitetslyrikk»: Dette er verkeleg fullverdig kristen lyrikk, samla om det sentrale, einfeld og audmjuk i språk og form, og lykkeleg fri for mange gamle religiøse klisjear, men og med ein inderleg tone som fortel at det kjem frå djupet. (…) Det er eit lyrisk talent som har gått gjennom smeltedigelen av motgang og liding, og skapt det om til song.

KJELDER «Kari Arnestad», nettestaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», https://forfattarar.sfj.no/writer/kari-arnestad/

Knut Hauge: «Kristen kvalitetslyrikk», Gula Tidend 13.6.1979

Anne Kristin Aasmundtveit: Biografisk leksikon til Norsk Salmebok og Norsk Korallbok, 1995

bottom of page