Search

LITTERÆR PÅMINNING #6 - EINAR LARSEN REED

Updated: Nov 21

Einar Larsen Reed (1889-1958) er eit spennande namn i flokken av skrivande menneske med røter i Gloppen. Han gav ut berre tre bøker, men dei er kvar for seg interessante uttrykk for ein forfattar med vide interesser.

Einar Reed var lærarutdanna, og var lengste tida lærar i Fluberg ved Randsfjorden. Men han var også i Finnmark eit år, og her fekk han kjennskap til samisk kultur og næringsliv. Desse kunnskapane nytta han i ei av barnebøkene sine.

Einar Reed var gift med nabojenta Eli K. Reed (1893-1963), og i 1927 kjøpte dei tomt og bygde sommarhus på Reed, i «Bakkejølet». Årvisst reiste familien til Breim og budde der to månader kvar sommar.

Einar Reed var ein mangfaldig mann: Han dreiv med treskjering, spelte fele, laga møblar, målte bilde (både landskap og portrett) og dreiv med utstopping av dyr og fuglar. Eitt av dei mest kjende måleria hans er av Gabriel Reed, og heng i ungdomshuset på Reed.

I 1925 gav Reed ut Alf Alfson, eit skodespel i fire akter. Hovudpersonen Alf er presteson og studerer teologi, mest fordi faren ønskjer det. Men Alf ber på ein sterk draum om å bli kunstnar, og bryt med familiens krav om å følgje i farens fotspor. For faren er kunsten ein veg til forderving. Kunst kan ikkje bygge moralsk fotfeste for folk, meiner han, og kan fortelje om fleire i slekta med kunstnargivnad som har gått under i drikk og ulivnad. Men Alf står imot og argumenterer med at vi har plikt til å realisere dei evnene Gud har lagt i ein. Som målar vil han «lære menneskene å se og elske det skjønne».

Parallelt med dette kunstnarmotivet finn vi ei forteljing om kjærleik mellom unge, sterke skildringar av alkoholens nedbrytande kraft og som eit bitema: tru på bondekulturen som historisk kraft. I tredje akt møter vi Alf på setra, i følgje med ei vakker sigøynarjente som har rømt heimanfrå. Men Alf sansar seg, og alt ordnar seg til slutt. Alf vert forlikt med ungdomskjærasten og får gjennom viljen sin – ikkje minst etter at han har fått attest frå kunstlæraren. I denne vert Alf kalla ein av dei mest talentfulle kunstnarane i landet, med ei stor framtid. Alf lovar å ta med seg sentrale verdiar frå faren: Han skal bygge kunsten sin på ein solid moralsk grunnvoll.

I 1948 kom første barneboka, bygt på erfaringar frå året som lærar i Finnmark: Mikke Matti. Med samiske eventyr og sagn. I føreordet skriv Reed om kor viktige dei samiske eventyra og segnene er: Denne diktinga har ein gong vori folket sitt sanne liv, kan ein mest seie. Derfor er det så viktig at dei ikkje vert gløymde i nyare tid. Alle folk har samla på sine gamle eventyr. Gjennom dei lever dei gamle liksom vidare med i folket sitt liv. Ikkje noko gjev oss så godt bilete av fedrane som eventyra, for i dei er det dei sjølve som talar og fortel.

Boka fortel om sameguten Mikke og livet hans på vidda. Inn i denne rammeforteljinga er det lagt eventyr og segner, som dei vaksne fortel. I ei tid med hard fornorskingspolitikk, som etterkrigstida var, skal vi merke oss at Reed løfter fram den samiske kulturens verdi. Vi kan også legge merke til at utdrag frå Mikke Matti kom med i ei tospråkleg lesebok for sameborn, tenkt for 2. til 4. klasse.

I 1955 kom Blåmann bukken min, også dette ei barnebok. Hovudpersonen er Hansemann og beste venen hans, bukken Blåmann. Boka er ei forteljing om Hansemann i kvardag og leik, somme tider med dramatiske innslag – som når bukken dett på elva. Kvardagane har både gråt og gleder, slik som det er i røyndommen. For denne lesaren er det eit høgdepunkt når Reed let barna sin fantasi ta dei over både sjø og land – med Hansemann drøymande seg sjølv i rolla som Espen Askeladd.

Blåmann bukken min gjekk som opplesings-serie i «Barnetimen», eit teikn på at dette var ei bok og ein forfattar som vart lagd merke til.

Einar Reed skreiv også dikt. Midt under andre verdskrigen hadde han «Gauken» på trykk i Firda Tidend (20.6.1943). Det er ikkje vanskeleg å lese teksten som eit dikt om den tyske okkupasjonen: Gauken har stole seg rom i framandt reir: Han stel «ein heim frå odelsborn», og «lever stort i framandreiret sitt». Diktet sluttar med ein tydeleg bodskap – og det var vel få som undra seg på kven som var skarv i 1943: «Men gauken gjel so høgt og stor/ein sumar som han vil./Er ikkje han ein skarv på jord/her er`kje skarvar til.» Sommaren 1945 finn vi diktet «Ei letta verd» i Firda Tidend (31.07.), eit kjenslefylt fridomsdikt:

Kor Verda andar letta no – Ho løystest frå den plaga, som undergrov all fred og ro, og folkelukka jaga.

Ein herskargir, eit herrevald, eit heidenvore vette slo famnen ut, la Verda kald, so berre vondt ein frette.

All lov og trygd nedtrampa låg, all mannahug forskoten. I naudrop heile Verda låg, all fridom gjett på båten.

(…)

Vår livsbåt ut i hardver dreiv, og tyktest vonlaus fara. All heilagdom dei frå oss reiv. Det tyktest evig vara.

Guds kvern, ho mel nok seint og trått, ho tykkjest stundom stogga. - Men atter båten hamna godt, og fekk i logn seg vogga.

Kor Verda andar lett og fri, no etter udådsbråket. Blodet – som løyste bekken stri – sprengjer av skuldrom åket.

Sjel er`kje lenger ånd i haug, atter ho Himlen femner. Takk Gud, for dette fridomslaug. Livet seg atter emner.

(Denne teksten er i hovudsak ein nedkorta versjon av ein artikkel som sto i Ljøren i 2002. Nytt er omtalen av skodespelet: I 2002 var Alf Alfson ikkje tilgjengeleg på noko vis, men no finst heile spelstykket i digitalisert form på Nasjonalbiblioteket sine nettsider, nb.no. Her vil interesserte lesarar også finne dei to barnebøkene.)

0 views

© Pederhuset

Rådavegen 90, 6827 Breim * Pederhusets Vener:  Org nr. 820 529 642 * Kontonr: 3633 57 53024 * VIPPS: 523488 

  • Facebook
  • Instagram - svarte sirkelen